Krigens lange skugge
Georgias brutale tragedie blir sett gjennom auga til unge kvinner.
Nino Haratischwili er forfattar, dramatikar og teaterregissør.
Foto: G2 Baraniak
Roman
Nino Haratischwili:
Det manglende lyset
Omsett av Ute Neumann
Aschehoug
I 2021 vart mursteinsroman Det åttende livet ein sensasjon og den georgisk-tyske Nino Haratischwili ei litterær stjerne. I den nye romanen, som «berre» er om lag halvparten så lang (700 sider), held forfattaren fram med å fortelje om det heimsøkte heimlandet, no konsentrert om det særs turbulente første tiåret etter Sovjetunionens fall.
Romanen har to tidsplan. Vi møter hovudpersonane, tre av fire venninner, i ei tilnærma notid i Brussel, på ei stor fotoutstilling. Bileta er frå Georgia i tida rett før og rett etter Sovjets fall rundt 1990. Her er både kvardagsbilete og dramatiske foto frå krigen mellom Georgia og Abkhasia som kom i kjølvatnet av frigjeringa. Fotografia er tekne av den fjerde venninna i flokken, Dina.
At utstillinga er ei hylling til ein død kunstnar, blir fortalt på første side. På utstillinga går dei tre attlevande, Keto, Nene og Ira, frå bilete til bilete og minnest. Minna blir forteljingar som utgjer det største og viktigaste tidsplanet i romanen. Det er Keto som har blikket og stemma i boka. Dette forteljargrepet fungerer som ei tydeleg ramme, eit ordnande prinsipp som det er enkelt for lesaren å halde seg til. Ulempa er at frampeika blir vel mange og tidvis punkterer spaninga.
Forteljinga byrjar med glimt frå barndom og tenåringstid, ei uskuldig tid målt mot det som skulle kome. Håpet og vonene knytte til fridomen då åket frå Sovjet-tida var forbi, gjekk nesten straks over til eit mareritt av konfliktar og vald.
På eit knapt tiår levde desse ungdomane gjennom meir drama og tragedie enn folk i meir rolege strøk av verda opplever gjennom eit heilt liv. Krigen førte til mangel på det meste, samfunnsinstitusjonar gjekk i oppløysing, kriminelle gjengar overtok nabolag og kniva – bokstaveleg tala – om herredøme og privilegium. Dina uttrykkjer det slik: «Jeg har levd livet på forskudd». For fleire av dei fører det til at dei etter kvart strevar med å finne meining i tilværet.
Normalitet og tryggleik blir erstatta av eit system der den sterkastes rett rår. Ukulturen et seg heilt inn i familiestrukturane og splittar søsken, foreldre og barn – og ikkje minst venner. Det kjem raskt fram at venninnene, som var eit samansveisa firkløver i tenåra, i løpet av desse turbulente åra måtte ta skjebnesvangre val som sprengde vennskapsbanda. Verst har Nene hatt det, ho som vart att i Georgia. Keto og Ira har båe emigrert, slik millionar av georgiarar har gjort også i røynda.
Haratischwili er særleg ute etter å syne fram korleis den mafiaprega machokulturen til krigsherrane og gjengleiarane går ut over fridomen til jenter og kvinner. Jentene mistar langt på veg sin eigenverdi og endar med å bli vurderte som krigsbytte og trofé.
Det heile er imponerande utført, breitt og episk. Det er gripande å lese korleis valden og dei uhandterbare levekåra et seg inn i sjel og sinn hos Keto og dei andre unge, sluker livsglede og livsmot.
Eg har likevel innvendingar. Romanen er lang, stilen iblant overlest. Teksten er ordrik på ein litt gamaldags måte, her er mykje bruk av arkaiske vendingar (som «ekteskapet skjenket henne en datter») og metaforar som iblant blir dynga oppå kvarandre. Struktur og skrivemåte kan minne om romanar frå ei anna tid, som dei kjende russiske frå 1800-talet. Melodramaet ligg farleg nær mange gonger.
At Ute Neumann har gjort ei bragd med omsetjinga av det svære verket, kan det i alle høve ikkje herske nokon tvil om.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det heile er imponerande utført, breitt og episk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.