JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Metamorfoser, eit av dei viktigaste litterære verka i verdshistoria, er for første gong omsett til norsk i sin heilskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ovid – Publius Ovidius Naso – vart fødd i år 43 f.Kr. i Sulmo i Romarriket. Han døydde i år 17 eller 18 e.Kr.

Ovid – Publius Ovidius Naso – vart fødd i år 43 f.Kr. i Sulmo i Romarriket. Han døydde i år 17 eller 18 e.Kr.

Ovid – Publius Ovidius Naso – vart fødd i år 43 f.Kr. i Sulmo i Romarriket. Han døydde i år 17 eller 18 e.Kr.

Ovid – Publius Ovidius Naso – vart fødd i år 43 f.Kr. i Sulmo i Romarriket. Han døydde i år 17 eller 18 e.Kr.

7463
20241206
7463
20241206

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Epos

Ovid:

Metamorfoser

I serien Kanon. Antikkens litteratur på norsk
Gjendikta av Thea Selliaas Thorsen
Gyldendal

Dei greske gudane er ofte på kvinnfolkjakt. Det endar gjerne med at dei får, eller helst tek, den dei vil ha. Men det går ikkje alltid slik: Apollon, guden med sylvbogen, gjorde ein gong narr av kjærleiksguden Cupido og den vesle bogen hans. For å hemna seg ramma Cupido Apollon med den kvasse elskovspila si så han vart forelska i nymfa Dafne. Men mot henne skaut Cupido ei butt pil som gav avsmak for kjærleik. Det går ikkje greitt då dei to møtest. Nymfa fer skremd av garde med flagrande hår og Apollon i hælane. Då guden endeleg får kasta seg over henne, bed ho fortvila til far sin, flodguden, om å bli fridd frå famntaket. Og ho stivnar som ein stokk, lemmene vert til greiner og det flokete håret til bladverk. Ho vert til eit laurbærtre (’dafne’ på gresk). Apollon klamrar seg til stammen.

Denne kjende historia om Apollon og Dafne finn vi først hos den romerske diktaren Ovid. Han fortel ho så kvikt og elegant som berre han kan, i storverket Metamorfoser (Forvandlinger). Det vart til i tiåra rundt Kristi fødsel. Dei 12.000 verselinene, fordelte på 15 «bøker» (bokrullar), har no vorte gjendikta til norsk av Thea Selliaas Thorsen. Også omsetjinga er eit storverk: over 500 sider latin forvandla til norsk.

Apollon jagar Dafne.

Apollon jagar Dafne.

Foto via Wikimedia Commons

Diktet

I Metamorfoser vartar Ovid opp med ei mengd morosame, dramatiske og stundom groteske historier. Gudar er gudar og gjer kva dei vil, og menneska det dei kan. Ovid har prega ettertidas bilete av den gresk-romerske gudeverda sterkare enn nokon annan forfattar frå oldtida. Han har inspirert diktarar og kunstnarar til alle tider. Mange kunstverk vi kjenner som illustrasjonar til antikk mytologi, illustrerer i røynda spesifikke scener frå Ovids Metamorfoser. I den vestlege verdslitteraturen rangerer Ovids Metamorfoser på nivå med Homers Odysseen, Vergils Aeneiden, Dantes Den guddomlege komedien og Miltons Det tapte paradis.

Ovid gjorde dikt og forbanna løgn av mest heile den greske og romerske myte-, legende- og eventyrverda. Til saman fortel eller hintar Ovid til meir enn 250 historier. Ved sida av den om Apollon og Dafne har vi til dømes historia om gudinna Venus som forelskar seg i den vakre Adonis. Vi har historia om Diana og jegeren Aktaion, som uheldigvis får sjå gudinna naken, og dei om Narcissus og Ekko og Orfevs og Evrydike.

Det tragiske motivet frå historia om Pyramus og Thisbe går att i historia om Romeo og Julie. Hovudmotivet frå historia om Filemon og Baucis, som blir vitja av gudar inkognito, finn vi igjen i Wessels «Gaffelen». Pygmalion er kunstnaren som vart forelska i kvinneskulpturen han sjølv hadde laga. Derfrå går ei line heilt til My Fair Lady. Daidalos laga vengjer av voks til sonen sin, Ikaros; då sonen flaug for nær sola, smelta vengjene, og han fall i havet. Derfrå går ei line til Axel Jensen.

Ovid har vore særs vel heime i det enorme antikke mytestoffet. Han har jakta høgt og lågt på historier der ei form for forvandling kunne gjerast til eit poeng. Han lèt menneskelege skapnader verta til dyr, eller dei vert til vekstar, som Dafne, eller ei stjerne. Ei kvinne vert til mann, dyr vert til stein, natur vert levande. «Alt blir forvandla, intet går til grunne», seiest det ein stad i diktet. Det innbyd til å stilla djupe spørsmål om eksistens og endring, liv og død, og om kva alle desse gudane eigentleg representerer.

