Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Neshov blues

Anne B. Ragde fasar ut Neshov-serien eller opnar for enda ein roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anne B. Ragde har status som folkekjær forfattar.

Foto: Lasse Berg

2600
20170908
2600
20170908

ROMAN

Anne B. Ragde:

Liebhaberne

Oktober

Anne B. Ragde har status som folkekjær forfattar, med det mediestyret som følgjer med, og dersom media ikkje kjem til Ragde, kjem Ragde til media. Slik har det alltid vore, og i år hakket verre enn før, for ved ein «glipp» blei den femte romanen i Neshov-serien sleppt ut tre veker for tidleg med kalkulert oppstyr og ekstra PR. Det var visst Bokklubben si skuld, kunne Ragde fortelje.

Nå ja, boka er i sal, og salet er nok betre enn kvaliteten. Sjølv om ein gjennom dei fire føregåande romanane har opparbeidd stor sympati for denne litt dysfunksjonelle familien frå Byneset, er det ikkje til å unngå at serien har stagnert når det gjeld både handling og menneskeskildring. Det skal litt til å skape begeistring kring storstilte oppussingar i København og på Neshov med matoppskrifter og slankekur på toppen av det heile. Klisjeen og karikaturen ligg alltid på lur, og dei kvardagsrutinane Ragde er god på, synest å ha blitt ein del av skriverutinen. Inntrykket blir dermed ein roman på det jamne, utan særleg spenning, og utan særleg utvikling av persongalleriet.

Sterke scenar

Når det er sagt, vil eg likevel rose Ragde for den groteske realismen i skildringa av ei trafikkulukke. Her treffer ho lesaren midt i solar plexus, så hardt og kontant at ein må gå seg ein tur. Ho treffer også kontant med sterke scenar kring sorg og sorgarbeid, eksemplifisert gjennom krybbedød og gjennom ein meiningslaus familietragedie der ein bror drep ein annan bror. Her skriv Ragde med sterkt emosjonelt nærvær, og ho er god og truverdig i skildringa av rutinane i eit gravferdsbyrå.

Implisitt kritikk

Denne gongen opnar ho også for eit breiare bilde av gamle Tormod, «far» til Neshov-brørne Tor, Margido og Erlend. Her ligg også implisitt ein kritikk av det patriarkalske bondesamfunnet og det ein ikkje snakka om, for slekt og ære stod over alt anna sjølv om det heile blir ein løgnaktig fasade som øydelegg eit menneske. No løftar Ragde fram Tormod, og gir han vørdnad og sjølvrespekt.

Det går fort i svingane mot slutten av romanen. Dersom dette skal vere finalen i den store forteljinga om Neshov-familien, er eg skeptisk, fordi det heile blir for dramatisk og umotivert. Derfor trur eg det ligg an til ein sjette roman, og la meg minne om at Olav Duuns Juvikfolke er på seks band. Eg trur at Ragde tenkjer slik. Men eg veit det sjølvsagt ikkje.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Inntrykket blir dermed ein roman på det jamne, utan særleg spenning.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis