Når villdyret vaknar
Jonathan Gottschall klarer å kombinera teoriar om forteljingar med biologi og evolusjonsteori på ein overtydande måte.
Dustin Poirier (t.h.) slo Jim Miller i lettvektsklassen i ein MMA-kamp i New York i februar i år.
Foto: Frank Franklin II / AP / NTB scanpix
Sakprosa
Jonathan Gottschall:
Professoren i buret – Hvorfor menn slåss og hvorfor vi liker å se på
Oversatt av Alexander Leborg
Pelikanen
Er det nokon som hugsar attende til Harald Eias TV-serie Hjernevask, som vart oppfatta som eit åtak på Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK)? Men fleire hugsar vel den siste presidentvalkampen i USA, der Hillary tapte av di ho vart sett på som representant for ein politisk korrekt elite, oppteken av identitetspolitikk, særleg kjønn, der redneckmannfolk (i Noreg, sjå Lothepus) vart marginaliserte så mykje at dei stemte på Trump. No vel; denne boka høyrer heime midt oppe i alt dette: ei grøssarbok for STK og ei lærebok for neste demokratiske presidentkandidat.
Boka er skriven av ein 45 år gamal og 90 kilo tung amerikansk litteraturvitar, Jonathan Gottschall, som overraskande nok ikkje er postmodernist, men tvert imot oppteken av slike tunge fakta som ein finn i biologi og evolusjonsteori, for så å kopla dei saman med forteljingar om menn og om «kvifor dei slåss og kvifor dei likar å sjå på slåssing». Dette er ikkje første boka hans om dette. Tidlegare titlar varslar kor Professoren i buret kan bera hen: The Literary Animal: Evolution and the Nature of Narrative (2005), The Rape of Troy: Evolution, Violence and the World of Homer (2008), Literature, Science and a New Humanities (2008), Graphing Jane Austen: The Evolutionary Basis of Literary Meaning (2012), The Storytelling Animal: How Stories Make us Human (2012).
Anekdotisk
Ikkje tru at dette tyder på ei keisam akademisk bok. Litteraturvitaren skriv ikkje berre om forteljingar, men lagar òg forteljingar: Så dette er dokumentarforteljinga om ein universitetslærar, han sjølv, som bryt seg ut av eit bur (den eine tydinga av «buret» i tittelen), nemleg det noko anemiske og lettare femininiserte livet på eit litteraturinstitutt, for å kunne verta maskulint levande i eit anna bur, nemleg buret der MMA («Mixed Martial Arts»)-kampar går føre seg. Det er forteljinga om korleis han trenar i denne kampsporten, både for å vera sosialantropologisk deltakande observatør, og for å frigjera sine eigne brutale maskuline valdssider.
Dette vert difor ei personleg, anekdotisk forteljing om korleis forfattaren lærer seg å slåst på MMA-vis, om folk han treffer og ikkje treffer, særleg det siste, fram til ein første verkelege kamp, samstundes som desse erfaringane vert sette inn i ein større historisk og biologisk samanheng. I MMA kan ein bruka alle slag stilar: bryting, boksing, kickboksing og heile spekteret av asiatiske kampsportar. Sjølv er Gottschall ein «grapplar», ein som vil riva ned motstandaren for så å sitja på han og slå han i andletet. Undervegs i forteljinga er den reflekterte kontrasten mellom teoretisering og slåsting eit slåande poeng. Midt i ei brutal sparringsøkt, der det snarare er Gottschall som vert slått i andletet, tenkjer han: «Jeg har som levebrød å tenke smarte tanker. Jeg bør gi meg mens jeg fremdeles kan alfabetet.» Men så merkar han kor godt han likar blodsmak og kamp, og til og med korleis frykta han kjenner, er stimulerande. Kvifor?
Gjennom historia
For å finna svar på dette vert vi tekne med på ei reise gjennom historia og dyreriket, og fysiske og dødelege kamper som utspelar seg der. Vi lærer om duellhistoria, og om korleis ære trumfar rasjonalitet, slik at verdifulle menneske kastar vekk livet sitt (Alexander Hamilton og son, Pushkin, Fermat og andre). Vi lærer om korleis dyr kjemper med kvarandre på tilsvarande rituelle vis, men òg korleis sjimpansar ser ut til å gleda seg over meir direkte drap på andre aper. Ikkje minst får vi innblikk i korleis særleg lagidrottar som fotball er kopla til krigen. Gottschall drøfter om slik sport fungerer som sikkerheitsventil for aggresjon, eller om han forsterkar eller held ved like aggresjon. Han heller nok mest i den siste retninga. Krigen er alle tings far. Mor er forskar på STK.
Heile tida er fokuset på korleis slåsting og interesse for valdeleg konkurranse er ein maskulin ting som er biologisk-evolusjonsbasert. Testosteron kan ikkje bortforklårast av postmodernismen.
Frigjeringsbok
Så for mange menn vil denne boka fungera som ei frigjeringsbok. For det er mange menn (68-arar) som skammar seg over å lika og sjå på boksekampar. Dei tillét seg berre å sjå på Muhammed Ali-kampar, av di han var pen og politisk korrekt. Å innrømma at dei ser på MMA-kampar der blodet renn, derimot, er like vanskeleg som å innrømma at ein ser på hardporno.
Så kan ein spørja om det går an å vera tverrfagleg på det viset Gottschall er: om han kan kombinera teoriar om forteljingar med biologi og evolusjonsteori. Men det klarar han overtydande. Sandemose sa at alle gode forteljingar handlar om drap og kjærleik. Ettersom desse to tinga er grunnleggjande fakta ved tilværet, er forteljingar eit naturleg middel til å halda styr på tilhøvet mellom dei. Sjå berre på Iliaden: Ei meir detaljert valdeleg bok skal ein leita lenge etter.
Boka er omsett av Alexander Leborg, som har kome seg gjennom all slåstinga utan skader.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For mange menn vil denne boka fungera som ei frigjeringsbok.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»