Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Medrivande dystopi

Maja Lunde har funne nøkkelen som opnar for universelle forteljingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maja Lunde har skrive elleve bøker på fem år.

Foto: Oda Berby

3062
20171103
3062
20171103

Roman

Maja Lunde:

Blå

Aschehoug

Det er berre fem år sidan Maja Lunde debuterte som forfattar, men på denne tida har ho alt gitt ut elleve bøker: ni barnebøker og to romanar for vaksne. Både Bienes historie (2015) og årets bok Blå treffer ein nerve i tida som går på klimaendringar, ekstremvêr og – i forlenginga av det – folkevandringar mot tryggare område, med dei konfliktane det drar etter seg. Maja Lunde hentar ut dramatikken i dette stoffet og komprimerer det i engasjerande forteljingar om enkeltmenneske som opplever at verda rasar saman rundt dei.

Også i årets bok er det ulike tidsplan og handlingsplan som med finurlege grep blir førte saman. Samtidsplanet er lagt til ei vestlandsbygd der konfliktar kring vasskraftutbygging og eksport av breis er det berande elementet. Forteljaren Signe, nær 70 år og ekte 68-ar, går all in i situasjonane både som journalist og miljøaktivist. I forteljinga hennar ser ein spor av så vel Mardøla- som Alta-aksjonen, ja, det er også spor av Tea Party-aksjonen i Boston tilbake i 1773 da amerikanske aksjonistar lempa ei telast over bord i protest mot engelsk overstyring. Her sviktar nok logikken litt, for eg ser ikkje heilt for meg at ei eldre dame, nattetid og utan hjelp, greier å tømme eit skip lasta med is og etterpå stikke av i havseglaren «Blå». Det er slikt som Supermann greier utan å blunke.

språkleg energi

Men la det fare; Signes flukt langs norskekysten, gjennom den engelske kanalen og fram til Bordeaux er skildra med stor språkleg energi og inngåande kunnskap om å segle ein båt i full storm. Samtidig har Lunde eit godt grep om nære familierelasjonar og konfliktar som fører til brot og fiendskap, slik tilfellet er mellom Signe og mora og mellom Signe og ungdomskjærasten Magnus.

Den andre forteljaren er David på 25 år; tidsplanet er 2041. Handlinga er lagt til Bordeaux-området sør i Frankrike, eit område som i mange år har vore ramma av stigande temperatur og total tørke, slik at mangelen på vatn driv folk på flukt. På kort tid bryt sivilisasjonen saman, anarkiet overtar, sjansane for å greie seg krympar dag for dag, og David og dottera Lou manøvrerer etter beste evne i lovløysa til dei finn ein landfast båt som kanskje kan berge dei, ein slags Noas ark som berre ventar på syndfloda slik at vatnet kan stige og gi fri kjøl.

vassmangel

Og vatn er kjernen i romanen: vatn som ressurs for utvikling og velferd, havet som den blå åkeren og den globale søppelplassen, vatnet som grunnlaget for alt liv. Når vatnet forsvinn, blir mangelen det store trugsmålet mot menneskets eksistens på denne kloden.

Maja Lunde er ein engasjert forfattar, ho skriv godt og dedikert om det ho brenn for, og ho har ei eiga evne til å spegle store eksistensielle spørsmål i liva til heilt vanlege menneske. Det er vel det litteraturen handlar om, i siste instans.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Maja Lunde er ein engasjert forfattar, ho skriv godt og dedikert om det ho brenn for.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis