Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Levande naturmytologi

Solplomme er ei metapoetisk forteljing der natur- og industrihistorie, saman med familiemytologi, blir mobiliserte som klangbotn for musikken og tekstene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3388
20250110
3388
20250110

Dikt / Musikk

Anna Kleiva (dikt) og Vilde Tuv (musikk):

Solplomme

Forlaget Oktober

Det blir sagt at lyrikken har røtene sine i magien: Messande song opnar døra til åndeverda. I verket Solplomme av Anna Kleiva og Vilde Tuv blir lesaren teken med på ei nyheidensk jonsokfeiring. Dikta syng antifonalt i ei åndepåkallande lovprising av naturens grøderikdom der menneska ser gapande inn i sola for å oppnå ekstase.

Jonsokfeiringa minner her om ein naturtilbedande heksesabbat, i kontrast til drifta mot erobring: Mannlege tindeklivarar la «grunnlaget for den moderne måten å tenke fjell på. Toppar å nå, ikkje frykte». Jonsokrituala, derimot, minner om at naturen er både livgjevar og bringar av farefylte grenseoverskridingar. Dette er innvarsla alt med omslaget, eit måleri av kunstnaren Shagha Ariannia som skildrar feminine, nakne figurar, og som kan skapa assosiasjonar til Matisses «La Danse». I utflytande strekar smeltar så å seia personane og omverda saman.

Rituala tekstene skildrar, tek det himmelske ned til menneskeverda: «sola på himmelen ei hand/ eit klaps på kinnet sola elskar deg, baby». Vekslinga mellom det høgstemde og anglofon populærkulturdiksjon strekar under at fortida lever i notida, og at ulike erfaringar saman formar oss som vesen i verda.

Metapoetisk forteljing

Eit lengre kapittel med tittelen «Backstage, backstone lokalportrett» utfordrar likeins tanken om at kunstverk kan forståast uavhengig av den skapande økologien dei er del av. Dette er nemleg ei metapoetisk forteljing der natur- og industrihistorie, saman med familiemytologi, blir mobiliserte som klangbotn for musikken og tekstene.

Jonsokfeiringa går føre seg i ei verd der plast framstår «som vimplar og/ snøflekkar i landskapet». Heldigvis er dette økoengasjerte verket fritt for enkle formaningar om å vise omsorg for naturen. I staden stiller boka spørsmål som utfordrar dei vande omgrepa vi tenkjer med: «trur du at brannen/ legg alt øyde/ eller trur du på det som gror/ i oska, det som gror fort og vanvitig/ grønt på branntomta». Denne skildringa av restane etter jonsokbålet blir i overført tyding eit bilete på at naturen kan regenererast. Det er ikkje tilfeldig at desse linene står i diktet nummerert som nummer sju. Såleis er heller ikkje naturen ein fastlagd kategori; også han [!] er i konstant endring: «naturen fornyar seg kvar vår […] kva er fornying og kva er varig/ endring kva er varig vern».

Natur og harmoni

Musikken vekslar òg mellom det opphavlege og det moderne ved å blande naturlydar med elektroniske harmoniar. Her knitrar det i bål og sildrar i bekker, medan dei raske stega til replikantane frå Blade Runner ljomar i bakgrunnen.

Sidan verket formidlar eit audmjukt-ekstatisk økoengasjement, stussar eg over at komposisjonane til Tuv er tilgjengelege i form av ein vedlagd CD, altså ei plastskive inni ei plastlomme. Var det verkeleg nødvendig, når musikken også kan lastast ned via QR-koden trykt i boka? Denne innvendinga hindrar likevel ikkje at Solplomme er eit vitalt kunstverk som stiller grunnleggjande spørsmål ved kven vi menneske er, og kva vi er del av.

Per Esben Svelstad

Per Esben Svelstad er professor i norskdidaktikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege
universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis