JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvardagsheltar

Jan Grue har levert nok ein viktig pamflett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan Grue har doktorgrad i språkvitskap og debuterte som forfattar i 2010.

Foto: Mathias Fossum

3644
20220902
3644
20220902

Roman

Jan Grue:

Prøve og feile

Gyldendal

Tidsklemma for småbarnsforeldre er velkjend. Kvart minutt tel i eit komplekst system av små og større delar som alle må fungere skal det store kvardagshjulet gå rundt.

Det spesielle for skvisen som Magne i Prøve og feile lever i, er at han ikkje berre kan skru opp tempoet eit par hakk eller spurte til T-bana for at dagen ikkje skal rakne. Som rullestolbrukar er Magne avhengig av teknologi og system på eit heilt anna nivå enn dei fleste. Andre må vere på plass til rett tid og på rett stad, og helst oppvise nokre gram fleksibilitet og velvilje.

Fordi han treng hjelp til mange fleire ting enn dei fleste av oss, sit han på spesialkompetanse som han tar i bruk når ikkje alt går på skjener – og det gjer det jo sjeldan. Til dømes kan stemmeleie og sosiolekt vere avgjerande for om ein får den hjelpa ein ber om. For å kome seg på jobb må Magne vente på TT-taxien, som ofte er sein, og som har ein lite fleksibel sjåfør.

Det er stor litteratur om tilsynelatande små ting. Det slår dessutan tilbake på oss funksjonsfriske: Korleis reagerer eg når nokon ber om hjelp? Korleis er mitt blikk på ein som sit i rullestol?

Prøve og feile er den tredje boka av Grue om korleis det er å leve med ein progressiv muskelsjukdom, alle er augeopnande litteratur.

Ulike kampar

Det er i scenene frå Magnes kvardag Prøve og feile er på sitt beste. Mot slutten av romanen rullar Magne gjennom eit vinterfiendtleg Oslo på farlege, islagde fortau, med ein unge som inntil vidare pludrar nøgd, men som har våt bleie og før eller seinare kjem til å eksplodere. Scena er både rørande og fascinerande.

Ho rører dessutan ved heilt eksistensielle spørsmål, fordi Magne akkurat då ikkje berre er stressa av den konkrete og svært krevjande situasjonen, som faktisk kan vere livsfarleg for barnet. Han er òg uroleg fordi sambuaren Hannah nett har testa fosteret i magen for om det nye barnet deira kan ha same sjukdom som Magne.

Skildringa fekk meg til å tenkje på Karl Ove Knausgård og hans no verdskjende bøker om mellom anna farsrolle, bleieskift og småbarnsstell. Lese og sett mot Jan Grues kamp, verkar Knausgårds likevel triviell og liten.

Ein uroleg tekst

Hadde ikkje Grue sjølv skrive så godt om dette før (eg har berre lese Jeg lever et liv som likner deres), hadde Prøve og feile truleg gjort endå større inntrykk. Romanen repeterer nok ein del av det Grue alt har sagt, minst like godt, tidlegare. Kanskje for å unngå denne kjensla av repetisjon har Grue gjort Prøve og feile til ein samansett tekst, ein uroleg tekst. Vi får ikkje vere i ro hos Magne og barnet, men blir skuva vidare til andre scener, andre syns- og innfallsvinklar. Her er rapportar, utkast til eit fjernsynsmanus, e-post mellom Magne og venen Snorre, kapittel der det er Hannah som har stemma, og meir. På sett og vis speglar denne oppbygginga kanskje det å sitje i ein (manuell) rullestol, der ein blir skuva hit og dit av andre, prisgitt deira innfall og vilje.

Nokre av desse sidespora kjennest likevel meir som programdikting, karakterane er til for å demonstrere eit poeng. Aller mest er faren til Magne og miljøet rundt han ganske sjablongaktige.

Eg hadde ønskt meg meir av det tette og nære – Magne og barnet eller Magne og Hannah. Magne og familien hans lever i det utfordrande spennet mellom det vesle, trivielle og dei store eksistensielle spørsmåla. Det liknar det livet vi alle lever, men har også sine heilt eigne føresetnader.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast skribent for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I scenene frå Magnes kvardag er Prøve og feile på sitt beste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis