Landskapets tekst
Paolo Cognetti søker lykke i det enkle livet nær naturen.
Paolo Cognetti (f. 1978) har skrive romanar, noveller og sakprosa for så vel vaksne som unge lesarar.
Foto: Mattia Balsamini
Roman
Paolo Cognetti:
Ulvens lykke
Omsett av Jon Rognlien
Cappelen
Italienske Paolo Cognetti (f. 1978) gjorde stor suksess med romanen De åtte fjellene i 2016, og romanen blei fort seld og omsett til 40 språk; ei norsk utgåve kom i 2017. Forfattarskapet er i hovudsak tufta på skildringar frå avsides fjellområde og møte med folk som bur der, det vere seg i Himalaya eller i det italienske alpelandskapet, som handlinga i Ulvens lykke er lagd til. Sjølv bur Cognetti i Milano, men han søker alltid inspirasjon i naturen, og da det store gjennombrotet kom, med De åtte fjellene, fekk han pengar nok til å bygge ei fjellstue i Alpane nord for Milano.
Fontana Fredda er ein liten alpelandsby på 1800 meters høgde, basert på skiturisme, fjellklatring, tradisjonelt landbruk og ulike strøjobbar, fjernt frå det hektiske storbylivet nokre mil lenger sør. Det er hit 40-årige Fausto reiser etter eit samlivsbrot. Han kjenner området frå barndommen. I landsbyen får han jobb som kokk i den einaste restauranten der, Babettes gjestebod, oppkalla etter Karen Blixens kjende novelle. Her jobbar også 27 år gamle Silvia, og det tar ikkje lange tida før det blir eit par av dei to. Denne kjærleikshistoria blir ei av grunnlinjene i Ulvens lykke.
Menneske og landskap
Men det er også ein annan kjærleik til stades: kjærleiken til naturen og landskapet, til kulturen og det som formar menneska som bur der, det stadbundne og tradisjonsbundne, arbeidet gjennom årstidene, dyre- og fuglelivet, alt som er på plass frå dag til dag i eit finstilt samspel mellom menneske og landskap. Fjellgubben Santorso har budd i Fontana Fredda heile livet: «Han sa navnet på alt de kjørte forbi, hvert eneste hus, hver landsby, alle folk, bekker, beitemarker, men lavmælt, som i en regle.» Slik glir alt inn i ein større samanheng som kanskje kan likne på lykke.
Cognetti kjenner også livet på fjellstuene som er base for fjellklatrarar og brevandrarar, og han skildrar nøkternt og usentimentalt ulykker, redningsaksjonar og dødsfall i fjellet. Slik kan det sjå ut: «Frosten konserverte dem, ingen bar dem vekk. Hva er poenget med å risikere livet for å bære ned et lik?»
Det enkle livet
Ulvens lykke er ei hyllest til det enkle livet i pakt med naturen, og Cognetti flettar saman fleire livshistorier til ein heilskap om kvardagar som liknar kvarandre og samtidig er ulike og eineståande. Og den ulven som har gitt romanen tittel, streifar heile tida rundt i utkanten av teksten. Han er der med like stor rett som menneska.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Cognetti skildrar nøkternt og usentimentalt ulykker, redningsaksjonar og dødsfall i fjellet.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.