Som diktverk er Metamorfoser alt anna enn einsformig. Diktaren er sjølv hovudforteljar, men han lèt ofte dei mytologiske skapningane sine, dyr som menneske, fortelja om ting dei sjølv har opplevd eller har høyrt om frå andre. Det er mange røyster i verket. Det er også mange mønster i teksten. Ovid veit alltid kva han gjer, og kor han er.

Metamorfosane fylgjer i hovudsak ei kronologisk ordning. Det byrjar med korleis kaos vert til kosmos, held fram med dei fire verdsaldrane og den store flaumen. Mot slutten, etter nokre episodar frå krigen ved Troja, går turen til Roma og kong Romulus. Det heile endar med at Julius Cæsar blir forvandla til ein lysande komet når han døyr. Det skjedde i år 44 f.Kr., året før Ovid vart fødd.

Diktaren

Ovid – Publius Ovidius Naso – vart fødd i gode kår utanfor Roma. I tenåra vart han send til byen for å studere retorikk. Det var vegen til danning og til ein politisk løpebane. Men Ovid hoppa av. Å lage vers var det einaste han ville. Han meistra kunsten som ingen annan.

Ovid fekk først ut den frivole diktsamlinga Kjærleikseventyr, der diktaren eller rettare diktar-eget utfaldar seg både i senga og i selskapslivet. Sidan fylgde den frekke handlinga i Kunsten å elska, der både menn og kvinner får råd om kva dei kan gjere for å lukkast på kjærleiksfronten. Alt som fører til målet, det vil seie senga, er tillate. Sovevaldtekter er det kvinna si sak å unngå. Denne delen av diktinga til Ovid er mannssjåvinistiske grunntekstar i kulturen vår.

Ovid kom etter kvart på kant med makta og moralens vaktarar. I år 8 e.Kr., då diktaren var rundt 50, gjekk det ut eit bod frå keisar Augustus om at Ovid skulle utvisast frå Roma. Han seier sjølv at det var diktinga hans og eit feilsteg – ein error – som var grunnen. Noko nærare veit vi ikkje. Dei siste ti leveåra måtte han halde seg ved Romarrikets ytste rand, ved kysten av Svartehavet. Til vener heime sende han dikt som var fulle av klagar, men i vers like overlegent elegante som før.

Den norske Ovid

Thea Selliaas Thorsen er professor i klassiske studium (gresk og latin) ved NTNU i Trondheim og spesialist på Ovid. Ho har tidlegare omsett den erotiske diktinga hans. Når ho no har teke føre seg hovudverket, har ho gjort særs grundig arbeid. Gjennom ei fyldig innleiing vert lesaren rusta til å gå inn i verket. Sjølve gjendiktinga vert fylgd av 35 sider med merknader til problematiske stader i teksten. Her syner filologen seg fram.

Svært nyttig er to knappe oversyn: eit over episodar og narrative nivå i verket, eit anna om alle forvandlingane. Ei alfabetisk liste over alle stader og personar som blir nemnde i verket, med opplysning om kvar einaste plass namnet er nemnt i teksten, strekker seg over 80 sider.

Gjendiktinga har verstal i margen og mange mellomtitlar. Det er raust overfor brukarar av boka. 2000 år gamle latinske tekstar treng eit apparat rundt seg sjølv når – eller særleg når – dei kjem i norsk språkdrakt. Det er òg mykje som må forklarast undervegs gjennom den myldrande verda til Ovid. Difor er gjendiktinga forsynt med nesten 1300 knappe fotnotar. Lesarane er godt hjelpte. Betre med for mykje enn for lite.

Og sjølve omsetjinga eller gjendiktinga? Det var lett for Ovid, han skreiv kva han ville på sitt eige språk og på heksametervers som det var tradisjon for i Roma. Thorsen er tvinga til å seie «det same» som Ovid, men på norsk. Og ho har fortenestefullt valt å nytta det same versemålet som Ovid, noko som krev språklege offer. Men Thorsen er både lydhøyr og oppfinnsam. Lesarane, som får instruksjonar i innleiinga, vil snart finna flyten i versa, frå opninga «Nye, forvandlige skikkelser har jeg fått mot til å skildre/ guder, beånd det jeg nå har begynt på», til epologen: «Nå har jeg ferdigstilt verket, som ikke kan utslettes av Zevs/ vrede, nei, verken av ild eller sverd eller etende elde».

Øivind Andersen

Øivind Andersen er filolog og professor emeritus i gresk ved Universitetet i Oslo.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring
Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring
Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen
Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis