Landet utanfor
Vidar Sundstøl skriv om livet etter døden.
Vidar Sundstøl slo gjennom med første bandet i Minnesota-trilogien og fekk Rivertonprisen 2008.
Foto: Paal Audestad
Roman
Vidar Sundstøl:
Oseberg
Tiden
Kva hender med oss når vi døyr? Er det mogleg å ha kontakt med våre kjære etter at dei er borte?
Desse store spørsmåla har prega menneskelivet til alle tider og brenn også for oss som lever i dag. I populærkulturen trekkjer spektakulære show der såkalla «medium» hevdar å kunne setje døde og levande i kontakt med kvarandre, fulle hus. Tematikken er også sentral i fleire heilt nye bøker av det seriøse slaget.
Også Sundstøls førre roman bar preg av det mystiske og løyndomsfulle, gåtefulle forbindelsar og kontakt på tvers av tid og rom, skildra i eit nyskapande og biletrikt språk. Det siste er det mindre av i Oseberg, og romanen vekkjer ikkje heilt det same engasjementet.
Mot ukjent mål
Ein vaksen mann og ei tenåringsjente har synsvinkelen i annakvart kapittel gjennom boka. Jenta er i ei attkjenneleg røynd på klassetur i Oslo. Ho kjem frå ein mindre plass, er den minst kule i klassa, kjenner seg utanfor og har låg sjølvkjensle. Det viktigaste i livet hennar er framleis katten som døydde for mange år sidan. Med han kjenner ho framleis ein forbindelse, eit band. Ho har sett ein film der det heiter at «så lenge noen blant de levende tenkte på deg, var du ennå ikke ordentlig død». Dette er ei trøyst i den store einsemda ho lever i, men kanskje òg noko som hindrar henne i å kome vidare i livet. Ho har hatt eit nært forhold til far, medan mor er ein både perifer og skremmande figur.
Mannen i dei andre kapitla er i ei røynd det lenge er vanskeleg å dechiffrere. Inne i noko som minner om eit romskip ligg han på ein benk i ei heildekkande drakt han ikkje kan ta av seg, og han har mista neglene. I staden står eit svært tårn med negler ved sida av han inne i dette rommet, ei slags celle som også kan minne om eit rom på eit sjukehus, med leidningar og snorer som er festa til kroppen.
Han veit han er på eit slags skip og på ei reise, men anar ikkje mot kva eller kor – heller ikkje frå kvar han kom. På ein skjerm ser han scener frå eit liv, eit liv han ikkje minnest noko frå, men som han og lesaren etter kvart blir meir og meir sikker på må vere hans eige.
Negler
Sundstøl har henta inn element frå mytar kring døden, særleg norrøne, som skipet av negler. Dei mytiske elementa fungerer best i delane om jenta. Vikingane vart gravlagde saman med dyra sine, noko som sjølvsagt gjer inntrykk på ei som kjenner seg bunden til ein død katt. Her blir det konkrete og kvardagslege føydd saman med det mytiske og gåtefulle på eit vis som gjer inntrykk, og som vi alle kan relatere oss til.
Dette gjeld i mindre grad i kapitla om mannen. Tårnet av negler er meir absurd enn meiningsfullt, og det mannen erfarer og kjenner i det framande miljøet, blir diffust meir enn interessant.
Gradvis blir forbindelsen mellom jenta og mannen avslørt, og gåta får si løysing. Sundstøl legg ut små spor og frampeik til lesaren undervegs. Likevel er ikkje romanen heilt vellukka kompositorisk. Vekslinga mellom tekstplana er noko monoton, og trass sambandet mellom dei står dei fram som to einskilde historier som ikkje i stor nok grad kastar lys over kvarandre. Dermed kjem heller ikkje tematikken sterkt nok fram. Språkleg når heller ikkje romanen opp mot det nivået forfattaren har synt i tidlegare bøker.
Sundstøl har ikkje heilt makta å setje neglene i det store og gåtefulle ved det som skjer etter at vi døyr, på ein måte som verkeleg engasjerer.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sundstøl har henta inn element frå mytar kring døden, særleg norrøne.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.