Lengt i lenker
Butikksongar set det kvardagslege i kontakt med større system.
Helene Hovden Hareide er poet.
Foto: Tine Poppe
DIKT
Helene Hovden
Hareide:
Butikksongar
Aschehoug
Helene Hovden Hareide har tidlegare gjendikta det store, veksande poetiske langdiktet Migrasjonar av den meksikanske poeten Gloria Gervitz.
Potensielt veksande og flytande er også Hareides diktdebut, Butikksongar. Det er ein fiffig og produktiv overbygning i denne debutdiktboka, nemleg daglegvarebutikken. I butikken hender noko, ein utvekslar varer og pengar, folk kjem og går, og kanskje møter dei kvarandre. I tillegg kjem varene frå ei mengd stader, slik finst det usynlege trådar som spring frå butikken og ut i verda: «når melonfrø knasar/ klementinfrø knusar/ mellom mjølketenner/ veit eg ikkje kva som veks/ i borna// ein ny mangfaldig flora».
Eit usynleg kart
Ser ein større på det, vert butikken til eit usynleg kart over den lokale og globale økonomien, der både utbyting, profitt, produksjonslekkar og varebyte finn stad. Slik er dette ei diktbok som rommar ulike system, frå det mindre slektssystemet til økonomien. Grip ein fatt i ein del og tek til å nøste i henne, ser ein kor tett alt er bunde saman. Dikta startar med dei endane konsumenten kjem i kontakt med, og viser kor fast mennesket er fanga i nettet. Eit system knyter noko konkret og nært med det fjerne, slik som vatnet som vert ført fram frå naturen gjennom sinnrike røyrsystem til springen: «så er Korevatnet der/ på leppene hennar/ og på fjellet på same tid».
Tre bygdeblikk
Butikksongar gestaltar tre røyster, eller tre blikk frå personar frå same bygd: butikkmannen Håvard, ei småbarnsmor som har studert økonomane Adam Smith og David Ricardo, og ei eldre kvinne som har venta på slaktebilen. Slik vert butikksongane til eit kollektivdikt, der driven mot det nye, lengten ut av bygda, bort frå alle blikka, til utanverda, og kjærleiken vert kopla med dei kreftene og banda som held ein fast, butikken, bygda, slekta. Mentalitetane bryt mot kvarandre i ein kvervel der dei sentripetale og sentrifugale kreftene tilsynelatande held kvarandre i sjakk.
Dikta til Hareide er tilforlatelege, skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk beståande av mindre forteljande sekvensar som kjedar seg saman nedover sidene, og som vert til punkt og ofte til gode enkeltdikt. At Hareide evnar å skape ein fruktbar overordna samanheng til dikta, gjer at dei utvekslar tyding både internt og med overbygninga. Og nett det er imponerande.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta er tilforlatelege, skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.