JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Konfirmasjonsgåve til Ingrid Alexandra

Bjørn Magnus Berge har valt ut 58 kongelege nyårstalar, med forklåringar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

5513
20190201
5513
20190201

Sakprosa

Bjørn Magnus Berge:

Kongens taler
1933–1990

Cappelen Damm

Bjørn Magnus Berge er for tida ekspedisjonssjef og sekretær for Ministerkomiteen i Europarådet. Der har han jobba tett saman med Jagland dei siste ti åra, men han har òg skrive tre bøker om politiske talar. No har han skrive ei fjerde bok om talar, denne gongen om og med dei kongelege (kringkasta) nyårstalane frå 1933 til 1990. Faktisk skal det koma ei femte bok med kong Haralds talar. Så dette er ein god søknad om Berge skulle ønskja å jobba litt høgare på rangsstigen enn eit skarve Europaråd, nemleg hos kongen sjølv.

Boka har 58 todelte kapittel, der Berge i første del av dei tar føre seg det som har hendt i året som har gått. Sjølvsagt ikkje alt, for det får ein ikkje med seg på rundt seks sider, men det som er bakgrunnen for det talen spesifikt tar opp. I andre del kjem sjølve talen, som normalt er på rundt to sider.

Rituelle talar

Eg skulle tru at dei fleste skjønar at dette vert litt enerverande å lesa seg gjennom. Held det ikkje med éin kongeleg nyårstale i året? Slike talar har primært ein rituell funksjon. Dei er ein del av «the same procedure as last and every year», slik at vi får ei avslutting på eitt år og kan innretta oss på det nye. Det er overgangsrituelle performative (utførande) ord. At dei vert sagt, er viktigare enn kva som vert sagt. Slik som i anekdoten, forståeleg i lys av alle dei ulike opningane Olav hadde gjort, om at han ein gong, då han skulle opna eit sjukehus, sa: «Hermed erklærer jeg broen for åpnet.» Sjukehuset vart likevel opna.

Samlinga av talar gjer det mogeleg å abstrahera ut mønsteret for ein rituell nyårstale. Det viser seg å ha vore merkeleg stabilt gjennom alle desse åra, sjølv om einskilde endringar langsamt viser seg. Til dømes går kongen i dei første talane rett på innhaldet, utan mottakaradressering. Det er først i 1940 at Haakon innleiar med «Kjære landsmenn!». Så vert det andre variantar, som «Til alle norske!», «Norske kvinner og menn!», «Kjære lyttere, kjære landsmenn!», «Ærede landsmenn!». Men frå 1958 er det berre «Kjære landsmenn!».

I 1981 har kongen vorte gjort merksam på at denne tiltaleforma kan bryta med likestillinga, og gjer det då klårt at han med ordlyden, som han likevel vil halda fram med, rettar seg til alle kjønn. Året etter presiserer han at ordlyden òg omfattar innvandrarar som har vorte norske statsborgarar.

Internasjonal spenning

Så til sjølve innhaldet: Der skal det vera med ein passus om den internasjonale spente situasjonen, med ei von om at det skal verte meir fred i det komande året, og ein appell om å vera optimistar, gjerne med tiltru til SN og dei fredsbevarande styrkane i framande land: «Svartsyn gir ingen fremgang eller løsning av våre problemer.»

Dinest følgjer ein gjennomgang av årets ulukker, anten det er flom-, skred-, skipskatastrofar eller anna. Her vert medkjensle uttrykt. Med åra vert medkjensla utvida til å gjelda alle dei som lever i einsemd. Reisene til kongen, særleg i Noreg, vert så nemnde, med takksemd for god mottaking. Eit og anna kulturelt jubileum vert omtalt. Til sist følgjer ønsket om godt nyår, som gjennom mange år særleg vert retta til dei som bur på Svalbard, og, noko merkeleg, dei fire eller fem som er på Jan Mayen. Men òg folk i utanriksfart, krigsseglarar og krigsinvalidar får med seg gode ønske.

Upolitisk

Samstundes er det noko som ikkje må nemnast: politiske meiningar. For ein konstitusjonell konge står over desse, og skal fremja einskap og fellesskap, slik som i nyårstalen i 1974, etter den splittande EU-avstemminga: «Vi er så få her i landet. Vi har ikke råd til å la forskjeller i oppfatning og følelser lage skille i folket.»

Dette gjer sjølvsagt talane noko tannlause. Eigentleg kunne eit dataprogram skriva dei. For det må òg seiast at ingen av talane er stor litteratur, slik som til dømes Churchills talar. Utan at Berge legg an til kritiske analysar, snarare tvert i mot: Her er for det meste panegyrikk som blomstrar, til dømes om kor flink Haakon var til å stå imot press for å ta ikkje-konstitusjonell makt. Men Olav lét seg utnemna til forsvarssjef i 1944! Og var det verkeleg Haakon som i ein tale i 1952 fekk Ap-regjeringa til å la vera å redusera bustadbygginga?

Språket

Nokre ord om språket i talane: Dei er skrivne på riksmål/bokmål. Men i 30-åra må taleskrivaren (Arne Ording?) ha vore tilhengjar av radikalt bokmål, for ordet «høve» vert brukt fleire gonger. Etter krigen er slikt vekke i takt med samanbrotet for samnorsk. No vert talane skrive på moderat bokmål. Derimot aldri på nynorsk, noko som er overraskande. Skulle ikkje mållova gjelda for slottet? Jau, eg skjønar at Haakon, som var dansk, ikkje kunne bruka nynorsk. Og heller ikkje Olav som med sin dysleksi hadde problem nok med å lesa opp bokmålstekstar. Men Harald har vel ikkje slike orsakingar? Engelsk går jo greitt.

Til slutt: Kven er det Kongens taler passar for? Ikkje historikarar, for Berges historieoppramsingar er overflatiske. Kan hende dei mest ihuga monarkistar? Og sjukeheimar for gamle med dårleg husk? I det minste må boka vera ei perfekt konfirmasjonsgåve til Ingrid Alexandra. Så kan ho å få med seg tradisjonen ho står i når ho sjølv skal lesa nyårstalar.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Held det ikkje med éin kongeleg nyårstale i året? Slike talar har primært ein rituell funksjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis