Krig og teater
Kjell Westö gjer historiske hendingar rykande aktuelle.
Kjell Westö er aktuell med boka Skumring 1941 (Pax.
Foto: Marcia Rosengård
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Roman
Kjell Westö:
Skumring 1941
Omsett av Erik Krogstad
Pax Forlag
Under krigen teier lovene, heiter det frå gamalt av, og ikkje minst: I krig og kjærleik er alt lov. Men omgrepa lyt definerast, for krig er ikkje alltid krig, og kjærleik kan vera så mangt. Og kva er eigentleg ei lov?
Dei menneskelege lovene er konstruerte reglar, dei tek oss bort frå naturtilstanden og er til av mange årsaker, for å samla eit folk, for å sikra makt hjå somme, for å hindra makt til andre, for å få samfunnet til å fungera, for å rettferdiggjera vald og så bortetter. At lovene er ulike frå land til land, syner oss just at dei er relative. Den einaste absolutte er truleg denne: Ein dag skal du døy.
Røynd og propaganda
Kjell Westö har med Skumring 1941 skrive ein realistisk, plausibel og sterk roman om stoda i Finland frå slutten av vinterkrigen og fram til byrjinga av framhaldskrigen. Her møter me først og fremst den unge skodespelaren Molly Timm og kjærasten hennar, Henry Gunnars, som er reporter og ein av redaktørane i Hufvudstadsbladet.
Redaktørtittelen er ikkje til mykje hjelp mot den herskesjuke redaksjonssjefen, Sandberg, som ser til at Henry, som er krigskorrespondent, etter kvart ikkje får reportasjane sine på prent. Dei er ikkje patriotiske nok, eller eufemistiske nok, ein reporter frå ein krigande nasjon skal ikkje prioritera å formidla sanninga, men slik propaganda som landet ser seg tent med. Dette vert synt fram på til dels subtilt vis. Henry veit kva avisa ventar seg, men han tykkjer det går for mykje på kostnad av røynda.
Stort persongalleri
Molly er i førstninga på turné i Sverige, men då den kostbare freden for Finland kjem våren 1940, er ho snart attende i heimlandet. Ho har hatt suksess som filmstjerne, men det ser ut til at karrieren er i utvikling i negativ lei. I presentasjonen av dette, livet og arbeidet til Henry og Molly, imponerer Westö med å balansera eit stort persongalleri og mange digresjonar og opplysande anekdotar som aldri verkar konstruerte eller oppdikta, men har friske pust av levd liv over seg, slik at ein, om ikkje etterordet fekk ein på andre tankar, nok ville ha søkt på internett etter mange namn frå boka for å sjå kven desse personane var.
Men det kan ein berre gløyma, først som sist, for Westö har dikta dei opp og samla dei i ein roman som nok er eit resultat av særs grundig research i lukkeleg kombinasjon med ei djup innsikt i det indre livet til ulike menneske, og då først og fremst dei to hovudpersonane. At somme litt meir perifere figurar, som redaksjonssjefen, er noko meir todimensjonale, kjem ikkje av ein skort hjå forfattaren, men av di me ser dei frå perspektivet til den temmeleg hårsåre Henry Gunnars.
Språkleg og stilistisk er Westö nøytral, handling og motiv har prioritet. Men i den siste scena med Henry vert det annleis, det oppstår ein eigen ironi ved utfallet av den bolken, i kontrast mot den lett eksalterte tankestraumen.
Rykande aktuelt
Det kulturhistoriske aspektet ved boka er interessant og samstundes rykande aktuelt, med dei krigane som no pregar mediebiletet. Berre to gonger tykkjer eg at det skurrar litt anakronistisk i ordflaumen: Når Molly tykkjer det særeigne med Henry er at han ser henne, eller når ein annan seier om ho at ho snakkar seg sjølv ned. Her i Noreg er det uttrykk frå vår tid, men det kan saktens henda dei ligg litt framom oss med slike vendingar i Finland. Dei ligg jo i aust og ser lyset først.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid
Skumring 1941 er ein realistisk, plausibel og sterk roman.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.