Intoleransens uransakelege vegar
Janne Haaland Matlary skisserer verdikonservative svar på utfordringane i demokratiet. Overraskande peikar dei mot mindre demokrati.
Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo.
Foto: Kagge Forlag
Sakprosa
Janne Haaland Matlary:
Demokratiets langsomme død. Den nye intoleransen
Kagge Forlag
Janne Haaland Matlary skisserer verdikonservative svar på utfordringane i demokratiet. Overraskande peikar dei mot mindre demokrati.
Det største problemet for demokratiet og den offentlege samtalen er ifølge Matlary det ho kallar «relativismens grep», eksemplifisert med «wokebevegelsen», «cancel culture» og ein venstreradikal identitetspolitikk. Denne relativismen har fått spreidd seg på grunn av ein mangel på forståing av kva mennesket er, og fråvær av det sanne, det «objektive» og det «pre-politiske».
For å sikre demokratiet vil ho difor attskapa ein samfunnsorden basert på eit «objektivt menneskesyn» og ei «sannhet» som set grenser for politikk. Inspirasjonen hentar Matlary frå «naturretten» – ei rettslære basert på ei menneskeforståing utvikla i antikken, vidareutvikla av teologar i mellomalderen og i dag knytt til den katolske kyrkja, og som legg til grunn eit lovsamsvar om kva mennesket er. Det er altså noko som ikkje er forhandlingsbart.
Uforanderlege rettar
Det er mellom anna i denne samanhengen at Matlary er ein sterk forsvarar av menneskerettane og meiner dei må fungera som rettesnor og innramming av private og politiske liv. Desse rettane er «medfødte, umistelige og uforanderlige» og gjeld for alle. Dei kan altså ikkje tolkast. Dei ligg fast.
Her er vi ved ein kjerne i det ho meiner er utfordringar i samtida, nemleg utbreidd «politisk lesning» av menneskerettane. Ho vil tilbake til ei meir «bokstavtro» lesing. Det betyr til dømes at alt liv er heilagt (les abort), at foreldreretten inneber val av skular som ikkje bryt med det foreldra meiner er sant, og at familien beståande av mann og kvinne utgjer den naturlege og grunnleggande eininga i samfunnet.
Matlary meiner menneskerettsfråsegna er eit «naturrettsdokument» og ikkje «gitt av politikerne», men «oppdaget» gjennom «menneskelig fornuft». Fråsegnene er derfor «apolitiske, fordi de ikke er politisk vedtatt, men en konsekvens av mennesket natur». Men, viss dei er ein konsekvens av naturen til mennesket, kvifor oppstod dei i 1948 og ikkje 1648? Oppstod desse rettane i eit historisk og samfunnspolitisk vakuum?
Ufullstendige analysar?
Matlary vil rulla tilbake det ho kallar ei «politisering» av «privatsfæren» (familie, rett til liv, religion og privat økonomi). Ho meiner at vi ikkje kan «politisere det som i sin natur ikke er politisk». Kva er ikkje politisk? Jo, rett til liv (abort), seksualliv, kjønnspolitikk og familien. Men har ikkje desse spørsmåla alltid vore «politiserte», berre på ein meir intolerant måte?
Ho meiner rasjonalitet og logikk må rå, samtidig bevegar ho seg langt inn i sfæren til trua. Ho er imot den sterke normative makta til internasjonale organisasjonar, men er samtidig sentral i den katolske kyrkja som sender ut normative dekret til 1,3 milliardar menneske. Matlary meiner «moralisme» blir brukt som hersketeknikk, men fremmar ho ikkje sjølv ei form for moralisme og «meningsekskludering»? Vil ho ikkje erstatta «politisering» med ei slags «religionifisering»?
Ho er imot «politisk korrekthet», men innfører vel ein ny sjølv? Ho argumenterer mot venstreradikal identitetspolitikk, men gløymer høgreradikal identitetspolitikk («white supremacy»). Møter ho ikkje samtidas «cancel culture» med ein annan «cancel culture»? Ho åtvarar mot at demokratiet blir svekt, men vil ho ikkje sjølv avgrensa demokratiets og politikkens nedslagsfelt – og dermed bidra til å umyndiggjera oss menneske?
«Majoritetskultur»
Matlary meiner «majoritetskultur», som består av eit lands historie, språk og kultur, er lim i samfunnet og noko alle må ha eit forhold til. Få er vel usamde i det. Men er «majoritetskultur» statisk – er han ikkje annleis i 2022 enn han var i 1822? For henne er «majoritetskulturen» kristen, men er han ikkje meir sekulær i dag?
Ho vil ha meir diskusjon om «nasjonal identitet» og «nasjonalt fellesskap», men slår samtidig fast at alle menneske er «like som politiske borgere» og at dette er «grunnlaget for det nasjonale fellesskapet hvor de vestlige verdiene kommer foran de nasjonale». Korleis dette blir knytt til ein «dypere» nasjon og «kriterier» for tilhøyrsle til ein nasjon, er uklart.
I boka viser ho til «vårt forsvar», der ein skal «sette livet til hvis nødvendig – for konge og fedreland – altså for nasjonen Norge». Ho meiner at «ingen norske soldater kan sendes i utenlandstjeneste fordi de kun er forpliktet på det nasjonale». Men viss eit Nato-land blir angripe og «trykker på artikkel 5- knappen», skal ikkje Noreg då gjera noko? Er ho imot Nato?
Ho slår fast at «den store forskjellen på et demokrati og et diktatur, er rettsstaten», men samtidig meiner ho at det juridiske har fått for mykje makt. Ho berre konstaterer at den ungarske statsministeren, Victor Orban, ikkje vil ha eit «liberalt demokrati», men eit «illiberalt» eller «kristent demokrati», men utan at ho problematiserer kva det betyr. Kvifor?
Lys frå mellomalderen
Matlarys kjelde til lys er lesinga av antikkens filosofar og teologar i mellomalderen. Opplysingstida og deira filosofiske straumdrag, som la grunnlaget for forståinga av at menneske kan forma si eiga framtid, er fråverande. Ho nemner rett nok Locke, Hume og Kant over halvanna side, men det er berre for lettvint å avvisa dei som irrelevante med tanke på samtidas utfordringar.
Når ho framhevar «definisjonen på mennesket ut fra dets rasjonelle evne», så vart ikkje denne definisjonen laga av opplysningsfilosofar. Nei, menneskets rasjonelle evne vart ifølgje Matlary definert i antikken og i mellomalderen. Indirekte seier ho at opplysingstidas filosofar var relativistar. Tenking frå tida etter mellomalderen verkar «cancelled».
Boka er godt skriven og lett å lesa, men teksten er òg vanskeleg og kontroversiell. Matlary har fleire gode observasjonar, men analysane verkar mangelfulle eller ufullstendige. Forlaget skriv at boka er ein «lærerik brannfakkel». Tja, det er lærerikt å komma tettare på korleis verdikonservative katolikkar ønsker å innretta livet og samfunnet vårt, men det er ingen brannfakkel.
Tarjei Skirbekk
Tarjei Skirbekk er idéhistorikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er godt skriven og lett å lesa, men teksten er òg vanskeleg og kontroversiell.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.