Naturalistisk nasjonalromantikar
Tone Klev Furnes trekkjer fram at Adolph Tidemand òg kunne visa dei mørke sidene i den norske folkesjela.
«Anmeldelse til konfirmasjon», 1846.
Sakprosa
Tone Klev Furnes:
Adolph Tidemand. At fastholde hvad endnu består
Dreyers forlag
Dei fleste byane i Noreg skaffar seg identitet gjennom sport, særleg fotball. Slik er det ikkje med Mandal, der det sjeldan er skiføre og fotballaget berre er i tredje divisjon. Difor må vi tru at kulturprisen der i byen primært ikkje går til skilauparar, fotballspelarar, eller travhestar og popmusikarar. Han har faktisk éin gong, i 2011, gått til ein kunsthistorisk forfattar, Tone Klev Furnes, sjølv mandalitt, som har gjort kjent kva Mandal eigentleg har å skryta av: Nemleg at dette ein gong var heimstaden til nokre av Noregs største biletkunstnarar: Adolph Tidemand (1814–1876), Olaf Isaachsen (1835–1893), Amaldus Nielsen (1838–1932) og dei to bilethoggarane brørne Gustav Vigeland (1869–1943) og Emanuel Vigeland (1875–1948).
Furnes har laga ei samlebok om alle desse, men i tillegg monografiar om Nielsen, Isaachsen og Emanuel Vigeland. I år kjem monografien om Adolph Tidemand, ein Düsseldorf-målar som mange assosierer med nasjonalromantiske bunadskledde søndagsbønder inne i årestuer, eller i robåtar ute i fjordlandskap måla av Hans Gude, særleg på brudeferd i Hardanger. Denne boka er eit høve til å få nyansert nokre av fordomane sine.
Sjangermålar
Tidemand, fødd same dag som Mossekonvensjonen, kom frå ein litt lågare embetsmannsfamilie, der faren, tollinspektøren, var eidsvollsmann og mora var dansk. Difor vart Tidemand send til kunstutdanning i København og derifrå til det nye kunstakademiet i Düsseldorf. Der vart han utdanna som psykologisk sjangermålar, ein stil som skulle skildra dagleglivet i samtida. Dette var kopla saman med Johann Gottfried von Herders teoriar om folkesjela til ein nasjon, noko ein kunne finna særleg i språket og folkeminnet og kulturen til bønder. Dette inspirerte Asbjørnsen og Moe, Ivar Aasen og Eilert Sundt, og seinare Edvard Grieg. Og altså Tidemand, som difor som kulturell nasjonsbyggjar ikkje kunne sjangermåla kven som helst, til dømes fiskarar eller handelsfolk, men altså bønder, av di det var dei som representerte sjølve folkesjela.
Dette programmet følgde Tidemand opp med stor flid og gjennom særs nøyaktige avbildingar av levande modellar. Furnes trekkjer fram kor flink han var til gje att det stofflege i kleda til bøndene, noko som kom til nytte gjennom dei meir enn 150 dokumenterande bileta av bunader han laga, og som gav grunnlag for konstruksjonane av mange av dei bunadene som vert brukte i dag. Dessutan avviser ho at bøndene berre er avbilda i søndagsklede: Slike blei òg brukte til kvardags når dei var slitne.
Den individuelle stilen til Tidemand, som hos andre düsseldorfarar, er inspirert av ein klassisk historiemåletradisjon, særleg frå ei italiensk reise. Bileta får ein stram komposisjon, gjerne med trekantplassering av personane, slik som i eit av hovudverka «Haugianerne». Og ettersom Tidemand målar bøndene inne i dei vindaugsfattige husa deira, vert det naturleg å bruka Caravaggio-liknande kontrastar mellom eit dominerande mørker og dramatisk lyssetjing av personar, frå åre eller peis eller gluggar, noko som understrekar dei gilde fargane til bunadene.
Sosialrealisme
Men viktigast er innhaldet som vert formidla gjennom desse komposisjonane. Der søkjer Tidemand, like mykje som dei (religiøse) historiemålarane når dei skildrar Kristus på krossen eller kongelege hendingar, å komprimera mykje meining inn i ein hovudaugneblink i ei forteljing, i Tidemands tilfelle bønders forteljingar. Jau, ei brudeferd er ein slikt viktig forteljingsaugneblink. Men eit prosjekt for Furnes er å visa at Tidemand òg var oppteken av dei mørke sidene ved bondelivet, og med stor innleving. Han målar eit fylleslagsmål i eit bondebryllaup i «Tvekamp». Eller trøystesløysa til ei fattig kone utan mat i «Nød», eller einsemda til «Enken og hennes sønn». Stort inntrykk gjer «Den foreldreløse»: ei jente står til vurdering for adopsjon av ein familie der husfrua kan hende er positiv, medan husfaren enno er skeptisk.
I tillegg til dei reint sosialrealistiske bileta (Tidemand kjende Sundt) legg Furnes vekt på bilete som ho tolkar kyrkjekritisk. Tidemand kjende Henrik Wergeland, som han laga ei fin teikning av frå dødsleiet, og var samd med han i synet på paragraf 2, som nekta jødar tilgang til landet. Furnes tolkar òg «Haugianerne» som ein kritisk kommentar til konventikkelplakaten, som forbaud slike som haugianarane å forkynna, sjølv om bilete vart laga i 1848, medan plakaten vart oppheva i 1842. Tidemand hadde haugianarar i familien. Sjølv om han hadde syn for at lekmannsrørsle kunne gje seg ekstreme utslag, noko han synleggjer i biletet «Fanatikerne», som skildrar eit læstadiansk møte.
Stor framgang
I tillegg trekkjer Furnes fram to noko uhyggelege bilete. Det eine heiter «Katekisasjon», som prydar omslaget til boka, der ein stakkars overårig gut vert høyrd av ein spottande klokkar. Utan å stå til ein slik konfirmasjonseksamen hadde ein inga framtid. Likeins «Anmeldelse til konfirmasjon», der guten vert skyvd fram til presten med eit fat smør som bokstaveleg talt skal smørja den velfødde presten.
Furnes byggjer på tidlegare arbeid om Tidemand, særleg hans første biograf, Lorenz Dietrichson, og Magne Malmanger, og har vel ikkje nye, kontroversielle synspunkt. Småpirk er at ho av og til gjentek seg sjølv. Men for det meste lever ho opp til kulturprisen ho alt har fått.
Tidemand hadde stor framgang både innanlands, som favoritt hos Oskar I, med oppdrag i hans Oscarsborg, og utanlands, med gullmedaljar på verdsutstillingar og æreslegionen gjeven av Napoleon II. Eg må medgje at interiørbileta hans gjev ei klaustrofobisk kjensle, utan husmorvindauge som desse mørke bondeheimane var. Og at bønder representerer folkesjela? Vel, det kan sjå slik ut i dag, no når Senterpartiet får over 20 prosent oppslutnad. Men det var likevel folk frå høgare klasser, slike som Tidemand, som klarte å reflektera dette.
Biletmaterialet i boka er flott.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I tillegg til dei reint sosialrealistiske bileta legg Furnes vekt på bilete som ho tolkar kyrkjekritisk.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?