Lukt av kristenmannsblod
Teikneserie
Håvard S. Johansen:
Trolljegeren. Myrdraugen kommer!
Cappelen Damm
Trolljegeren er basert på den norske filmen med same namn frå 2010. Trolltryggingstenesta slit med stramme budsjettrammer, sjefen har dessutan trøbbel på heimebane. Dottera Frida likar seg dårleg på skulen og oppfører seg deretter. Trolljegeren sjølv meiner laget treng forsterkingar, men løysinga blir ikkje heilt slik han har tenkt seg.
Filmen fekk overstrøymande mottaking då han kom ut for snart ti år sidan. Trolla høyrer heime i den norske folkekulturen. Gjennom spelefilmen fekk dei også ein etterlengta plass i den moderne populærkulturen. Giganten var på plass att i humorsatsinga Magnus på NRK sist vinter. Dette albumet hentar ny inspirasjon frå dei gamle norske folkeeventyra. Kristenmannsblod må skaffast i tønnevis for å vinne kampen mot kjempene.
Å utvikle teikneseriar baserte på sjangerfilmar er ein god idé, med mange moglegheiter. Håvard S. Johansen var med i det kunstnarlege teamet kring filmen, i framhaldet skriv han fram same snerten i dialogane. Myrdraugen er òg meisterleg framstilt, men den dramatiske linja er vanskeleg å følgje. Til dels er det også krevjande å avkode teksten i boblene. Handlinga heng i lufta når forteljinga er slutt og lovar lesaren eit framhald. Det vil gje historia høve til å falle betre på plass.
Janne Karin Støylen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Teikneserie
Håvard S. Johansen:
Trolljegeren. Myrdraugen kommer!
Cappelen Damm
Trolljegeren er basert på den norske filmen med same namn frå 2010. Trolltryggingstenesta slit med stramme budsjettrammer, sjefen har dessutan trøbbel på heimebane. Dottera Frida likar seg dårleg på skulen og oppfører seg deretter. Trolljegeren sjølv meiner laget treng forsterkingar, men løysinga blir ikkje heilt slik han har tenkt seg.
Filmen fekk overstrøymande mottaking då han kom ut for snart ti år sidan. Trolla høyrer heime i den norske folkekulturen. Gjennom spelefilmen fekk dei også ein etterlengta plass i den moderne populærkulturen. Giganten var på plass att i humorsatsinga Magnus på NRK sist vinter. Dette albumet hentar ny inspirasjon frå dei gamle norske folkeeventyra. Kristenmannsblod må skaffast i tønnevis for å vinne kampen mot kjempene.
Å utvikle teikneseriar baserte på sjangerfilmar er ein god idé, med mange moglegheiter. Håvard S. Johansen var med i det kunstnarlege teamet kring filmen, i framhaldet skriv han fram same snerten i dialogane. Myrdraugen er òg meisterleg framstilt, men den dramatiske linja er vanskeleg å følgje. Til dels er det også krevjande å avkode teksten i boblene. Handlinga heng i lufta når forteljinga er slutt og lovar lesaren eit framhald. Det vil gje historia høve til å falle betre på plass.
Janne Karin Støylen
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.