Kjell – ein ny klassikar?
Illustrasjon: Marianne Gretteberg Engedal
Biletbok
Marianne Gretteberg Engedal:
Pølsetjuven
Samlaget
Etter ein vinter der ordskiftet om bøker og litteratur har krinsa kring kva som er kopi og kva som er kunstnarleg inspirasjon, gjev det ei kjensle av regn over tørr mold å lese Marianne Gretteberg Engedals forfriskande biletbokdebut.
Engedal er så langt mest kjend gjennom Instagram-kontoen «Skinkeape». Femti tusen følgjarar set pris på dei lubne, snåle figurane hennar. I Pølsetjuven står desse figurane fram som det mest påfallande ved originaliteten i boka.
Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Visst minner scenografien om Kardemommeby, men berre som ein fjern, gammal slektning.
– Kvifor stel me, eigentleg, spør niåringen ved frukostbordet.
Familien prøver seg med fleire tvilsame forklaringar, før dei slår fast: Alt kan og må stelast.
Kjell drøymer om noko anna. Om han ikkje hadde vore tjuv, kunne han tenkt seg å vere hestetemjar, brøytebilsjåfør eller grønsaksbonde.
Både huset, interiøret og kleda til Kjell og familien er i svarte og kvite fangedraktstriper. Denne markøren er tradisjonell og tydeleg, men også dei andre familiane i byen har sine særmerke. Det kan vere underlege hovudplagg, klesdrakter eller frisyrar. Når alle ungane møtest på skulen, er det eit mylder av fargar og former i oppslaget. Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før.
Bodskapen, derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Biletbok
Marianne Gretteberg Engedal:
Pølsetjuven
Samlaget
Etter ein vinter der ordskiftet om bøker og litteratur har krinsa kring kva som er kopi og kva som er kunstnarleg inspirasjon, gjev det ei kjensle av regn over tørr mold å lese Marianne Gretteberg Engedals forfriskande biletbokdebut.
Engedal er så langt mest kjend gjennom Instagram-kontoen «Skinkeape». Femti tusen følgjarar set pris på dei lubne, snåle figurane hennar. I Pølsetjuven står desse figurane fram som det mest påfallande ved originaliteten i boka.
Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Visst minner scenografien om Kardemommeby, men berre som ein fjern, gammal slektning.
– Kvifor stel me, eigentleg, spør niåringen ved frukostbordet.
Familien prøver seg med fleire tvilsame forklaringar, før dei slår fast: Alt kan og må stelast.
Kjell drøymer om noko anna. Om han ikkje hadde vore tjuv, kunne han tenkt seg å vere hestetemjar, brøytebilsjåfør eller grønsaksbonde.
Både huset, interiøret og kleda til Kjell og familien er i svarte og kvite fangedraktstriper. Denne markøren er tradisjonell og tydeleg, men også dei andre familiane i byen har sine særmerke. Det kan vere underlege hovudplagg, klesdrakter eller frisyrar. Når alle ungane møtest på skulen, er det eit mylder av fargar og former i oppslaget. Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før.
Bodskapen, derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.