Ja er sølv, nei er gull
Det er bra å kunne seie ja, men viktigare å kunne seie nei.
Kari Stais bøker om Jakob og Neikob er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.
Foto: Kari Svanberg
Biletbok
Kari Stai:
Jakob og Neikob. Stormen
Det Norske Samlaget
Her er dei igjen, radarparet Jakob og Neikob, i si sjette bok. Denne gongen insisterer Kari Stai meir på bodskapen sin enn i dei tidlegare bøkene. Vi ser det allereie på tittelbladet, der dedikasjonen til Greta Thunberg står øvst på sida.
Tidleg i forteljinga møter dei to venene på Spinnvill, som kan lage alt mogleg på fabrikken sin.
– Berre sei frå kva de manglar, i morgon også, seier Spinnvill når dei dreg heim frå fabrikken med bilar fulle av alt mogleg i kveldinga.
I oppslaget ser vi ein lang kø med rosa bilar fulle av godteriliknande greier i kunstige fargar stable seg opp bakken.
Nyttar kontrastane
Ei god barnebok gjev lesaren ei oppleving med det same og ei røynsle som varer.
Kari Stai utnyttar kontrastane og lukkast med begge deler. Jakobs ja sørgjer for å få historia til å setje fart og utfordringane til å vise seg. Neikobs nei peikar på tolkingsrom, opnar språket og koplar på ettertanken. Dialogen mellom dei to gjer at utvalde ord kan få ny tyding for lesaren, ei tyding som kan skape undring og refleksjon. Slik er det når Stai snur og vender på omgrepet «ingenting» – som viser seg å vere ein veldig viktig ting.
Noko på hjartet
I alle bøkene er botnlinja den same: Det er vel og bra å kunne seie ja, men langt viktigare å kunne seie nei.
Sjølv om miljøbodskapar knytte til bruk og kast, plast og forsøpling er tydeleg formidla, har boka til felles med dei fem andre at ho også har noko på hjartet som vedkjem det indre, mentale miljøet vårt. Kva er det vi manglar? Ingenting. Ingenting er boltreplass og pusterom. Ingenting kan vi lage dersom vi veit kva slags knappar vi ikkje skal trykke på. Det veit Neikob – og lesarane hans.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.