«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
Roman
Peter Flamm:
Jeg?
Omsett av Ute Neumann
Cappelen Damm
Erich Mosse (1891–1963) var tysk jøde, lege, psykiater og forfattar som i 1933 flykta frå naziregimet til Paris og seinare til USA, der han tok namnet Eric P. Mosse. Før det hadde han gitt ut fire romanar i Tyskland under psevdonymet Peter Flamm.
Debutromanen Jeg? frå 1926 vekte oppsikt i samtida, før han blei meir og mindre gløymd fram til no, nær hundre år seinare, da romanen kom ut på nytt i Tyskland og fort blei seld til ti andre språk.
Antikrigsroman
Jeg? er ein antikrigsroman som går rett inn i trauma, framandkjensla og det øydelagde menneskesinnet til ein som har overlevd skyttargravskrigen på vestfronten ved Verdun i 1916. Forteljaren forklarer seg for ein slags rettsinstans, men det er heile vegen uklart kven han er: Er han legen Hans Stern som fall på krigens siste dag, eller er han bakarsveinen Wilhelm Bettuch som stal passet til den falne?
Kor som er, han kjem heim til kona Grete, til mora og gamle venner, og til hunden Nero, men hunden vil ikkje kjennast ved han, og heile vegen spør han seg sjølv kven han er: «Jeg er ikke sinnssyk, eller jeg vet ikke. Men jeg har ligget i jorden i ti år, lemmene mine har råtnet, knoklene mine er grått pulver, pusten min – jeg har ikke lenger noen pust. Alt er stille. Alt er over. Jeg ligger i jorden, ved Verdun, der oppe står ruinene av Douaumont, vinden stryker over forlatte graver, forlatt jord, forlatte døde.»
Og seinare i denne hektiske, schizofrene og konspiratoriske monologen kjem ei form for vedkjenning, utan at ting blir klarare for lesaren eller for forteljaren: «Jeg, jeg, jeg, det er en annen som er meg, jeg er den andre, den døde, som nå lever, ansiktet, kroppen er en annen, musklene, kjøttet, tarmene, hjernen og sjelen. Ikke meg? Ikke lenger mitt? Er jeg ikke lenger meg? Den som ser med øynene mine, som kjenner med fingrene mine, tankene mine, mine egne tanker – ikke lenger mine?»
Krigstraume
Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri, og lesaren blir i tvil om kva som er draum, stilt opp mot kva som verkeleg hender. Når romanen vender tilbake i dagens samfunn, er han eit tydeleg vitnesbyrd om kva krigstraume faktisk er, for krig produserer invalide, ikkje berre fysisk, men også mentalt.
I 1959 var Erich Mosse tilbake i Tyskland på ein PEN-konferanse i Frankfurt, og i eit tilbakeblikk og eit tillegg til sjølve romanen Jeg? skriv han om si tyske fortid før 1933, før «Tysklands moralske sammenbrudd», og han skriv om møtet med Forbundsrepublikken at «jeg merket meg med avsky at tidligere nazister satt i de høyeste maktposisjoner, (folk med) en hensynløs, arrogant og høyrøstet atferd». Han heldt talen til PEN-konferansen på engelsk.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.