Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Mest for eigen flokk

Klein har skrive ei viktig bok, men primært for klimaaktivistar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kanadiske Naomi Klein er forfattar, journalist og aktivist.

Foto: Debra Friedman

4353
20201204
4353
20201204

Sakprosa

Naomi Klein:

Det brenner. Et flammende innlegg for en grønn New Deal

Omsett av Bjørn Alex Herrmann, Gøril Eldøen, Magne Tørring og Guro Dimmen
Forlaget Oktober

Naomi Klein er ein velkjend kanadisk forfattar, journalist og aktivist. I boka Det brenner gjev ho entusiastisk støtte til Den grøne avtala. Det er ein ambisiøs plan for fundamental endring av amerikansk klimapolitikk. Planen byggjer på tankegodset frå New Deal, introdusert av president Roosevelt i 1930-åra for å koma ut av den langvarige økonomiske krisa. For å lære meir om denne avtala kan ein særskilt tilrå det siste kapittelet.

Boka baserer seg mykje på føredrag som er haldne i ei rekkje land. Den sterke sida ved boka er den levande skildringa av dei negative konsekvensane som følgjer med klimaendringar – frå omfattande skogbrannar til dramatiske vêrfenomen. Ho gjev ei grundig skildring av dei mange grasrotrørslene som kjempar for ein meir kraftfull klimapolitikk. Eg likar òg understrekinga av at klimautfordringane ikkje kan løysast av den einskilde. Det er bra at det vert gjort ein innsats for å avgrensa klimaavtrykk, men det monar lite kva den einskilde gjer. Dette kan medverka til at dei mange unge aktivistane ikkje får dårleg samvit om dei føler at dei ikkje gjer nok.

Fjern draum

Det ei viktig bok, men ho er primært skriven for klimaaktivistar. Boka diskuterer òg i liten grad sjansen for å få avtala vedteken. Dei som ikkje er klimaaktivistar, får det glatte laget. At president Trump vert kritisert, er forståeleg. Problemet er at det var 73 millionar amerikanarar, mange med arbeidarklassebakgrunn, som støtta han. Det er langt fleire enn dei klimaaktivistane som Naomi hyllar. Desse menneska oppfattar andre problem som meir presserande enn klimaendringar, og ein kan neppe klandra dei for det.

Det er godt nytt for klimapolitikken at Joe Biden er vald til president, men kor mykje han får gjort, er avhengig av samansetjinga av Senatet. Biden har òg distansert seg frå avtala, som berre vert støtta av eit mindretal på venstresida i det demokratiske partiet. Så langt er avtala difor ein fjern draum.

Klein ser kapitalismen som hovudgrunnen til at dei effektive tiltaka ikkje vert gjennomførte. Ser ein økonomisk vekst som drivkrafta innanfor kapitalismen, har ho rett av di økonomisk vekst er den viktigaste drivkrafta for auke i klimagassutsleppa. Problemet er at alle land har økonomisk vekst som mål. Den viktigaste internasjonale utfordringa er difor korleis ein skal kunna bryta samanhengen mellom økonomisk vekst og utslepp.

For å skapa grorbotn for dette er aktivisme og nye normer, som Klein legg vekt på, viktig. Avskaffinga av apartheid vert ofte forklart i eit normbasert perspektiv. Det er ingen tvil om at det no er vorte langt viktigare å stå fram som «grøn». For å gje dette praktisk betyding held det ikkje med aktivisme. Då trengst det ei kopling mellom marknad og politikk for å fremja utbreiinga av ny naudsynt teknologi, og utviklinga her har gått svært raskt. Takk vere utviklinga av ny teknologi har USA ­– paradoksalt nok – vore mellom dei landa der utsleppa har vorte mest redusert dei siste åra. Utfordringa er difor meir komplisert enn det Naomi skriv om i boka si.

Globalt samarbeid

USA er det mektigaste landet i verda, men det er ikkje her nykelen til løysinga av problemet ligg, men i det globale sør, der ein stadig større del av utsleppa skjer. Det er difor naudsynt å sikra eit effektivt globalt samarbeid, og Parisavtala er eit lite, men naudsynt steg

Naomi vier ikkje dette mykje merksemd. Ho hevdar til og med at problemet kunne vorte løyst gjennom internasjonale forhandlingar alt i 1988. På det tidspunktet hadde ikkje dei internasjonale forhandlingane teke til, og det tok 25 år før semje om ei røynleg global avtale vart nådd.

Boka til Naomi Klein er prega av eit ekte og sterkt engasjement, er velskriven og vil verta lesen av mange. Det er i meste laget med merksemd kring betydinga av aktivisme. Dei grunnleggjande drivkreftene får for lite vekt. Det er òg lagt for lite vekt på sjansen til å få avtala vedteken og det naudsynte i eit effektivt internasjonalt samarbeid.

Steinar Andresen

Steinar Andresen er seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka til Naomi Klein er prega av eit ekte og sterkt engasjement.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis