Innertiar frå Hiorthøy
Det er det smarte og originale som pregar det meste av det Kim Hiorthøy leverer.
Kim Hiorthøy er utdanna biletkunstnar og har lang fartstid som grafisk designar og illustratør, men arbeider også med musikk, koreografi og film.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tekstar
Kim Hiorthøy:
Knivtid
Oktober
Kim Hiorthøy (f. 1973 i Trondheim) debuterte for tjue år sidan med den tynne tekstsamlinga Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig, ein bunke korte, naivistiske og absurde innfall som han serverte på ein overraskande og finurleg måte. Boka fekk ein slags kultstatus, og ho blei trykt opp igjen for ikkje lenge sidan. No er Hiorthøy ute med ei bok der han går vidare frå der han var for tjue år sidan. Men han har ikkje stått stille i mellomtida; han har etablert seg som ein ettertrakta illustratør og musikar i samarbeid med blant andre Erlend Loe og rockebandet Motorpsycho, og han har mottatt fleire prisar for sin eigen musikk.
Samtalar
Knivtid består av 50 tekstar som er mellom ei halv side og sju–åtte sider lange. Dei har ikkje tittel, anna enn i indeksen bak i boka, der enkelte har fått ein original tittel, medan andre har fått namn etter dei første orda i forteljinga. Indeksen går over to sider, med 25 titlar på den eine sida og 24 på den andre – totalt 49, med andre ord. Kor har Hiorthøy da plassert den 50. teksten? Jo, på den sida dei fleste av oss blar fort forbi, kolofonsida, med lita skrift. I denne teksten blir både ei kaotisk framside og ein ryddig bokrygg forklart gjennom historia om ein knust kopp som blir limt saman med orda «kniv» på den eine halvparten og «tid» på den andre. Det er smart og originalt gjort, og det er det smarte og originale som pregar det meste av det Kim Hiorthøy leverer.
Tekstane er gjerne bygde opp som samtalar mellom to eller fleire i forteljingar som går i alle retningar, utan avsnitt eller lesepausar, styrte av fantasien, det absurde, det surrealistiske og det tilfeldige, leikent gjort, oppfinnsamt, poengtert, ironisk, og ikkje minst utruleg morosamt. Vi møter ei kvinne som syklar ut av byen om natta for å møte ei grop, og ein mann som betaler for å få pryl. Det er forvekslingar og rollebyte undervegs, det er historier som renn ut i ingenting, og det er forteljingar om det å skape ei forteljing, gjerne konsentrert kring kunst, litteratur og kreativitet.
Lesaroppleving
Vi møter Agnes som lagar kunst av ingenting eller av seg sjølv, og alt ho gjer, blir ein del av verket. Liknande harselas finn ein i møtet med ein forfattar og ein forlagsredaktør: «Siden jeg ikke hadde noen god idé til en ny roman, bestemte jeg meg bare for å skrive den samme om igjen.» Like eins om ein prosjektsøknad til Rådet, ein søknad det tar fem år å forme ut og levere som eit billass med papir, og som det tar fem år å få svar på – igjen eit billass med papir.
Eller forfattaren som gjerne vil skrive vesentleg samtidslitteratur, men som slit med å formulere seg: «Rutt unna fosset storkjukken inni raula.» Ein anar kanskje Harald Heide Steen i bakgrunnen, slik Hiorthøy også kan lene seg mot Erlend Loe og kanskje også mot den nesten gløymde Ernst Orvil, men framfor alt er Knivtid eit djupt originalt og underhaldande verk som leiker med språk og komposisjon på ein måte vi sjeldan ser i norsk litteratur. Ei lesaroppleving, rett og slett.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Knivtid eit djupt originalt og underhaldande verk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.