Kommunepoesi
Gro Dahle skriv slyngjande hyllingsdikt som syner namngjevingskrafta.
Gro Dahle har skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar sidan debuten i 1987.
Foto: Line Fresti
Dikt
Gro Dahle:
Elskede grøftekant
Cappelen Damm
Gro Dahles nye diktbok, Elskede grøftekant, er i sin heilskap vigd kommunen.
Ordet og fenomenet kommune, som osar av noko abstrakt, kontorgrått, treigt og byråkratisk, verkar å ha engasjert poetar i dei seinare år. Tidlegare i år debuterte Johanne Fronth-Nygren med Vannverk (2022). Kommuneslagord var ein sentral ingrediens i Kjersti Bjørkmos Om du hadde bodd her hadde du vært hjemme nå (2019), og Morten Langeland gav i 2015 ut Den egentlige kommunen. Til slutt i boka takkar Dahle svensken Jimmi Alm og kommunepoesiprosjektet hans. Ja, i denne samanhengen er det verdt å nemne at kommunen også blei dikta om på 1970-talet, til dømes i svensken Erik Beckmans diktbok Den kommunale kroppen (1979). Kommunen er altså ikkje framand grunn for poesien.
Kvifor ei geografisk, politisk eining, eit anonymt forvaltningsnivå, mindre spektakulært og instagramvennleg enn til dømes meir overordna organ, attpåtil sett på som gammaldags, blir til motiv for ei diktbok, har sannsynlegvis å gjere med trongen til fellesskap og inkludering, for alle bur jo i ein kommune.
Kommunen omfamnar individet og syner at det, ja, og diktet sjølv, inngår i samanhengar som ikkje berre startar utanfor inngangsdøra, men også strekkjer seg inn i husværet ein bur i, som det kommunale vatnet, til dømes. Kommunen tek hand om oss frå vogga til grava: «De døde skal ingen steder./ Det er kommunen som eier dem nå / De sitter i de store trærne/ og dingler med føttene.»
Trass i at diktboka i laupet av dei elleve seksjonane rører seg over heile registeret av kommunale tenester og også grip fatt i kommunens hunger etter nye parkeringsplassar og glede over å felle gamle tre, er det framfor alt ei hylling av kommunen, om enn eget slett ikkje er sikker på om det er gjensidig: «Og jeg er glad i denne kommunen,/ men usikker på om den i det hele tatt vet om meg./ Om den bare later som.»
Det Dahle gjer, og som få gjer etter poeten, er at ho «åpner kommunen» som ein «hermetikkboks», slik at den dorske kommunen «våkner, snur seg over på siden/ og reiser seg opp i et lokalsamfunn». I Dahles poesi blir kommunen avsjela og besjela. Men det som utmerker dikta, er at dei ved å namngi og gjenta, i strøymande sekvensar, manar fram ein fylde og eit pulserande mangfald av både gjenstandar, menneske, vesen, plantar og dyr. Kommunen formeleg veks. Og det er vent og suggererande.
Ein kan nok seie at dikta er enkle og tilgjengelege, men dei er også gode, især fordi dei også ber fram eit medvit om det vanskelege og det som ikkje alltid er så bra.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Dahles poesi blir kommunen avsjela og besjela.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.