Nokså kjende løyndomar
Boka om skrivekunst passar best som pensumbok på Geelmuydens eige skrivekurs.
Niels Christian Geelmuyden har gjeve ut nærare 40 bøker på ein mannsalder.
Foto: Turid Oline Hepsø
Sakprosa
Skrivekunstens hemmeligheter. Lær å skrive levende
Cappelen Damm
Eg har ikkje lese noko av Niels Christian Geelmuyden før, men ein gong for nokre år sidan, på ein sommarfest, var han hyra inn for å underhalda oss med eit kåseri. Det var så fullt av vitsar, ordspel og gode poeng at vi lo nesten samanhengande. Medan eg likevel tenkte, noko alarmert, slik som musikkritikarane i si tid meinte om Johan Strauss d.y.: at han øydela for andre komponistar ved å bruka opp alle dei gode melodiane.
No ser eg at han i og med denne boka imponerande har gjeve ut heile 38 bøker på 33 år, særleg biografiar og samfunnskritiske faktabøker. I tillegg har han spesialisert seg på å laga portrettintervju av (ekte) kjendisar. Utan å ha øydelagt for nokon. Bortsett frå for Gro, då han i 1993 gav att ord for ord dei noko uryddige talestraumane hennar. Sjølv ordnar han ordstraumane sine som intervjuar i den ordekvilibristiske tradisjonen frå Arne Hestenes, skal ein døma etter eksempla han sjølv gjev.
Ikkje rart at han har vorte litt sliten, som han seier i føreordet. Ja, utmatta, desillusjonert og ganske nedslått av å skriva om så mykje. Men så har forlagsredaktøren kome til unnsetning med eit framlegg om at då kunne han i det minste skriva om å skriva. Der måtte han ha nærliggjande kompetanse, noko han alt har teke i bruk som førelesar på journalisthøgskulen og på 20 skrivekurs, mellom anna i Marrakech. Og i dei 37 tidlegare bøkene.
Skrivereglar
Boka skryter i tittelen av å innehalda løyndomar. Men eg finn ikkje slike i nokon av dei fem delane ho har, berre standard skrivereglar. Den første delen ramsar noko unødvendig opp drivkreftene bak det å laga bok. Der nemner Geelmuyden motiv som til dømes «ha det moro», «uttrykke følelser», «befolke sin ensomhet med liv», «skaffe seg penger, makt og posisjoner».
Sjølv ser han ut til å ha dei to sistnemnde motiva som drivkrefter for denne boka: Pandemien har tørka ut føredragsinntekter og gjeve han eit «hav av tid» som no skal fyllast. Men motiv for å skriva høyrer vel ikkje til sjølve konstruksjonen av teksten? Eg òg skriv denne meldinga for å tena pengar, utan at det spelar ei rolle for redaktøren når han godkjenner henne.
Så det er først i den andre delen boka får substans. Ho handlar nettopp om tekstens konstruksjon: at han kan samanliknast med eit køyretøy. Jau, metaforar kan vera effektive. Men går han ikkje litt langt her? Knapt nokon bildel slepp unna metaforbruken: Teksten må ha dører, vindauge, motor, drivstoff, bremser og så bortetter. Ein vert mint om Jaglands parodiske bruk av metaforen «det norske hus», som kom heilt ut av kontroll då Bendik Rugaas vart utbyggjar.
Heldigvis gjev han opp køyretøymetaforen i den tredje delen, som handlar om korleis ein skal sjekka ein tekst. Han kunne jo ha halde fram med ein EU-kontrollmetafor. Nei, her går han rett på sak og ber til dømes skrivaren om å sjekka om teksten er fokusert, har rytme og musikalitet, stil og form og drama, eller har daudkjøt og klisjear og er lite personleg. Ikkje hemmelege krav.
Skrivemåtar
Alt i denne delen er det nemnt nokre fallgruver som ein må unngå. Likevel får slike sin eigen fjerde del. Med overlappingar: I tredje del skulle ein sjekka om teksten har form og stil, medan ein no ikkje må gløyma form og stil. I fjerde del skulle ein vera personleg, medan ein no ikkje må gløyma å vera personleg. Men her er meir enn nok av andre fallgruver. Alt Matteus lærte oss at den breie vegen er breiare enn den smale. I denne tradisjonen nemner Geelmuyden slike synder som å vera «mer opptatt av seg selv enn av livet», å vera for intern eller å ønskja å imponera.
Den femte delen handlar om noko så prosaisk som forfattarens finansiering. Depressiv lesing, med eit spark til kor lite bokbransjen gjev att til sjølve forfattaren. I forlenginga av dette gjev han oss kan henda det nyttigaste lærestykket for komande forfattarar: eit døme på ei prosjektskildring, det som kan få eit forlag til å verta interessert i utgjeving. I dette tilfellet prosjektskildringa for nett denne boka. Men i dette tilfellet var det jo forlaget som tok initiativet.
Sjølvsagt kunne eg brukt Geelmuydens sjekkpunkt og fallgruver mot han sjølv. Men eg går heller rett laus på eit par innvendingar som er uavhengige av desse. For det første: Sjølv om eg er klår over at det er likskapar mellom skjønnlitterære tekstar og sakprosa, verkar det for meg som om Geelmuyden postmodernistisk heilt viskar ut skilnaden. Noko som viser seg i bruken av eksempel, som saumlaust er henta frå båe kategoriane. Og for det andre, i forlenginga av dette, har eg problem med særleg mengda av desse eksempla, som artar seg som ein brottsjø av det vi kallar anekdotiske data: visdomsord sagde av kjendisane han har intervjua.
Og så er det spørsmålet om kven boka er skriven for? Han seier sjølv at dette ikkje skal vera endå ei sjølvlæringsbok. Klokt. For skriving lærer vi ikkje gjennom teoriar, men «by doing». Så difor bør vi sjå på boka som undervisningsmateriell for skrivekurs. Om eg har innvendingar mot boka som teori, trur eg likevel ho kan vera god å visa til i eit skrivekurs med praktiske skriveøvingar og ein god korrigerande lærar.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka skryter i tittelen av å innehalda løyndomar. Men eg finn ikkje slike i nokon av dei fem delane, berre standard skrivereglar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.