Kharon ved fjorden
Dei døde har det etter måten bra i den nye boka til Frode Grytten.
Frode Grytten har vunne fleire litteraturprisar, og bøkene hans er omsette til 17 språk.
Foto: Helge Skodvin
Roman
Frode Grytten:
Den dagen Nils Vik døde
Forlaget Oktober
Sjøen er ein relativt driftssikker veg, han vert sjeldan stengd av ras. Bur ein ved ein fjord der snø og stein tidt kjem deisande ned, er det difor godt om einkvan har ein skyssbåt.
Det har Nils Vik i den nye romanen til Frode Grytten hatt i alle dei år, men no er det snart slutt, han legg ut på den siste ferda si, etter å ha brent madrassen sin, han hadde vel ingen bruer, han, som var skysskar.
Med på reisa er det taleføre gjenferdet av hunden Luna, og etter kvart stig for lengst døde passasjerar frå livet til Nils Vik om bord. Dei fleste ser ut til å ha det etter måten bra, og dei er ikkje løyste frå røyken på den andre sida, dei dampar i veg på sigarettar som aldri før, medan dei fortel både om livet og døden.
Minneferd
Dette er ei reise gjennom minnet, assistert av loggboka der Nils Vik har notert kort, men godt om stort og smått, og det høver for den durkdrivne novellisten Grytten, av di forteljingar frå utsida av livet til hovudpersonen høyrer heilt naturleg til i tekstmassen, der den eigentlege handlinga kan, med eit elendig naudrim, skildrast slik: Ein gamling styrer båten sin ut ein fjord, og det vart det siste han gjord’.
Nils er ein mild versjon av ferjemannen Kharon, som skal ha vore heller beisk av seg, truleg av di det var ein skitjobb han hadde, med totalt fråverande HMS og tilsetjing utan fri i all æve.
Men dei døde i båten til Nils Vik, dei kjederøykande skrømta som ikkje skremmer, skal ingen plass, heller ikkje Luna, såleis er ikkje likskapen med Kharon altfor påtrengande, og Luna er ikkje ein psykopomp i mytologisk forstand, altså ein los over til ei ny stode for sjela, men heller ei psykologisk utgåve av same fenomen, på eit vis ein formidlar mellom ulike nivå i sinnet. Men mest av alt er ho til stades av di det er litt artig.
Mykje av det Nils Vik minnest, har å gjera med hans eiga soge, særleg samlivet med kona Marta, som både var eit grepa kvinnfolk og ei han ikkje fekk heilt grep om. Ho er for det meste truverdig, som Nils sjølv, men båe vert litt stereotypiske når dei er i affekt, i konfrontasjonar boka hadde klart seg betre utan. Der seier folk endåtil noko i nærleiken av det dei meiner, så eg forstår at dei har ein annan kultur der inne i fjordane, og at det finst andre måtar å handtera konfliktar på enn å vika unna og rekna med at det på ein måte anten skal gå fram av seg sjølv kva ein tykkjer, eller at det heile skal gå over.
Sagt annleis: Eg saknar litt meir skam i denne romanen. Eitkvart som til dømes hindrar Nils i å spørja yngstedottera om ho har p-piller med seg når ho reiser heimanfrå.
Fine forteljingar
Men her er mange fine forteljingar om folk som har reist med båten, mellom anna om den strikse lærarinna som kom til bygda av di ho forelska seg i ei kvinne der, og hendingar frå livet til Nils, der det til og med ser ut til å vera ein liten honnør til ein av dei mange som i år ikkje fekk Nobelprisen i litteratur, nemleg Dag Solstad, for første gongen Marta kjem heim til Nils, har ho sykla tvers over fjorden.
Romanen er også ei reise i vestlandsk natur, og Nils er ein sympatisk kar som ikkje alltid får som fortent, men sjølv om det ikkje står i boka, kan ein vona at den smellvakre kvinna som prøvde seg på Nils, på ei skyssreise i utide, utanfor soga summa seg og gjorde ein annan ei beine, som bot for bortgløymd betaling.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.