Makt og absurd teater
Giuliani da Empoli har skrive ein roman om det som går føre seg bak lukka dører i Kreml.
Statsvitaren Giuliani da Empoli debuterer med ein roman som han seier han har skrive for å formidle innsikter som ei statsvitskapleg avhandling ikkje kan uttrykkje.
Foto: Brigitte Baudesson
Dokumentarroman
Giuliani da Empoli:
Le mage du Kremlin
Gallimard, Paris 2022
«Ingen slepp unna sin eigen lagnad, og lagnaden til russarane er at dei er styrte av etterkomarane til Ivan den grufulle», seier hovudpersonen i denne romanen. «Du kan lage kva påskot du vil – proletariatets revolusjon eller liberalismen frie marknad – men resultatet er alltid det same: … at tsarens privilegerte vaktbikkjer hamnar på toppen» (mi omsetjing).
Det er Vadim Baranov som seier dette i Giuliani da Empolas bestseljande roman Le mage du Kremlin. Ein oppdikta person som burde vite kva han snakkar om: I over 20 år var han ein av Vladimir Putins næraste vaktbikkjer. Frå krigen i Tsjetsjenia til annekteringa av Krim var han Putins viktigaste rådgjevar. Han sette i scene Putins forvandling frå fargelaus byråkrat til russisk tsar.
Innsiktsfullt
Empoli har skrive ein elegant og innsiktsfull roman som kom ut i mars 2022, har vunne fleire prisar – mellom anna romanprisen til L’académie française – og har lege på bestseljartoppen i Frankrike i snart eitt år. Ei engelsk omsetjing kjem i oktober og vil venteleg ha stor suksess i den engelskspråklege verda òg. For roman tek opp eit tema som vestlege observatørar gjerne skulle vite meir om: Kva som går føre seg bak lukka dører i Kreml.
Romanen er ein studie av personar og politiske prosessar i krinsen rundt Putin. Han skildrar Russlands politiske kultur. Og – ikkje minst – utøvinga av politisk makt.
Forfattaren er ein ung sveitsar med mastergrad i statsvitskap få Sciences-Po i Paris og med erfaring som rådgjevar for italienske politikarar. Han er òg den drivande krafta bak Volta, ein politisk tenkjetank i Milano, og har skrive fleire bøker om makt og politikk. Dette er den fyrste romanen hans. Han seier sjølv at han har skrive ein roman for å formidla innsikter som ei statsvitskapleg avhandling ikkje kan uttrykkje.
Eit land i kaos
Romanen fylgjer karrieren til den fiktive Vadim Baranov – den «nye Rasputin». Han veks opp nær bestefaren sin, ein gamal bolsjevik med aristokratiske vanar og eit stort bibliotek. Unge Vadim vil ikkje studere jus, slik familien helst vil. Han byrjar i staden på ein teaterhøgskule. Noko stort talent som skodespelar har han ikkje, men han viser store evner som regissør.
Baranov studerer absurd teater. Og det i ei tid då Sovjetunionen kollapsar. Boris Jeltsin strir med eit land i kaos. Russarane, «som har vakse opp i eit heimland, oppheld seg brått i ein supermarknad». Med si eineståande evne til å fange og forme eit publikum, blir Baranov trekt inn i krinsen rundt den nyrike mediemogulen Boris Berezovskij som ser seg om etter politikarar han kan kontrollere.
Berezovskij plukkar ut ein grå byråkrat frå FSB og lovar å gjere han til Russlands nye sterke mann. Mannen er Vladimir Putin. Han takkar ja til tilbodet. Men då han byggjer opp makta si, vender han seg ikkje til Berezovskij, men til Baranov. For Putins store innsikt – og ein sentral bodskap i romanen – er at politikk er meir enn administrasjon, bokhald og rasjonelle aktørmodellar. Det er kunst.
Basert på Surkov
Putin ser dette. Han gjer Baranov til sin politiske rådgjevar og set Berezovskij på sidelinja. Der likar ikkje Berezovskij. Men han oppdagar raskt at Putin ikkje nøler med å fjerne kritikarar og konkurrentar. Då flyktar han til Storbritannia.
«Boris var ein briljant mann på mange vis», kommenterer Baranov, «men han las ikkje russisk historie». Han forstod ikkje det russiske folket. Han forstod seg på økonomi, men ikkje på politikk.
