Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Naken lyrisk dialog

Ida Frette er ein særmerkt og vågal diktdebutant som undersøkjer språket som handling og rørsle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ida Frette er debutant.

Ida Frette er debutant.

Foto: Dirk Vogel

Ida Frette er debutant.

Ida Frette er debutant.

Foto: Dirk Vogel

2686
20210820
2686
20210820

DIKT

Ida Frette:

Perverst navn

Oktober

Det er ein svært naken lyrisk dialog debutanten Ida Frette har skapt i diktboka Perverst navn. To røyster vekslar gjennom boka. Sjølv om referansane til den ytre verda er sparsame, så finst dei, i form av ein bar, leilegheita, nabojenta.

Tidvis verkar det som røystene snakkar saman, men stundom når dei ikkje fram til den andre, kanskje fordi samtalepartnaren misforstår eller ikkje oppfattar kva den andre røysta seier. Røystene held likevel fram, nett som om det kviler ein tvang over setnings- og tydingsskapinga som kanskje botnar i redsla for at den endelege teiinga då skal inntreffe.

Maktforhold

Tilhøvet og maktforholdet mellom røystene er skiftande, og dei vekslar mellom å vere avhengige, innynde seg, kontrollere og avvise. Då den eine røysta freistar skape ein trygg atmosfære, er den andre usikker på om ho vert halden for narr og berre vert lokka til å vedkjenne seg. «Hun sier:/ Det er bare oss to her./ Det er trygt å vise meg at/ det ikke finnes håp.»

Sjølv om ein kan skulde teksten for å vere hermetisk og innovervend, er han ikkje vanskeleg tilgjengeleg. Det handlar meir om å finne moglege perspektiv å sjå teksten i. I denne boka er det språket som prosess, rørsle, handling og hending som er i søkjelyset, altså kva som skjer i språket, snarare enn dei fikserte bileta språket kan levere oss av røynda.

Språkrefleksjonar

Ein ser at teksten ofte viser til gestar og til handrørsler som syner ut or teksten eller vert ståande som ei språkleg grense, som peikar på den stumme kroppen og noko ein som lesar ikkje ser: «Hun sier:/ Billige tricks./ Det som du gjør nå./ Sånn.»

Språk vender seg alltid til nokon, anten det er til seg sjølv eller til ein verkeleg eller tenkt person. Gesten krev derimot at ein er til stades, i situasjonen, men som lesar er ein ikkje der situasjonen utspelar seg, fullt ut. «Hun sier:/ Det er så mange som ikke ser hva/ jeg gjør. Men du ser det.» Slik skapar Frette ei tekstleg erfaring av kva dei to røystene kjenner at skjer når dei nyttar verbalspråket.

Sjølv om teksten er strippa og setningane tilsynelatande er enkle og nærast uskuldige, maktar teksten til Ida Frette å setje i gang refleksjonar over kva språk gjer. Språk er ikkje noko som berre finst og er til, det kan vere sant eller usant, det gjer ting med den som brukar det, og med den det er retta mot, og det dekkjer ikkje alt, språket er også utilstrekkeleg.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Språk er ikkje noko som berre finst og er til, det kan vere sant eller usant.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis