Kynisme og tildekking: Kielland-skandalen
Ute or auge, ute or sinn – når staten gjer seg blind.
Alexander L. Kielland-plattforma kantra 27. mars 1980 på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. 123 mennesker omkom. Det vart gjort fleire forsøk på å snu plattforma, før ho vart senka i 1983.
NTB arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Sakprosa
Frode Fanebust med Marie Smith-Solbakken:
Katastrofe og korrupsjon. Det skjulte spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken.
Res Publica
Vindar hylte, bylgjer sleikte oppetter stålkonstruksjonen, ankerkjettingar var for stramme og for få, det ikkje-godkjende 15 meter høge bygningskvartalet tok imot stormen – og den garantert veltefrie plattforma snudde seg på 18 minutt.
Rutinar svikta, livbåtar vart knuste, redningsbåtane var ikkje der dei skulle vere. 123 menneske omkom. Før lika vart henta opp, starta Phillips boring på naboplattforma Edda. Mange omkomne forsvann for alltid under boreslam og mudder.
Sjølv om 89 menneske vart berga av ulike aktørar med stor initiativrikdom, kom den offentlege redningstenesta seint i gang. Dinest starta straks spelet om fråskriving av skuld og om pengar.
Systematisk kopling
Dette er den fyrste boka som systematisk koplar materiale frå Minnebanken, som historieprofessor Marie Smith-Solbakken stod i spissen for å skape, med prosessane i ettertid av ulukka. Over 300 intervju med dei overlevande, etterlatne, redningsmannskap og andre er her samla og ligg ope tilgjengeleg på nettet. Smith-Solbakken har vore samtalepartnar med forfattaren heile vegen.
I innleiinga fortel Frode Fanebust om faren Baste. Han var leiar for transporttenesta og organiserte supplybåtar til eit vanskeleg redningsarbeid. Store skip manøvrerte mellom duppande hovud i sjøen og kunne ikkje unngå at nokon kom i propellane medan mannskapet prøvde å trekkje folk opp dei høge skipssidene. Opplevingane kom til å prege Baste for livet.
Det gjekk ikkje opp for sonen at han sjølv var pårørande til ein som vart skadd for livet, før han studerte Minnebanken. Fyrstedelen av boka skildrar opplevingane til dei overlevande med scenevekslingar mest som det er eit filmmanus vi les. Det gjer tilsvarande sterkt inntrykk.
Inga sjøforklåring
I granskingskommisjonen møtte operatørselskapet Phillips, reiarlaget for plattforma, Stavanger Drilling og Det Norske Veritas. Alle møtte med advokatar, medan oljearbeidarane vart ledd av, torde ikkje å seie det dei ville, av frykt for å miste jobben, og dei vart på ingen måte respekterte. Det er særleg dette som har gjort at så mange har følt at saka aldri vert ferdig.
Det vart ikkje sjøforklåring, heller ikkje rettssak. Ein unngjekk å kverrsetje viktig materiale. Granskingskommisjonen arbeidde raskt. Plattforma vart ikkje snudd, som lova, men senka så djupt som råd. Ein måtte leggje bak seg ulukka, no kom ein ny fase for oljeverksemda: vegen nordover. Ein syndebukk vart utnemnd, ein fransk sveisar. Ingen norsk aktør var ansvarleg. Gjennom åra har det vore intense diskusjonar om at den offisielle forklåringa ikkje eigentleg forklårar at så mykje braut saman så raskt.
Korrupsjon
Beisk usemje om årsakene har stort sett ikkje ført til anna enn evinnelege kranglar. Fanebust gjev eit oversyn over dei ulike tilnærmingane og vurderer dei som tilskot til større forståing. I botnen for det heile finn han korrupsjonen, ikkje berre av det slaget at folk tek imot reie pengar for å gjere tenester. Sjølv om det òg nyss er avdekt.
Vi møter ei anna, verre side av korrupsjonsprosessen. Transparency International reknar det som korrupsjon når det vert gjort underslag av informasjon folk treng for å ta vare på dei demokratiske rettane sine. Såleis har Det Norske Veritas gjennom 40 år plent nekta å offentleggjere arkivmateriale om korleis dei mislegheldt ansvaret sitt. Tilsvarande døme florerer.
Framstillinga er mykje uavhengig av eldre diskusjonar, med nytt stoff som forfattaren sjølv har analysert og for ein god del sjølv har grave fram. Arbeidet er av enorm prinsipiell interesse for å skjøne kva som skjer når demokratiet og maktfordelinga sviktar.
Denne modellen for samrøre for å hindre at folk kjem til orde og vert tekne omsyn til, kan ha førekome også i andre såkalla granskingar. At Kulturrådet ikkje kjøpte inn boka, er ein ny skandale. I rekkja av så mange.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Arbeidet er av enorm prinsipiell interesse for å skjøne kva som skjer når demokratiet og maktfordelinga sviktar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?