«Mange er asosiale, dei vil i alle fall ha so lite med samfunnet å gjera som mogeleg.»
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
6. august 1959
Løyndomen med Hamsuns vesen tenkjer på si stilling, sine pengar, sitt hus, sin bil, og prøver å forskansa seg og assurera seg på alle måtar.
Menneski hans er menneske i denne høge meining av ordet, dei lever ut sin lagnad, fylgjer si røyst, sine drifter, verdi er deira heim – ei stund i alle fall, men ikkje upphavet og endelykti, det er ikkje noko trongt moldvarp-liv dei lever, der er vidd og rømd og stjernehimlar ikring Hamsuns menneske.
Mange er asosiale, dei vil i alle fall ha so lite med samfunnet å gjera som mogeleg. Dette er eit sermerke som mange store menneske har. Dei kom til verdi og såg andre uppgåvor for sitt liv enn å lempa seg etter samfunnet, verta ein nyttig og bra mann. Det var vel ikkje det dei var komne her for! Høyrde dei ikkje annan musikk!
Og samfunnet, det såg dei no var berre noko keidsame, turre menneske hadde funne på, kom det ikkje nye lover til kvar tid? Isak Sellanrå har ikkje slike høyrt gjete. Berre verkeleg store menn kan samstundes vera sosiale.
Dei er so store at deira menneskelegheit strålar yver det sosiale, det å vera god borgar vert noko lite, noko verdfullt dei godt kan vera, eg tenkjer på Goethe og Wergeland. Men gløymde dei å vera menneske for det? Nei. Men for vanleg kvardagsmenneske er det fårleg å vera sosial, dei vert borgarar, og ikkje noko meir.
Formalisme. Tidi er ikkje skapande. Difor blømer formalismen på alle umkverve. Filosofane er slutta å filosofera, og dryftar ord og umgrep, noko som nærast høyrer heime under filologien. Diktarane diktar ikkje, men diskuterar måten å dikta på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Olav H. Hauge-dagbøkene
6. august 1959
Løyndomen med Hamsuns vesen tenkjer på si stilling, sine pengar, sitt hus, sin bil, og prøver å forskansa seg og assurera seg på alle måtar.
Menneski hans er menneske i denne høge meining av ordet, dei lever ut sin lagnad, fylgjer si røyst, sine drifter, verdi er deira heim – ei stund i alle fall, men ikkje upphavet og endelykti, det er ikkje noko trongt moldvarp-liv dei lever, der er vidd og rømd og stjernehimlar ikring Hamsuns menneske.
Mange er asosiale, dei vil i alle fall ha so lite med samfunnet å gjera som mogeleg. Dette er eit sermerke som mange store menneske har. Dei kom til verdi og såg andre uppgåvor for sitt liv enn å lempa seg etter samfunnet, verta ein nyttig og bra mann. Det var vel ikkje det dei var komne her for! Høyrde dei ikkje annan musikk!
Og samfunnet, det såg dei no var berre noko keidsame, turre menneske hadde funne på, kom det ikkje nye lover til kvar tid? Isak Sellanrå har ikkje slike høyrt gjete. Berre verkeleg store menn kan samstundes vera sosiale.
Dei er so store at deira menneskelegheit strålar yver det sosiale, det å vera god borgar vert noko lite, noko verdfullt dei godt kan vera, eg tenkjer på Goethe og Wergeland. Men gløymde dei å vera menneske for det? Nei. Men for vanleg kvardagsmenneske er det fårleg å vera sosial, dei vert borgarar, og ikkje noko meir.
Formalisme. Tidi er ikkje skapande. Difor blømer formalismen på alle umkverve. Filosofane er slutta å filosofera, og dryftar ord og umgrep, noko som nærast høyrer heime under filologien. Diktarane diktar ikkje, men diskuterar måten å dikta på.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.