Kvar blir åra av?
Den femte romanen i Morgenstjerne-serien både utvidar og smalnar inn verket.
Den første utgåva i Morgenstjerne-serien til Karl Ove Knausgård kom ut i 2020.
Foto: Thomas Wågström
Roman
Karl Ove Knausgård:
Arendal
Oktober
Arendal er den femte boka i Morgenstjerne-serien, det nye storverket til Karl Ove Knausgård. Bøkene har fått god, men òg blanda mottaking. Lesarane har vore litt i stuss om kva forfattaren vil med dette mylderet av personar og omstende, der kvardagslege skildringar vekslar med intens drøfting av dei store eksistensielle spørsmåla.
Fleire personar har gått igjen i dei fleste av bøkene. Ein av dei er gravferdskonsulenten Syvert Løyning. Ein stor del av Ulvene fra evighetens skog handlar om då han var ung mann midt på 1980-talet. Far hans, som òg heitte Syvert, er død etter ei ulykke med ein bil. I Det tredje riket er Syvert blitt middelaldrande då han reiser til Moskva for å møte halvsyster si. I utgivinga frå i år er tida skrudd attende til 1976. No er det Syvert Løyning den eldre som fører ordet, unge Syvert er her ein gutunge.
Forvirra? Det er det eigentleg ikkje så stor grunn til. Arendal er ei bok det er lett å lett å lese, lett å følgje, også inn i dei filosofiske partia av romanen. Arendal er enklare komponert enn andre bøker i serien, forteljarstemma ligg fast hos Syvert Løyning den eldre, utan hopp mellom personar og tidsplan. Boka kan lesast for seg sjølv, men blir nok ei rikare oppleving om ein kjenner i alle fall litt til dei tidlegare bøkene, der båe «Syvertane» har stor plass. Mylderet av bitar i det enorme puslespelet som Morgenstjerne-serien er, vil falle på plass og skape eit meir fullstendig bilete, eit som både er vakkert og fælsleg.
Verda er alltid notid
Syvert Løyning (den eldre, altså) er på veg heim frå ei forretningsreise då bilen havarerer utanfor Arendal. Han må overnatte i byen som han kjenner godt frå før, hans eiga mor bur der. Tilhøvet mellom dei to er ikkje slik at han har lyst til å sove hos henne, men etter oppmoding frå kona som ventar heime, tar han ein tur bortom. Møtet får opp tankar og kjensler frå barndomen. Det same gjer møta med ungdomskjærasten Bodil. Ho har nyleg mista bror sin, ein gut Syvert var mykje saman med i barndomen. Døden og tidas nådelause gang blir eit viktig tema, her som i andre bøker i serien.
Døden – og kjærleiken. På notidsplanet står Syvert oppe i eit velkjent dilemma som også andre karakterar i romanserien strevar med: Dei nokså umoglege vala når lojaliteten til familien og kvardagen stangar mot den sterke drifta mot noko stort og overskridande. I Syverts tilfelle er det ein ny flamme som trekkjer. Han har møtt Asja på reise i Sovjet, og dei har hatt nokre lidenskapelege treff. No er det slutt, eit felles liv er ikkje mogleg for dei. Men tvilen nagar Syvert: Var det rett avgjerd?
Korleis dei næraste relasjonane våre kan lyse opp eit heilt liv, men òg kaste oss ned i det djupaste mørkeret, er skildra like gripande som vi kjenner det frå andre Knausgård-romanar.
Det grufulle
Syvert har eit alkoholproblem som er openbert for alle andre enn han sjølv. I resten av handlinga følgjer den som les, med hjartet i halsen, Syverts stadig villare ferd gjennom Arendals-natta. Han er sterkt rusa og tilbøyeleg til å gjere idiotiske ting, attpåtil i bil.
Knausgård skildrar på meisterleg vis og ned til minste detalj dei ytre omgivnadene i ein mørk og tilfrosen by, samstundes som lesaren blir lokka med innover i eit langt meir uoversiktleg landskap. Røynd og innbilling glir over i einannan i Syverts sinn, ein halvtilstand som er skummel, men òg fascinerande. Tankane kan gå både til Dante og Olav Åsteson. Her er mykje mat for litteraturvitarar, skulle eg tru.
Men også for den jamne lesar. Arendal har godt driv og er spennande. At handlinga er meir konsentrert, gjer ikkje tematikken smalare eller mindre, heller tvert imot. Der nokre av dei andre bøkene har vore i overkant store munnfullar å tyggje seg gjennom, gjer det meir innsnevra perspektivet at lesaren denne gongen får ro til å ta inn og sjølv grunde på dei store spørsmåla: om livets store drama og mange paradoks, om kreftene som styrer oss – dei destruktive og dei livgivande.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den første utgåva i Morgenstjerne-serien til Karl Ove Knausgård kom ut i 2020.
Foto: Thomas Wågström
Kvar blir åra av?
Den femte romanen i Morgenstjerne-serien både utvidar og smalnar inn verket.
Ein kross over ein drukna på den meksikanske sida av Rio Grande og kontainarar på den amerikanske sida.
Alle foto: Håvard Rem
Familieverdiar søkjer ein heim
PIEDRAS NEGRAS: Eg drog til småbyen i Mexico for å vitja Nordgrensemuseet, men vart i staden vitne til ein flokk migrantar som tok seg over Rio Grande.
Foto: Nina E. Rangoy / Forlaget Oktober
Knausgård: – Eg er vel ein slags ekstremmaterialist.
Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.
Foto: Florion Goga / Reuters
Eit tidsskilje i EUs asyl- og migrasjonspolitikk
Asylhandsaminga kan verte flytta til land utanfor EU, og dei som får avslag på asyl i EU, kan verte sende til retursenter i tredjeland. Det er resultatet om tiltaka EU no vurderer, vert ein realitet.
Det finst gode argument for å legge ned vidaregåande skular.