Mysteriet i den sørgande skogen
Med samanflettinga av kvardag og mørke gir Gerdur Kristny meg ei sjeldan god lesaroppleving.
Gerdur Kristny har skrive 30 bøker og fekk i 2010 Islandsk litterær pris.
Foto: Gassi
Roman
Gerdur Kristny:
Hestvík
Omsett av Tone Myklebost
Aschehoug
«Likte du Elena Ferrantes Svikne dagar, vil du like denne», såg eg eit forlag skrive om ei av årets utgivingar. Om Gerdur Kristny og Hestvík skriv Aschehoug at ho er «Islands Helle Helle». Lesinga blir fort farga av slike karakteristikkar, men eg er sikker på eg ville tenkt på Helle Helle òg om eg ikkje hadde lese desse orda frå forlaget.
To traume
Helle Helle gir meg ei heilt spesiell stemning som er både lys og mørk, luftig og klaustrofobisk – full av motsetningar. Slik er det òg å vere i Kristnys roman. Hovudpersonen Elín slit med å kome over to traume: tapet av foreldra og skilsmissa frå far til son hennar. I tillegg skal ho straks opererast for hjarteflimmer.
Vi er i det enkle og vesle sommarhuset til Elín i Hestvík. Ho har med seg den tolv år gamle sonen Dorí, som er med for første gong. Sjølv har ho ikkje vore der på ti år, det var då mor hennar døde og faren begynte å bli sjuk – det har ikkje kjenst naturleg for henne å reise dit utan dei. No skal ho hente mora sine vêrbøker, kladdebøker ho har skrive små notat om vêret gjennom åra, før ho sel huset.
Ulming
Kristny nyttar svært mørke og overraskande bilete for å flette sorga inn i kvardagen. Til dømes blir årstala på vêrbøkene samanlikna med inskripsjonar på ein gravstein, og då Elín er på veg til Hestvík og prøver å dele entusiasmen for staden med sonen, samanliknar ho dette med å love «en fange som skulle henrettes evig lykke i det hinsidige». Det er i det heile mykje ulming i teksten.
Ein tidleg morgon sit det eit frose og fåmælt barn på terrassen. Snart kjem far til barnet springande, og dei får forklart at vesle Bergdís har Aspergers syndrom og har funne på slikt tidlegare. Det viser seg at faren og Elín gjekk i klasse på grunnskulen. Haukur var ein versting, han utnytta makta si på fæle måtar. Då Elín no blir invitert over på ei samkome, kjenner ho «en barnslig stolthet»; rollene er dei same etter alle desse åra.
Kultur og klasse
Elín kallar huset til Haukur for «sommerhuset som brant», etter eit hus som stod på same tomt for mange år sidan. Når ho kjem dit på rieslingfest, gir Kristny oss nokre kostelege observasjonar av kultur og klasse; selskapet snakkar om tema som Uganda og turistar på svært komiske vis.
I løpet av kvelden blir Bergdís borte igjen. Det hender fleire gongar i boka at folk gløymer seg bort mens dei går i skogen. Kristny refererer til eventyret om Gullhår, og ho skriv om Bergdís at det glitrar rundt henne som i ein Disney-film. I leitinga oppsøker Elín ein gammal ven av familien som no bur saman med to ungdommar som minner meg om tvillingane i Ondskapens hotell. Det er heile tida noko eventyrleg og mørkt som ligg under feriekvardagen.
Under leitinga blir Elín dårleg. Heile tida ser ho for seg hjartet sitt som ein kvalp ho fekk halde ein gong då ho var barn, ein hund så liten at han fekk plass i handa hennar og som ho ser for seg pustar roleg og trygt. Og heile tida har ho stemma til mor si i hovudet, stemma som har hjelpt henne livet gjennom: «Jeg vet du klarer det.» Eg håpar òg at ho klarer seg.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er heile tida noko eventyrleg og mørkt som ligg under feriekvar-
dagen.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.