Den nytte–kost-kalkulerande Berezovskij endar opp daud på badet i ein luksusvilla i Surrey, mens teatermannen Baranov skaper det nye Russland: eit autokratisk system som ser ut som eit demokrati. Det er ei bragd som ville fått skaparane av Potemkins kulissar til å bli grøne av misunning, seier Baranov stolt.
Baranov er basert på ein verkeleg person: Vladislav Surkov. Han var òg oppteken av teater, blei rådgjevar for Boris Berezovskij, men glei mot slutten av 1990-talet inn i Putins leir. Der blei han verande i over 20 år som Putins politiske strateg. Heilt til han i 2020 uttala seg kritisk om Russlands politikk i Ukraina. Då fall Surkov i unåde og forsvann.
«Suverent demokrati»
I fyrste kapittel av romanen har Vadim Baranov forsvunne. Ingen veit kor han er. Men ein franskmann som vitjar Russland for å skrive bok om den russiske forfattaren Jevgenij Zamjatin, blir ein dag invitert til ein villa utanfor Moskva. Verten hans er ingen annan enn Vadim Baranov. Han gjev den vitjande franskmannen ny og viktig informasjon om Zamjatin, forfattaren av den profetiske framtidsromanen Vi.
Samtalen mellom dei to glir snart over i ein monolog der Baranov fortel historia om seg sjølv og om andre personar som forma det nye Russland – om Putins trufaste stabssjef, Igor Setsjin, om den valdelege ny-bolsjeviken Eduard Limonov, om den søkkrike Mikhail Khodorkovskij, om Jevgenij Prigozjin, «Putins kokk» og sjefen for den kontroversielle Wagnergruppa.
Men fyrst og fremst fortel Baranov om Putin – som han heile tida kallar «tsaren». Om korleis Putin temmer dei søkkrike nykapitalistane, korleis han gjenopprettar «maktvertikalen» i Russland, og korleis han skapar landet om til eit «suverent demokrati». Dess meir makt Putin samlar på eigne hender, dess meir einsam og paranoid blir han. Han stoler ikkje på nokon til slutt. Med unnatak av den store labradoren Koni – «utanriksministeren» hans – som Putin har med seg når han vil gjere vitjande diplomatar usikre.
Dokumentarroman
Empoli leverte bokmanuskriptet sitt til forlaget tidleg i 2021, eit år før Russlands invasjon av Ukraina. Boka får ikkje med seg invasjonen. Men dei siste kapitla får med seg opptakten i ei skildring av stigande spenning mellom Moskva og regjeringa i Kyiv. Romanen gjev ein gløtt inn i Putins verd, i isolasjonen og tenkjemåten der. Slik sender han eit flakkande ljos over bakgrunnen til invasjonen i Ukraina.
Til sjuande og sist er dette ei bok om politisk makt. Som utøvande kunst og som teater. Det er ikkje tilfeldig at boka opnar med eit motto av den russisk-franske filosofen Alexandre Kojève: «Livet er ein komedie. Ein lyt spele det med stort alvor.»
Eit viktig bodskap i Le mage du Kremlin (Vismannen i Kreml) er at Vesten ikkje forstår Russland. At Vesten vurderer Russland ut frå sine eigne, vestlege omgrep og dermed ikkje ser noko anna i Russland enn eit forvridd spegelbilete av seg sjølv. Baranov ler når den anonyme samtalepartnarens hans spør han om Russlands oligarkar.
«Russland har ingen oligarkar», svarar han. «Det er Vesten som har oligarkar» – søkkrike individ som vekslar rikdom inn i politisk makt ved å kjøpe seg innverknad i lovgjevande forsamlingar som så lagar lover som fremjar interessene til dei rike. Russland har ikkje noko slikt. Russland har søkkrike personar. Men dei blandar seg ikkje inn i Putins politikk. Då mistar dei alt. Kan hende mistar dei livet.
Empoli har skrive ein dokumentarroman – ein roman der hovudpersonen er oppdikta, men plassert i verkelege hendingar. Boka kan minne om Joseph Conrads Heart of Darkness (Mørkets hjerte). For det fyrste i struktur – mellom anna fordi ho har to forteljarar: ein (den anonyme franskmannen) som trekkjer ei ramme rundt forteljinga, og ein annan (Vadim Baranov) som fortel historia i ein lang monolog. For det andre i innhald: Forteljinga skildrar ei reise inn i eit framandt rike der den nakne makta rår.
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?