Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ny sprett

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Raggmonster vil flytte inn hjå Veslemonster.

Illustrasjon: Áslaug Jónsdóttir

1644
20190607
1644
20190607

Biletbok

Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir (ill.):

Monsterknipe

Skald forlag

Dei populære bøkene om Veslemonster og Storemonster er resultat av eit nordisk samarbeid mellom islandske Áslaug Jónsdóttir, svenske Kalle Güettler og dansk-færøyske Rakel Helmsdal. Når dei tre møtest for å lage ei ny forteljing, skriv dei ut historia på kvart sitt språk. Forteljinga vert ikkje omsett, derimot held dei tre forfattarane på særpreget i språket og i den personlege forteljemåten når dei formar teksten.

No til sommaren kjem to nye bøker i serien ut i nynorsk omsetjing ved Tove Bakke. Monsterknipe er den ferskaste av desse to.

Sidan sist har eit tredje monster entra scena: Luddmonster på svensk. Raggmonster på norsk. Alt her syner Tove Bakke styrken sin som omsetjar. Det lydsterke, biletrike namnet ligg godt i munnen, er kjekt å lese høgt, herme etter og leike seg med.

Så langt ut i serien som i bok nummer ni er det kjærkome med eit uromoment. Raggmonster gjev ny sprett til samspelet mellom dei to monstera vi kjenner frå før.

Uttrykket er energisk og kraftfullt. I både tekst og illustrasjonar er kontrastane ei drivkraft: mellom det svarte og kvite, mellom det store og det vesle, ispedd klare fargar og organiske former. I teksten er replikkane ofte sette opp med «monsteraktige» fontar med ulik skriftstorleik alt etter styrken i utropet.

Trass i, eller kanskje fordi, at monster ikkje finst, er det lett å identifisere seg med kjenslene dei viser, og lære noko av løysingane dei finn når to gode vener skal gje plass til ein tredje.

Janne Karin Støylen

Janne Karin Støylen er litteraturvitar og bonde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis