JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Inne i bobla, utanfor seg sjølv

Senteret er ein stilrein og velkomponert roman om eit liv på mellombels tomgang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Victoria Durnak er eit forfattarnamn å merke seg.

Foto: Heidi Furre / Flamme Forlag

3700
20170505
3700
20170505

Roman

Victoria Durnak:

Senteret

Flamme Forlag

Elsa er ei ung kvinne som har reist frå Oslo til Skien med ei nyfødd dotter, eit barn laga i vanvare, eller som det står i romanen Senteret av Victoria Durnak: «En ulykkelig konsekvens av en London-tur for å feire et halvt år sammen med en dust.» Elsa er mutters åleine med barnet, småbarnsmutters, og ho vil korkje ha dette ansvaret eller dela det med nokon. Barnefaren, ein viss – eller snarare uviss – H. Tangen, vil ikkje vita av nokon av dei.

Namnlaus

Elsa får dagane til å gå med å trilla ungen i barnevogn fram og attende gjennom Herkulessenteret i Skien, der ho observerer kundar, dagdrivarar, naskarar og tilsette. No og då prøver ho å få kontakt med folk, utan noko tydeleg motiv, då verkar ho stundom litt vel desperat og pågåande, men for det meste vil ho vera for seg sjølv. Ho fantaserer til tider om at barnet skal verta kidnappa, og eit par gonger går ho vekk frå barnevogna, der ungen ligg, namnlaus og så å seie identitetslaus. Ja, kva skal vel barnet heita? Ei stund tenkjer Elsa at Japan kunne vera eit bra namn, og seinare gruvlar ho litt på namnet Unik i ymse staveformer, som Unique eller Uniq, men ho veit også at dette er eit namn som har vorte populært i USA, helst mellom folk med avgrensa ressursar, og då fell mykje av poenget med namnet bort.

Det skjer ikkje mykje av stor dramatikk i denne romanen, men det gjer samstundes at det vesle som finst, får sterk verknad. Kven er den mystiske mannen i korte bukser som ho ser dagstøtt, og kva er det eigentleg med den einaste ho vert bra kjend med, naskejenta Tiril? Og vil ungen nokon gong få eit namn? Kjem ho til å heita Eple, til dømes?

Spennande

Sjølv utan eit drivande plott er Senteret ein spennande roman. Men først og fremst er han eit stykke unique skrivekunst. Boka har ei særeiga stemning, Elsa registrerer nøkternt alt ho ser, ho er observant, ho skildrar ting, dette er så å seie ein tingroman, og lesaren er heile tida inne i hovudet til hovudpersonen, i hennar tette boble. Og samstundes er Elsa utanfor seg sjølv. Ho observerer seg og sitt kjenslelaust, også barnet ser ho slik. Ho er pliktoppfyllande, men berre som ei samvitsfull barnevakt. Durnak får såleis til å skildra ein depresjon innanfrå, slik han er heile tida, også når hovudpersonen ikkje tenkjer på at ho kanskje er råka av ein depresjon. Lesaren får sjå nokre meiningsutvekslingar frå ei nettside der unge mødrer deler røynsler, og mange spørsmål om barseldepresjon dukkar opp. Lukkelegvis finst det no ei bok som kan gje andre som lurer på det same, svar på mange slike spørsmål: romanen Senteret av Victoria Durnak.

Kunst

Teksten vekslar mellom skildringar av daglege gjeremål, oppramsing av fenomen og handlingar, meldingar på nettet, samtaler hovudpersonen høyrer i forbifarten og stutte telefonsamtalar med ein eller annan me ikkje får vita noko om, og romanen står såleis fram som eit tekstunivers utan påfunn, intrigar og dikting. Alt verkar autentisk og plausibelt, men metoden og den konsekvent kjenslelause, konstaterande stilen lyfter boka frå det private til eit stykke kunst som utvidar erkjenninga til lesaren, sjølv om han eller ho eller hen ikkje deler konkrete røynsler med hovudpersonen. Senteret er såleis ein vellukka roman, gjennomtenkt i stil og komposisjon, heilt frå font og sideoppsett, og lesande folk gjer vel i å merka seg namnet Victoria Durnak. Og det skulle no ikkje vera så vanskeleg.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den konsekvent kjenslelause, konstaterande stilen lyfter boka frå det private til eit stykke kunst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis