Løynde løyndommar
Prableen Kaur skriv om psykiske lidingar og livsmeistring i romandebuten.
Prableen Kaur har skrive sin første roman.
Foto: Pernille Marie Walvik
Roman
Prableen Kaur:
Ferdig med ting
Cappelen Damm
NRK-serien Jeg mot meg, der psykolog Peder Kjøs leiar samtalar mellom åtte unge vaksne, gir oss sterke innblikk i korleis det er å leve med angst og andre psykiske lidingar. I Prableen Kaurs skjønnlitterære debut får vi òg ta del i eit heilt ungt menneskes kvardag med sjølvforakt, etevegring og angst. Boka kunne vore eit slags vedlegg til TV-serien. Men forteljinga til Ilone i romanen skil seg frå dei åtte i TV-serien ved at vi aldri heilt får vite kvifor romanfiguren slit.
Bloggar
«Jeg skal fortelle deg noe. Da må du love ikke å si det til noen, for det er hemmelig.» Slik startar romanen. Først mot slutten går hovudpersonen Ilone bort frå å snakke til eit «du».
Vi får ei forteljing om eit semester på psykologistudiet ved Universitetet i Oslo, august–desember, med korte kapittel og nokre hopp tilbake til tid. Alt som handlar om fortid, er markert reint typografisk ved at teksten har ein annan farge, ein lillafarge. Denne neddusinga av teksten er eit artig grep som får meg til å tenke på gamle bilete, på sepia, og på filter vi kan legge på bilete, slik ein gjerne gjer for å markere tilbakeblikk i filmar. Den farga teksten får meg òg til å tenke på digital tekst, på bloggar, og på forfattarar, og bloggarar, som Linnéa Myhre og Linn Strømsborg, som òg har skrive fine, lettlesne eg-romanar om unge kvinner med psykiske utfordringar.
Ferdig med ting er krydra med mange referansar til klesmerke, sko, butikkjeder – ting – på ein måte som både peikar svært presis på notida, kritiserer materialismen og viser ein hovudperson som er opptatt av at «man må gjøre seg fortjent til bra ting», noko sjølvforakta hennar altså ikkje alltid tillèt henne å gjere.
Gåte utan svar
Når vi får presentert ei gåte i starten av ein roman, er vi vane med å finne svaret etter kvart. Og når temaet er psykiske lidingar, forventar vi å få ei viss forståing for kvifor romanfiguren har det vanskeleg, om det er traume som har forma personen. Men som Ilone seier sjølv, hadde ho ein fin barndom. Alt var lagt til rette for at ho skulle få det greitt, og av og til går det jo faktisk gale utan at ein kan peike på kvifor. Men vi får nokre hint om at det ligg noko mørkt gøymt ein stad, men hovudpersonen er ikkje i stand til å ta tak i det, ironisk nok, i og med at ho utdannar seg til å bli psykolog. Så opphavet til problemet blir skjult, både for Ilone sjølv, for kjærasten Benjamin og for lesaren.
Men undervegs ser det ut til at noko skal losne. Det er i starten av romanen vi får flest avsnitt med lilla skrift, etter kvart verkar det som om Ilone skjønar at fortida må få lov til å vere nettopp fortid, og ho forstår at ho må bli «ferdig med ting». Som lesar kan ein føle seg litt snytt av ikkje å få ta del i løyndommane til Ilone, men av og til er det jo berre slik det er, at ting er vanskelege å handtere. Frå hausten 2020 skal livsmeistring inn i læreplanane, kan hende kan det vere til hjelp for slike som Ilone.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som lesar kan ein føle seg litt snytt av ikkje å få ta del i løyndommane til Ilone.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.