Krøniker i vår tid
Ottar Grepstad har i sitt «emeritat» gitt oss eit nytt mammutverk.
Sakprosa
Ottar Grepstad:
Krønikene. Språk, skrift og bøker gjennom 500 år
Grepstad skriveri
Krønikene byr på kunnskapar om det emnet Grepstad har vigd det meste av det offentlege livet sitt til, nemleg språkreising generelt og den nynorske målreisinga spesielt. Han gjer det ved å utforske ein særleg sjanger innanfor historieframstillinga, krønika.
I Nynorskordboka er krønike definert slik: «eldre historisk framstilling som berre skildrar hendingane etter tidsrekkjefølgja utan å peike på årsakssamanhengar». Ordboka fører òg opp ei tyding 2: «eventyrleg, legendarisk forteljing».
Grepstads bok, som eigentleg er ein nettpublikasjon med eit svært avgrensa tal papireksemplar, inneheld fire krøniker i den førstnemnde tydinga av ordet (bortsett frå at dei ikkje kan kallast «eldre» i leksikografens forstand). Det er altså kronologiske lister ordna etter årstal og dato over hendingar knytte til hovudtemaet for krønika. Eg beskriv dei her kort éi for éi.
Målreisingssoge
Den første krønika er den mest allmenne: «Ei lita verdskrønike om språk 1519–2020». Ho tar for seg utviklinga av moderne standardspråk og skriftkulturar, med vekt på det vi kan kalle stadig nye språkreisingar, inspirerte av og i motstand mot dei etablerte standardspråka i meir eller mindre mangspråklege samfunn, ei utvikling som munnar ut i digitalisering og nye målreisingar av urfolk og andre språkminoritetar. Her er Grepstad altså global på knapt 100 sider, men så vender han til dei grader heim att.
Krønike nr. 2 heiter «Ein skriftkultur blir til 1646–2020». Her er det nynorsken som står i sentrum, sjølv om forteljinga startar midt i dansketida – da er det bygdemål på trykk som står i sentrum for interessa. Det som skjedde i 1646, var at den første norske dialektordboka kom ut, rett nok i København: Christen Jenssøns Den norske Dictionarium eller Glosebog, basert primært på bygdemål frå Sunnfjord.
Så følgjer nesten 200 sider med nynorsk målreisingssoge. Framstillinga blir meir og meir utførleg, og dermed langsamare, mot slutten av krønika, for da veks den stoffmengda forfattaren ikkje har tidsavstand nok til å ha oversyn over. Siste oppføring er frå 8. desember 2020, da fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok at nynorsk framleis skulle vere administrasjonsspråket i fylkeskommunen.
Krønika er ein sterkt utvida og oppdatert versjon av ei tilsvarande liste som første gongen stod i Grepstads Nynorsk faktabok 1998, og seinare har vorte supplert og utbygd ei rekke gonger. Totalt sett har eg ein mistanke om at forfattaren meiner at denne krønika meir enn noko anna svarer til tyding 2 i Nynorskordboka (sjå definisjonane ovanfor).
Storverk
Den tredje krønika heiter «Nynorsk almanakk dag for dag». Den følgjer altså ikkje årstalskronologi, men er ordna etter dagane i året. Det viser seg at denne almanakken inneheld så å seie nøyaktig det same stoffet som den føregåande krønika om nynorsk skriftkultur. Dei viktigaste unntaka er nokre fødselsdagar for kjende målfolk som han fører opp innimellom.
Liksom den førre krønika fyller også almanakken nesten 200 sider. Etter mi meining burde ikkje Grepstad ha falle for freistinga til å ta han med; det verkar berre tyngande å gi dei same informasjonane over 200 sider dobbelt. Å bruke over 600 sider på ei informasjonsmengd som får plass på 400, er ikkje lesarvennleg.
Den fjerde og siste krønika heiter «Sakprosabøker i Noreg 1737–2020». Her er det igjen årstala som er den strukturerande instansen, men opplegget er også her annleis. Grepstad har tatt for seg alle årstal frå 1737 til 2020 og ført opp éi sentral eller skilsettande sakprosabok for kvart år. Og no er det den norske skriftkulturen det handlar om, ikkje berre den nynorske (men det går fram at også den har vore og er viktig). Så får vi ein kort omtale av kvar bok; lista er på nesten nøyaktig hundre sider. Ho vart opphavleg laga til boka Det litterære skattkammer i 1997 og er påbygd seinare i fleire omgangar.
Heilt til slutt tar Grepstad inn eit essay han har skrive om sjølve sjangeren annalar og krøniker. Det er nokre år gammalt, frå Norsk Litterær Årbok 1998, og blir dermed supplert med mange oppdaterande fotnotar. Det hadde kanskje gjort seg vel så godt å lage ei nyskriven tekst sett frå 2021.
Det er eit storverk Grepstad har laga, og eit verdig «nesten-punktum» på eit livsverk som først og fremst kan seiast å utgjere eit monument over den nynorske mål- og kulturreisinga. Eit endeleg punktum blir det ikkje: Grepstad opplyser i forordet at den sentrale krønika i boka, den om nynorsk skriftkultur, vil bli vidareført (på nett) av Nynorsk kultursentrum. Ho vil da også i framtida bli ståande som ein sentral referanse for dei som søker kunnskap om denne skriftkulturen og historia som ligg bak.
Lars S. Vikør
Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitskap, ordboksredaktør
og omsetjar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er eit storverk Grepstad har laga.
Fleire artiklar
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.