Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kviskringar og rop

Utruleg flott roman om den armenske tragedien i det 20. hundreåret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Varujan Vosganian skreiv om folkemordet, kom ut i Romania i 2009.

Foto: Bokvennen

3307
20170630
3307
20170630

Roman

Varujan Vosganian:

Hviskingenes bok

Bokvennen

Norske regjeringar har aldri fordømt folkemordet på over ein million armenarar som det ottomanske riket og det ungtyrkiske partiet med Kemal Atatürk stod i spissen for i 1915. Som erklært fredsnasjon og med Fridtjof Nansens innsats for deporterte og statslause armenske flyktningar gjennom tildeling av såkalla Nansen-pass, er dette merkeleg. Etter å ha lese Varujan Vosganians roman Hviskingenes bok, blir det meir enn merkeleg, sidan drapet på dei kristne armenarane på mange vis er ein parallell til det industrielle drapet på europeiske jødar nokre tiår seinare.

Eksilmiljø

Av dei som overlevde nedslaktingane, kom mange seg over til Europa, og dei slo seg mellom anna ned i Romania. Utgangspunktet for Vosganian er det armenske eksilmiljøet i den rumenske byen Focsani, der bestefaren Garabet var midtpunktet i ein stor familie. Heile romanen krinsar slik kring «min barndoms armenere» og armenarane si historie gjennom det 20. hundreåret. Men Hviskingenes bok «er ikke en historiebok, men en bok om bevissthetstilstande». Dette opnar for krøniken og rekviemet der tidsvitna står fram med minne, lengt, sorg og erindring i eit overlys av poetisk melankoli og i eit språk farga av religiøs tankegang med forsoning som eit sentralt element, slik det alltid blir etter store katastrofar: tilgi, men aldri gløyme.

Vosganian trekker fram eit yrande kosmopolitisk folkeliv og skildrar handverket, handelen og butikkane, husa, maten, skikkane, seremoniane og rituala. Han skildrar aprikostreet og granateplet, og alt dette glir inn som symbol i ein større samanheng, grunnleggjande for armensk identitet.

Menneskeskildring

Men framfor alt skildrar han menneska og alt dei opplever under presset frå det ottomanske riket, og seinare under presset frå det rumenske kommunistpartiet med overvaking, konfiskasjonar og arrestasjonar. Derfor blir det kviskra i Vosganians oppvekst på 1960-talet, og den historia han fortel, blir til Hviskingenes bok. Han er ein skarp observatør. Han ser på menneska med eit mildt blikk sjølv om nokre under andre verdskrigen gjekk i tysk teneste og oppretta Den armenske Legion i håp om å frigjere Armenia frå sovjetisk herredømme, sjølv om andre danna likvidasjonsgruppa Nemesis for å hemne folkemordet i 1915.

Sterkast inntrykk gjer skildringane frå 1915 da angrepet på den armenske befolkninga eskalerte i deportasjonar, konsentrasjonsleirar og massedrap som inntil da sakna sidestykke i historia. Når armenarane blir slakta ned i den syriske ørkenen kring byar som Aleppo, Raqqa, Mosul og Deir-ez-Zor, gir det skremmande assosiasjonar til dagens situasjon i Midtausten.

Da Hviskingenes bok kom ut i 2009, vekte ho oppsikt i Romania ved at det her blir fortalt ei historie som ikkje berre er raus, velskriven og godt dokumentert, men også er ein korreksjon av den offisielle historia. Derfor er også boka omsett til mange språk – no til norsk ved Steinar Lone.

Om ho er omsett til tyrkisk, tør eg ikkje seie, men ting talar for at det neppe vil skje.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Da Hviskingenes bok kom ut i 2009, vekte ho oppsikt i Romania fordi ho er ein korreksjon av den offisielle historia.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis