Krim som pensum
Kan ein ta urovekkjande samtidsthrillerar inn på pensum i statsvitskap?
Roman
Ken Follett:
Aldri
Omsett til norsk av Toril Hanssen
Cappelen Damm
Han kan ta nattesvevnen frå deg, den nye thrilleren frå den engelske forfattaren Ken Follett. Boka heiter Aldri. Eg lurer på om eg skal ta henne inn på pensum i innføringsemnet i internasjonal politikk (IP).
For boka fortel om ei storpolitisk krise som driv verda mot ein tredje verdskrig. Handlinga er innom fleire av samtidas storpolitiske saker – klimakrise, fattigdom, flyktningstraumar, smugling, islamisme, terrorisme, nordkoreanske atomvåpen og amerikansk og kinesisk tryggingspolitikk. Og viktigast av alt: Boka syner korleis desse sakene med eitt grip inn i kvarandre og skaper ein skjebnesvanger storpolitisk dynamikk.
Hovudpersonane er presidentane i USA, Kina og Nord-Korea; dei heiter Pauline Greene, Chen Hurun og No Doo Wei. Kva er vitsen med å lese om oppdikta personar, tenkjer studentane kanskje, og særleg dersom diktverket er ein murstein på om lag 700 sider? (Studentane i dag er særs pragmatiske. Ein kan undre på om dei les romanar i det heile? Eller om dei ventar til dei kjem på Netflix?)
Prislønt forfattar
Kven er denne Follett, forresten? Studentar som googlar namnet hans, finn raskt ut at han er ein gamal mann i 70-åra. Kva veit vel han om dagens internasjonale politikk?
Ein heil del, viser det seg. Han slo gjennom for 50 år sidan med storpolitiske thrillerar som Nålen og Rebecca-koden. Bøkene hans har vunne prisar, selt i millionopplag og blitt filmatiserte. Blant dei siste er ein tjukk trilogi om det 20. hundreåret; ho kom for om lag ti år sidan. Etterpå har han skrive tre romanar om katedralbyggjarar i mellomalderens England.
Med Aldri er han attende i samtida, med eit stort persongalleri og ei komplisert historie med forgreiningar i mange land, frå fattige Tsjad og brennheite Sahara til mektige sirklar i Washington, Beijing, Pyongyang og andre stader.
Det må seiast med ein gong, at boka truleg ikkje kvalifiserer til Nobelprisen i litteratur. Karakterane hans er tynne typar – dei er mest representantar for ei særskild gruppe og illustrerer gruppas haldningar og åtferd. Dei er teikna med brei penn og enkle strekar. Men det er ikkje dei som gjer bøkene til Follett verde å lese – og derfor gjer det kan hende ikkje noko at dei er oppdikta?
Realistiske skildringar
Nei, det er dei realistiske skildringane av politiske miljø som er Follets styrke. Og han har mange hjelparar som borgar for realismen. For trilogien om det 20. hundreåret trekte han på kjende historikarar som hjelpte han med å få fakta rett. I den nye boka har han fått hjelp av vener i britiske Labour som har fortalt han om kva som uroar parlamentets ymse komitear.
Follett evnar å veve miljø og lagnadar saman i forrykande historier. I fleire av romanane viser han korleis uskuldige individ vert trekte inn i ein malstraum av hendingar som ligg utanfor deira kontroll. Slik er det òg med Aldri. Sjølv presidentane er her avmektige sjablongar i eit større spel. Og det er difor denne boka kan ta nattesvevnen frå lesaren. Og det er nett difor ho er eigna som pensumbok i internasjonal politikk ved universitetet.
Boka får studentar til å heve blikket og drive tilbake ei alminneleg mistyding: at studiet av internasjonal politikk handlar om ting som skjer i utlandet. Nei, det gjer ikkje det. IP-studiet handlar fyrst og fremst om mellomstatlege tilhøve. (Dei som studerer val i USA, driv med valforsking, ikkje IP. Dei som studerer kommunistpartiet i Kina, islamisme i Tsjad eller militærkupp i Nord-Korea, trekkjer stort sett på teoriar frå samanliknande politikk, ikkje frå IP.) Dei store teoriane i IP søkjer å forklare konflikt og samarbeid mellom statar, ikkje tilhøve innanfor statar.
Innanrikspolitikken i eit land heng sjølvsagt tett saman med hendingar i verda utanfor. Men innanrikspolitikk og verdspolitikk tilhøyrer ulike nivå. Og dei kan ikkje alltid analyserast på same vis. Ein må vite at det som er ei fornuftig handling for ein statsleiar, kan ha utilsikta konsekvensar og vere til skade for verdssamfunnet som heilskap.
Follett syner dette i første bind av trilogien sin om det 20. hundreåret. Der skildrar han utbrotet av første verdskrig. Ikkje som ein følgje av einsidig tysk aggresjon, men som resultatet av eit spel der alle Europas stormakter tok del. Og der alle tok fornuftige avgjerder. Ingen av stormaktene i Europa ønskte krig den gongen, understrekar Follett. Kvar enkelt stat førte ein defensiv tryggingspolitikk – som i sum dreiv verda ut i katastrofe.
Tryggingsdilemmaet
Heilt i byrjinga av Aldri minner Follett oss om dette: at «keisere og statsministre tok én etter én avgjørelser – logiske, rimelige avgjørelser – som hver for seg førte oss et lite steg nærmere den frykteligste krig verden noensinne hadde opplevd. Jeg satt igjen med inntrykket av at det hele var et tragisk uhell. Og jeg spurte meg selv: Kan noe slikt skje igjen?».
I Aldri viser han korleis det godt kan hende igjen. Han demonstrerer truverdig og urovekkjande effekten av det som i statsvitskapeleg teori vert kalla eit tryggingsdilemma: ein situasjon der statsleiarar kjenner sine eigne motiv, men ikkje kjenner motiva til andre – og ikkje stoler på det andre seier om sine eigne mål og omsyn.
Så når ein stat søkjer å trygge seg sjølv med defensive tiltak, kan andre statar oppfatte dette som eit offensivt utspel og setje i verk sine eigne tryggingstiltak. Desse kan i sin tur oppfattast feil og skape defensive tiltak hos andre. Dermed har dei gåande ein rustingsspiral som vert driven av frykt og mistru, som kan fange einskilde statsleiarar og skape eit meir utrygt internasjonalt samfunn for alle.
Studentar kan lese historie for å finne døme på dette. Men kan hende trur dei at slike tryggingsdilemma tilhøyrer fortida? At dei ikkje lenger finst? Follett syner noko anna. Han demonstrerer på truverdig vis korleis tryggingsdilemmaet også finst i dagens internasjonale samfunn.
Personane er oppdikta. Men det gjer ikkje noko. Boka ber studentane om å vere IP-analytikarar og ta omsyn til andre ting enn det reint personlege. Ho ber dei om å ikkje feste seg så mykje ved media sine gjetteleikar om motiv og omsyn hjå individuelle leiarar som Putin og Biden.
Ho inviterer dei til å rette blikket mot lengre tidsbolkar og høgare analysenivå. Til å sjå korleis den eine politiske leiaren etter den andre over lang tid har rota Nato og Russland inn i eit tryggingsdilemma – som etter mange år med gjensidig mistru har eskalert til farlege høgder.
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved NTNU.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er dei realistiske skildringane av politiske miljø som er Follets styrke.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?