Inga slagmark
Geir Olav Jørgensens sjette roman blir dessverre ei kvilebok.
Geir Olav Jørgensen skriv om eit rastlaust og omflakkande liv på loffen.
Foto: Arne Bru Haug
Roman
Geir Olav Jørgensen:
Slagmark
Kort rapport fra underskogen
Cappelen Damm
I Geir Olav Jørgensens nye roman Slagmark kan lesaren følgje med forteljaren Torgrim Eik på hjortejakt ein stad på Vestlandet. Handlinga går over eit par dagar med tilbakeblikk på eit rastlaust og omflakkande liv på loffen rundt i Europa. No har han slått seg til ro med kone og to ungar, men han treng framleis luft under vengjene når trykket heime blir for stort. Da tyr han til minne, til jakt og kanskje ei dame på si.
Enkel og eigenrådig
Torgrim Eik verkar å vere ein enkel og eigenrådig kar, praktisk, jordnær og nokså mannssjåvinistisk i tankegang og haldningar både i den vesle og den store verda han lever i. Dette drar etter seg bastante og klisjéaktige resonnement som «Kvinna er den som ser. Kvinna kjenner alt, på eit indre nivå, velsigna som ho er med den intuitive innsikta.» Eller mens han er på jakt: «Mennesket er det skumlaste rovdyret»; liksom ein ikkje visste det frå før. Og hakket verre: «Han liknar ein norrøn nazist, med heilskjegget og den pinnkorte frisyren, barbert i nakken. (…) Det var lite å seie på smaken deira, når det gjaldt snitt, det kan alle sjå. Med sans for estetikk. Dei hyra dei rette folka på design.»
Greitt nok, Torgrim Eik er ei enkel sjel, og dersom det er Jørgensens intensjon å vise det, har han lukkast. Samtidig ber Torgrim Eik ei maske som han sjølv gjer greie for: «Grim tyder mann med maske eller hjelm. Maska er imaget hans. Den sivile mannen som tok bustad i han, utanpå den som han eigentleg er.»
Da spørst det kven Torgrim Eik eigentleg er.
God og detaljorientert
Og slik eg les han, er han ein av desse som søker tilbake til rotfeste og slekt på ein gard som for lengst er nedlagd, men enda er i bruk som fritidseigedom. Dit reiser han, og der les han gamle dagbøker og brev, ser bilde frå langt tilbake, oppsøker tomtene i nabolaget og serverer overleverte historier om dei som budde der ein gong. På det nivået er romanen god og detaljorientert.
Tittelen Slagmark lovar meir enn innhaldet gir dekning for. Torgrim Eiks familieliv er inga slagmark, verken fysisk eller mentalt, og andre slagmarker blir det berre ymta om: Vietnamkrigen, andre verdskrigen og krigen mot terror. Det blir noko halvhjerta og retningslaust over det heile, og dama han har på si, blir det heller ikkje nokon action med.
Eg skulle ønske at Jørgensen kunne finne tilbake til den frigjerande og fabulerande galskapen som han så suverent skreiv fram i debutromanen Mono frå 2006. Det nivået er han ikkje lenger på.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tittelen Slagmark lovar meir enn innhaldet gir
dekning for.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.