JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Miriam, vondskapen og einsemda

Marte Mesna skriv med djup innsikt i det psykologiske maktspelet mellom folk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marte Mesna debuterer som romanforfattar.

Foto: Fartein Rudjord

3587
20240516
3587
20240516

Roman

Marte Mesna:

Sluke verden hel

Forlaget Oktober

«Om du hatar ein person, hatar du eitkvart ved han som er ein del av deg sjølv.» Så sa han Hermann Hesse, og utan å herma han Hermann har Marte Mesna skrive ei forrykande god debutbok med ein hovudperson som har forstått dette, ho Miriam, som me møter på fleire stadium i livet.

Dei fleste bolkane i romanen er anten frå 1998–1999 eller tjue år seinare. På slutten av nittitalet er Miriam elev ved dramalinja på ein vidaregåande skule. Elevane har fått ei prosjektoppgåve der dei skal skriva om pressedekking det siste tusenåret, ikkje mindre, fram mot tusenårsskiftet.

Pressedekking

Miriam sitt val er britisk pressedekking av saka om drapet på toåringen James Bulger, og dei to ti år gamle drapspersonane. Ein av vanskane Miriam støyter på i dette prosjektet, er at ho vert for engasjert i saka. Og på subtilt vis syner Mesna oss at den vondskapen som drap vesle James, ikkje er ulik reaksjonen på drapet, der dei to gutane vert demoniserte i pressa, utan at dei som såleis gav uttrykk for hatet sitt, forstod at ein sår tvil om sin eigen humanitet ved å dehumanisera andre.

Imellom dei ulike tilnærmingane til oppgåva får lesaren sjå korleis Miriam lever i lag med andre elevar, og me får mange og viktige gløtt attover i soga hennar, til ein anstrengt familiesituasjon. Miriam levde i lag med mora Helga og stefaren Arnt, og denne stefaren er skildra på imponerande vis. Han er tydelegvis ute etter psykologisk kontroll, men han er uberekneleg, og for meg ser det mest ut til at han ikkje eigentleg veit kva han vil, eller forstår posisjonen sin. Han stiller krav til Miriam som ho ikkje har nokon sjanse til å forstå, og tidt er irritasjonen hans utan konkrete koordinatar.

Kompliserte relasjonar

Miriam sin relasjon til lærarar og elever, og til vaksne vener tjue år seinare, er også komplisert, og litt på same vis som med Arnt. Ho legg ikkje fram nokon konklusjon, ho berre skildrar det slik det er, som eitkvart ein ikkje kan definera ferdig, noko med den djupe einsemda som ligg i erkjenninga av at ein aldri når heilt fram til dei andre, at verkeleg påliteleg kommunikasjon er umogleg.

Når den vaksne Miriam vert kjærast med Jens, som ho har vore litt i lag med før, forstår lesaren at det, diverre, er noko av stefaren Arnt også i han. For på eitt eller anna vis kjenner ein at han stiller krav som aldri vert tydeleg formulerte, dei er flytande, alltid noko litt anna enn dei ser ut til. Og det er nettopp dette Marte Mesna får til å skildra så fabelaktig godt. Ikkje minst av di det er just ho som burde finna ut kva det er dei andre vil, for ho har absolutt gehør for korleis folk ordlegg seg.

Her er samtalane alltid autentiske, folk snakkar på naturleg vis, dei avbryt seg sjølve, repeterer, siterer, legg inn ordspel, tullar, spør og svarar i same slengen. Og Miriam kjem nokre gonger fram til andre som snakkar om eitkvart ho ikkje kjenner byrjinga på, utan at Mesna grip inn og hjelper til. Det gjer at teksten tykkjest sann og sterk. Skildringa av ein biltur med Jens på sidene 237–243 er eit høgdepunkt når det gjeld truverdige dialogar, der det vert liggande noko ubehageleg under det tilforlatelege og kvardagslege.

Sluke verden hel er ein fullmogen roman av høg kvalitet, skriven med djup innsikt i maktspel i nære relasjonar, og med vilje og evne til å forstå det uforståelege.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Marte Mesna har skrive ei forrykande god debutbok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis