Når kjærleiken blir sett fri
Tolv augeopnande soger formidlar eit mangfald av kvinneliv.
Roman
Bernardine Evaristo
Jente, Kvinne, Annet
Gyldendal
Omsett av Kirsti Vogt
Bernardine Evaristo fekk Booker-prisen for denne romanen i 2019, delt med Margaret Atwood. Båe skriv høgaktuelle prosatekster som opnar både auga og hjartet.
Jente, Kvinne, Annet gir oss tolv forteljingar om like mange kvinner, grupperte i kapittel med tre forteljingar i kvar. Kvinnene er forbundne anten gjennom slektskap, venskap eller kjærleik. I det siste kapitelet i boka møtest mange av dei på ein premierefest i London, byen dei fleste bur eller har budd i. Felles for kvinnene er ein brokete og/eller fleirkulturell bakgrunn. Med unntak av éi eller to, blir dei karakteriserte – eller dei karakteriserer seg sjølve – som «svarte», med ein hudfarge som varierer frå fløtefarga til ibenholt.
Historiene fortel om eit mangfald av lagnader, ulike når det gjeld miljø og tidsepokar, men livshistoriene tangerer ein felles tematikk. Det handlar om utanforskap og diskriminering på bakgrunn av både kjønn og farge, dessutan om homofili og flytande kjønn. Det er både heftig og brutalt. Evaristo spenner lerretet vidt og breitt og går heilt tilbake til slavetida. Likevel er lesaren meir oppløfta enn tyngd når boka er ferdiglesen. Den kaleidoskopiske framstillinga er full av kraft og overskot.
Teksten er sett opp utan store bokstavar og vanleg teiknsetting. Sjangermessig ligg boka likevel heilt klart innanfor epikken, lettlesen og med eit språk som er ganske rett fram og kvardagsleg.
UKUELEG LIVSMOT
I sentrum står Amma, ein lesbisk engelsk/nigeriansk teaterregissør som visstnok har ein del til felles med forfattaren. Det er Ammas stykke premierefesten hyllar til slutt. Dottera Jazz har Amma fått med ein homofil mannleg ven. Jazz er heterofil, dei to andre unge som er skildra i boka, er meir «flytande» når det kjem til kjønnsidentitet og seksuelle preferansar. Sjølv om verda kanskje er blitt noko mindre fordomsfull enn då foreldregenerasjonen vaks opp, må også dei unge søkje eigne vegar gjennom ei krevjande (medie)røynd. Når dei finn dei gode venene, veks sjølvtilliten og trua på at dei ikkje lar seg stoppe av noko eller nokon.
Inntrykk gjer også historiene til Carole og mora Bummi. Bummi kom frå Nigeria i ei tid då britar meir enn no openlyst gav uttrykk for rasistiske haldningar. Den skoleflinke og evnerike ungjenta klarte å overleve i Storbritannia ved å vaske for andre. Dottera har mot alle odds kjempa seg til topps i Finans-London. Ei slik reise kostar mykje, men er altså mogleg – ikkje minst om ein har gode lærarar. (To av kvinnene i boka er lærarar).
Gjennomgåande viser romanen oss korleis livsmotet er som ei ukueleg plante: Om berre kjærleikskrafta slepp til, vil ho strekkje seg og vekse, også der jordsmonnet verkar tørt og ufruktbart.
TAKK, EVARISTO
Alle historiene er sterke i seg sjølv. Likevel blir det etter kvart litt mange soger og lagnader å halde styr på, og komposisjonen ein tanke monoton. Boka kunne med fordel hatt eit brot eller vore kutta ned med nokre sider. Men dette er ei lita innvending. Jente, Kvinne, Annet gir lesaren høve til å kome under huda på kvinner med erfaringar og bakgrunnar noko annleis enn dei vanlege kvite og vestlege har.
I Vogts omsetjing har Evaristos lette, men særs gjennomarbeidde språk utan hindringar glidd over i eit presist bokmål.
Namnet Evaristo er av portugisisk opphav og har fleire superlativ som tyding, men er òg i slekt med det greske efharistó, som tyder «takk».
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Evaristo spenner lerretet vidt og breitt og går
heilt tilbake til slavetida.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.