Nær døden-opplevingar
Ernaux skriv så rått frå moras siste dagar at det nesten luktar frå boksidene.
Annie Ernaux fekk Nobelprisen i litteratur i fjor.
Foto: Catherine Héie / Eiditions Gallimard
Dagboksnotat
Annie Ernaux:
Jeg er fortsatt her inne i mørket
Omsett av Henninge Margrethe Solberg
Gyldendal
«Jeg vemmes ved tanken på en bok om henne. Litteraturen er maktesløs.» Slik reflekterer Annie Ernaux mot slutten av denne boka, straks etter at mora er død. Like fullt har ho skrive to bøker om si eiga mor: En kvinne, som kom på fransk i 1987 – ikkje så lenge etter at mora var død – og på norsk i 2021, og denne som på norsk har fått tittelen Jeg er fortsatt her inne i mørket, som bygger på dagboksnotata frå dei siste to–tre åra mora levde.
En kvinne fortel om livet til mora, frå den heller fattigslege barndommen, gjennom strevet hennar i vaksenlivet for å kome opp og fram for å gje dottera, Annie, alt det ho sjølv ikkje fekk. Denne boka er skriven med større avstand, er redigert og omarbeidd. Jeg er fortsatt her inne i mørket er rå og direkte. Teksten er så tett på at lesaren nesten kjenner dei ubehagelege luktene som stammar frå alle dei forfalne kroppane på aldersheimen der Annie besøker mora nesten dagleg den siste tida. I tid og handling overlappar byrjinga av En kvinne med slutten av Jeg er fortsatt her inne i mørket, men stilen er veldig ulik, og saman utfyller dei to bøkene biletet av eit liv.
Å bli mor til mor
Kanskje på grunn av debatten som var intens tidlegare i vinter om stellet (eller helst mangelen på dette) på sjukeheimar i Noreg, kjennest denne boka ekstra aktuell. Men temaet er jo evig og universelt. Dette kjem vi ikkje unna nokon av oss, anten det gjeld oss sjølve eller som pårørande: Forfallet i alderdomen, kor rått og brutalt det er når alt det som har halde eit menneske saman, halde det oppe, smuldrar opp, gir etter, fell i hop.
Luktene, synsinntrykka som då møter dei rundt. Skamma som blir borte. Personlegdomen som endrar seg, men som framleis skin gjennom i glimt og vekker minne som igjen peiker på kontrasten mellom før og no. Det nådelause i det.
Det er nok vanskeleg å førebu seg før ein er midt oppe i det, umogleg å vite korleis ein vil reagere. Annie Ernaux tar altså tilflukt i skrifta, sjølv om det å skrive om desse erfaringane også kjennest ambivalent for henne – og altså makteslaust.
Kjenslene rasar, frå avsky til mild kjærleik og omsorg. Kontrasten mellom kven mora var, ei sterk og handlekraftig kvinne, og kven ho er, som hjelpelaus og pleietrengande. Annie matar, vaskar, steller. Ho blir mor for si eiga mor, det er nesten ikkje til å bere, det er «hinsides trist».
Å bli skuva mot døden
Når vi opplever at våre næraste døyr, kan det kjennast som om vår eigen død også rykker nærare, særleg når det handlar om foreldre. «For meg er hun tiden. Dette skyver meg mot døden», står det i boka.
Dette temaet ligg under og dirrar, og skapar undertekst i ei bok som på same tid er lite litterær og eit sterkt dokument. Til å byrje med då eg las, tenkte eg nok at sidan Ernaux alt har skrive om mora før, kunne kanskje desse dagboksnotata få vere det og ikkje nødvendigvis bli utgitt som bok – sjølv om dei er frå sjølvaste nobelprisvinnaren. Men før eg var halvvegs i den vesle boka (100 luftige sider), greip teksten så til dei grader tak i meg, at eg òg måtte grine då mora på ei av dei siste sidene gir opp livet.
Det er berre å gi seg over. Annie Ernaux er vår tids meister i røyndomslitteratur. Ingen over, ingen ved sida av.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.