JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kåt og aleine

Mühleisens roman tar opp tabuiserte tema utan å lykkast heilt litterært.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wenche Mühleisen tek modig opp tabutema.

Foto: Rolf M. Aagaard

3720
20200612
3720
20200612

Roman

Wencke Mühleisen:

Redd deg selv, lille hjerte

Gyldendal

Norsk-austerrikske Wencke Mühleisen har gjort seg kjend i den norske ålmenta på mangslunge og uredd vis gjennom fleire tiår, mellom anna som performancekunstnar og som kjønnsforskar. Dei siste åra har ho flytta ein del av forskinga over i fiksjonsprosaen og fått mykje åtgaum for bøkene sine. Denne siste utgivinga har ein aktuell og interessant tematikk, men lykkast berre delvis som roman.

Når begjæret dør

Erika og Jan har vore saman sidan dei var nitten år, no er dei midt i sekstiåra. For mange år sidan var Erika utru mot Jan. Dette oppdaga Jan, og det førte til ei krise i samlivet. Dei kom seg vidare, men sexlivet har i mange år vore labert. Erika saknar erotikken sterkt. Ho trur Jan gjer det same, men at han har nokre stengsler i seg som gjer det vanskeleg å opne opp. På ei feriereise til Trieste i Italia forsøker Erika å ta opp problemet i håp om at dei endeleg skal kome nærare kvarandre igjen. Det motsette skjer: Jan kan fortelje at han slett ikkje lever eit sexlaust liv. Han har ei anna dame, ei yngre elskarinne. Erika går i svart.

Dette hender tidleg i romanen, og resten av teksten er vigd Erikas sjalu fantasiar kring forholdet til Jan og den yngre Marie – og særleg det seksuelle. Som det opplyste paret Jan og Erika er, oppsøkjer dei parterapi, utan at det hjelper nemneverdig – i alle fall ikkje til å byrje med.

Modige Mühleisen

Wencke Mühleisen har òg tidlegare demonstrert at ho ikkje er redd for å gå inn i tema som sjeldan blir snakka eller skrive mykje om. Sjølv i ei tid der mykje rundt samliv og nære relasjonar kanskje er «ferdigsnakka» og gjennomanalysert, og dei fleste ser på seg sjølve som frigjorde menneske, finst det tabu, som manglande lyst hos menn eller begjær og lyst hos eldre menneske, særleg kvinner. At eldre menn finn seg yngre damer er inga nyheit, men ikkje så mange talar høgt om alle damene som då blir sitjande utan mannleg sexpartnar.

«For kvinner etter midtlivet er det største problemet ikke mangel på lyst, men mangel på tilgjengelige partnere. (…) horder av middelaldrende og eldre kvinner med liten mulighet for kjærlighet eller sex, fordi utvalget av potensielle mannlige partnere statistisk sett skrumper drastisk inn for hvert år».

Mühleisen stansar ikkje der, ho trengjer djupt inn i både aktuelle og heilt essensielle problemstillingar kring lyst og sakn som gjeld båe kjønna. Korleis innverkar dei aller tidlegaste erfaringane våre når vi spelar ut nokre av dei aller sterkaste kjenslene vi har? Korleis bergar vi kjærleiken?

Forfattaren viser seg på ny som ein klok og reflektert intellektuell når ho brukar forskarbakgrunnen sin i ein sterk vilje til å undersøkje røynda og utfordre vedtekne sanningar. Ein roman har likevel andre premiss, og forfattaren får ikkje heilt til å skape ei soge som er rik nok litterært til å setje seg i kjenslene til den som les. Med hovudet forstår eg godt at Erika er fortvila og rasande, men teksten lever ikkje nok til at eg verkeleg føler med henne. Det går dessutan på truverdet laus når det intense raseriet liksom berre fislar ut mot slutten. Personane rundt Erika er til dels flate og replikkane noko stive. Innimellom glimtar Mühleisen til med eit meir sanserikt språk, men mange av setningane har eit heller uelegant og tørt preg.

Ein blir altså ikkje så sterkt gripen av Erika og Jans kjærleikshistorie, men ein får mange tankar. Eg heiar på Mühleisen og håpar ho kan jobbe meir med det litterære neste gong.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Forfattaren viser seg på ny som ein klok og reflektert intellektuell.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis