Meisterleg
Thomas Marco Blatt har skrive ein intens og klaustrofobisk roman om flukt og fangenskap.
Thomas Marco Blatt debuterte som lyrikar og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2006.
Rolf M. Aagaard / Kolon
Roman
Thomas Marco Blatt:
Tiden er ilden vi
brenner i
Kolon
Thomas Marco Blatt debuterte i 2006 med diktsamlinga Slik vil jeg måle opp verden. Han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris, og han følgde opp med to nye og solide diktsamlingar i 2008 og 2012 der han prøver ut ein slags topografisk posisjon med tittelen 1920 Sørumsand, som typisk for det han har på hjartet: oppvekst og heimstad. Det er også omdreiingspunktet for den første romanen hans, Varsjøen (2016), ei oppvekstskildring frå nettopp Sørumsand med ein spenningsnerve som i årets roman faldar seg ut i full intensitet. Han har frå før levert solide sveineprøver – no leverer han meisterbrevet.
Velskriven
Tiden er ilden vi brenner i er ein usedvanleg velskriven roman som på fleire plan handterer både ytre og indre spenning: mellommenneskeleg i eit fortetta forhold mellom mor og dotter på ferie i Portugal, i eit globalt perspektiv der alt blir svidd nakent av langvarig tørke, skogbrannar og eit samfunn som har mista kontrollen ved grensene slik at alt er i fri flyt.
Dei siste åra har Portugal vore hardt ramma av dødelege skogbrannar, og det er i Portugal det meste av handlinga utspeler seg i romanen. Camilla har tatt med tenåringsdottera Emma til Algarvekysten, både for rekreasjon og for å komme unna sambuaren Martin, som ønsker omsorgsretten for Emma. Både mor og dotter slit psykisk etter ei trafikkulukke som gjorde at mora spontanaborterte, og det er i denne sorga ho grev seg ned og drar Emma med seg inn i ei irrasjonell og paranoid kjensle av at dei begge er overvaka og i ei risikosone der dei kan bli borte for kvarandre.
Dette skildrar Blatt på meisterleg vis gjennom korte setningar og ein hektisk stil som skaper ei kjensle av noko usikkert, noko oppkava og nervøst, høg puls og ein sinnstilstand heilt på grensa til samanbrot der flukt blir den einaste redninga – ei irrasjonell flukt frå Martin og ei konkret flukt frå ein eksplosiv skogbrann.
Blindsone
Camilla lever i ei intuitiv blindsone, og i desperasjon reiser dei to frå kysten og innover i landet til ein avsides landsby der dei leiger eit hus og inngår avtalar med ein småkriminell familie som lever av smugling og tvilsame transaksjonar. Det er her dei blir fanga i ein skogbrann, og det er her tittelen Tiden er ilden vi brenner i brått blir konkret og noko meir enn eit poetisk sitat frå den amerikanske poeten Delmore Schwarz (1913–1966): Time is the fire in which we burn.
Samtidig går det ein understraum av sorg gjennom heile romanen frå første til siste setning: «Døden er en sorg for de levende, de døde har ingen sorger.» Og det sluttar slik: «Mamma, sa Emma, kan du stoppe tiden? Og jeg ville ikke svare, jeg ville bare sove, og jeg sa at bare barn kan det, barn som ligger helt, helt stille.»
Thomas Marco Blatt har levert ein usedvanleg gjennomarbeidd tekst. Det har tatt nokre år å nå dit, men no er han i toppsjiktet av samtidslitteraturen.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No er han i toppsjiktet av samtidslitteraturen.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.