Imponerande tidsbilde
Mihail Sebastian skriv om det å vere innanfor og utanfor på same tid.
Iosif Mendel Hechter (1907–1945) skreiv under psevdonymet Mihail Sebastian.
Foto: Solum Bokvennen
Roman
Mihail Sebastian:
I to tusen år …
Omsett og med etterord av
Steinar Lone
Solum Bokvennen
Mihail Sebastian er forfattarnamnet til Iosif Hechter (1907–1945). Han var rumensk jøde, fødd i byen Braila ved Donau. Om han ikkje kjende Romania som eit fedreland, var han sterkt knytt til denne byen og til regionen Valakia, som han løftar ut av det geografiske og inn i det psykologiske.
I to tusen år … kom ut i 1934. Det er langt på veg ein sjølvbiografisk roman og ein nøkkelroman som fangar inn dei ideologiske straumdraga i tiåret mellom 1923 og 1933, der fascisme står mot kommunisme, sionisme står mot antisemittisme, tradisjon står mot modernitet. I tillegg er jødisk sjølvforståing, jødisk kultur og jødisk identitet viktige innfallsvinklar. Handlinga er i hovudsak lagd til intellektuelle miljø i Bucuresti med ein avstikkar til Paris og til eit konfliktområde med lokale landbruksinteresser mot internasjonal kapital i form av oljeutvinning.
Høgreorientert
Som ung student kjem forteljaren til Bucuresti og blir fort trekt mot professor Ghita Blidarus førelesingar kring økonomisk historie, matematikk, logikk og religion, og modellen for professor Blidaru er den karismatiske filosofen Nae Ionescu (1890–1940), som hadde ein svært sterk posisjon innanfor intellektuelle og litterære krinsar i hovudstaden. Politisk trekte han meir og meir mot ytre høgre, med den fascistiske Jerngarden som sentrum, og dei antisemittiske synspunkta hans kom til uttrykk i klartekst i det skandaløse forordet han skreiv til I to tusen år …
Sebastian var også høgreorientert, og sjølv om han og familien var assimilerte jødar, var han sterkt opptatt av jødisk historie, som han oppsummerer «i vekslingen mellom massakre og fred, som er det jødiske livs puls». Han ser for seg at «han må miste vanen med å lide, han må miste smertens kall». Samtidig er Blidaru og meiningsfellane hans opptatte av å finne «løsningen av det jødiske problem i Romania (…) fra et politisk, et sosialt og et økonomisk synspunkt». Blidaru seier det rett ut: «Kanskje tråkker du ned en del ting – de svake. Men du gjødsler de andre.»
Det er verdt å minne om at romanen kom ut i 1934, lenge før holocaust og det industrielle folkemordet. Sebastians bragd er at han så klartenkt og analytisk viser oss kimen til det forferdelege som skulle komme.
Ulike stemmer
Det er ulike stemmer som kjem til orde i denne samansette romanen, og utan å polemisere viser Sebastian oss antisemitten som hatar jødane som folkegruppe, men som godtar jødar som einskildindivid. Denne logiske gleppen finn han også hos dei mest klartenkte blant sine eigne venner. Han peiker også på at livsoppfatninga til jødane er grunnleggjande forma av gettoen og livet som utstøytt, og han gir ei vakker skildring av urjøden gjennom Abraham Sulitzer, boksamlaren som ber med seg dei lange linene i jødisk historie, ikkje minst gjennom eit varmt forsvar for jiddisk kontra hebraisk, «et språk uten annet fedreland enn ghettoen». I ettertid veit vi korleis det gjekk med det jiddiske språket.
Dei rumenske jødane blei ikkje utleverte til Nazi-Tyskland. I staden skulle Romania sjølv løyse «jodeproblemet» gjennom konsentrasjonsleirar og rasistisk lovgiving, og da krigen kom, blei det gjennomført massedrap på jødar over heile landet. Rundt ein halv million blei myrda eller døydde av mishandling og underernæring. Edgar Hilsenraths djupt skakande roman Natt utspeler seg i gettoen Mogilov-Podelsk heilt på grensa til Ukraina, der Hilsenrath sjølv var internert mellom 1941 og 1944.
Det er også verdt å minne om Mihail Sebastians Dagbok 1935–1944 (på svensk 2019), utgitt i Romania først i 1996. Det er ein murstein på 650 sider som også har blitt samanlikna med Viktor Kemperers dagbok frå Dresden: Jeg skal vitne til siste stund (Gyldendal 1999). Begge bøkene blir ståande som monumentale verk om kvardagslivet til jødane under nazismen både før og under krigen.
Eg er oppriktig glad for at I to tusen år … endeleg kan lesast på norsk, for romanen er til å bli klokare av og eit vesentleg bidrag til å forstå ei ikkje altfor fjern fortid. Han kan også lesast som ei åtvaring om at historia aldri må gjenta seg.
Mihail Sebastian døydde i ei trafikkulukke i Bucuresti 29. mai 1945.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg er oppriktig glad for at I to tusen år … endeleg kan lesast på norsk.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen