Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Med eldhug og sterk vilje

Forteljeforma er eit modig og spanande grep, men teksten kunne ha vore betre gjennomarbeidd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukjend kunstar: Tormod Torfæus (1636–1719)

Kjelde: Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg slott / Wikipedia

5120
20201009
5120
20201009

Sakprosa

Bergsveinn Birgisson:

Mannen fra middelalderen. Historikeren og morderen Tormod Torfæus

Vigmostad Bjørke

Ei bok som hentar fram frå gløymsla ein signifikant historikar som Tormod Torfæus (1636–1719) og gjer han levande for eit samtidspublikum, høyrest ut som godt nytt. Torfæus var ein namngjeten mann i eiga tid, og han har mykje av æra for at islandske mellomalderhandskrift vart samla, granska og skrivne av på 1600-talet.

Han vart hyra inn som omsetjar og historiograf av sjølvaste einevaldskongen Frederik 3., og kongen forventa at arbeidet hans skulle underbyggje den danske kongeslektas lange røter og kongsrett. Strevet med å leite fram manuskript og formidle Nordens gamle historie vart eit livslangt prosjekt for Torfæus, og mellom anna skreiv han eit stort og viktig historieverk om Noreg. Verket vart omsett frå latin og utgjeve på norsk av forlaget Vigmostad Bjørke for nokre år sidan. Likevel er nok Torfæus i dag ukjend for mange.

Livsskildring

Det ynskjer norrønfilologen Bergsveinn Birgisson å gjere noko med. Med eldhug og sterk vilje til opplysing inviterer Birgisson lek og lærd med på oppdagingsferd fleire hundre år attende i tid: fyrst til Island og latinskulen i Skálholt, seinare til Danmark og konganes København, og endeleg til det meir provinsielle, sørvestlege Noreg. Tidsreisa er full av små og store, interessante og mindre interessante hendingar. Flyten kan vere dårleg, og gjentakingane er mange. Detaljane bognar, og forfattaren dveler ved fleire av dei for å måle opp for oss eit stort og utfyllande bilete av personen Torfæus og av samtida hans: 1600-talet.

Nett difor må ein undre seg over tittelen på boka: Mannen fra middelalderen. Mannen Torfæus levde i eineveldets og barokkens periode, og ikkje i mellomalderen, slik ein (gjengs) lesar naturleg vil tru. Legg ein godviljen til, kan ein kanskje tolke tittelen som at Torfæus er mannen som formidlar mellomalderen. Men ein kjem i stuss. Undertittelen fortel oss vidare at Torfæus var ein mordar. Når me langt uti boka kjem til dette punktet i soga hans, skjønar me at det gjeld eit drap utført i sjølvforsvar, og ikkje eit mord.

Forteljinga fungerer til dels som ei følsam livsskildring og til dels som opplysande sakprosa. Rett som det er dukkar òg fiktive innskot og bolkar opp. Denne hybride forteljingsforma er eit modig grep og i utgangspunktet spanande. Og ho kunne ha fengt oss dersom teksten hadde vore betre gjennomarbeidd, grunnarrativet meir stringent og «reiseleiar» Birgisson meir språkvirtuos og mindre skravlesam.

Det språklege er diverre eit problem i denne utgjevinga. Forfattaren freistar føre eit frodig og leikent språk, tidvis med munnleg og skjemtande tilsnitt. Dette er stundom sjarmerande, men fungerer berre til dels. Særs synd er det dessutan at ein fleire stader finn syntaktiske feil, inkonsekvent normering, overdriven eller ukorrekt teiknsetjing med meir. Gjennomgåande finn me òg uelegante uttrykksmåtar og idiomatiske feilskjer som irriterer og kjem i vegen for ei elles drivande historie. Til dømes skriv Birgisson på side 227 at «skaldekvadene [er] i en svært dårlig fatning». Og når ein på side 39 les at biskop Brynjólfur Sveinsson svor til «ubehøvla planker» når han lét utbetre bygningar, lyt ein flire. Men slikt burde jo forlaget ha luka ut.

Sjåvinistisk

Som forteljar ter Birgisson seg som sagt energisk og nærverande. Han har heile vegen mykje på hjartet og gaidar lesaren ivrig rundt blant store personlegdomar som biskopar, kongelege, polyhistorar og fleire. Nokre gonger ivrar han så mykje at han «slenger med leppa» og vert unøyaktig: Eg finn fleire anakronismar som ikkje vekkjer tillit. På side 101 omtalar til dømes Birgisson Island på 1600-talet som «et pietistisk samfunn». Men pietismen er eit barn av opplysingstida og oppstår fyrst på 1700-talet. Vidare kan han verke særs overraska over praksis og rasjonale som høyrer andre tider til, og innvier oss på eit nesten tabloid vis.

Slike trekk bidreg til at han frå tid til anna syner seg som ein slurven og i alle fall samtidssjåvinistisk historikar. Langsmed vegen flottar han seg dessutan med litterære assosiasjonar frå vidt og breitt som er meir eller mindre relevante, som til dømes ein plutseleg referanse til Bertolt Brecht, ei lettvint samanlikning med Kafkas Josef K. og eit underleg innslag på rim med tilvising til antikkt drama.

Boka er elles fint utstyrt med flotte fotografi, utførleg litteraturliste og eit stort noteapparat. Ein samla bibliografi over verka til Tormod Torfæus kunne òg ha vore nyttig.

Oppsummerande kan me seie at Mannen fra middelalderen er eit prisverdig bokinitiativ og på mange måtar opplysande lesing. Diverre er det fare for at upresist språk og overlest forteljarstil slit ut lesaren på vegen. Handlinga burde vore meir komprimert, og boka strengare redigert.

Hilde A. Bliksrud

Hilde A. Bliksrud er doktorgradsstipendiat i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mannen fra middelalderen er eit prisverdig bokinitiativ og på mange måtar opplysande lesing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis