JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Og fossane ropar langt (og høgt) hurra!

Jens Fredrik Nystad har skrive eit standard­verk om eit naturfenomen som gjer oss rike på pengar, opplevingar og dilemma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pissaren ligg ved Sygnesand i Jølster.

Pissaren ligg ved Sygnesand i Jølster.

Foto: Jens Fredrik Nystad

Pissaren ligg ved Sygnesand i Jølster.

Pissaren ligg ved Sygnesand i Jølster.

Foto: Jens Fredrik Nystad

5508
20210521
5508
20210521

Sakprosa

Jens Fredrik Nystad:

Fossene i Norge. Vakre opplevelser

Dreyer

Ei eiga bok berre om fossane i Noreg? Vel, Noreg er utvald når det gjeld natur: Vi har verdas finaste fjordar, nokre flotte fjell og dalar, og isbrear, som alle har fått sine eigne bøker og dikt. Men ikkje fossane? Berre etter at dei har vorte lagde i rør. No rettar ei rikt illustrert bok på urettvisa.

Men ein kan ikkje skriva berre om fossar, for fossar renn ned bakkar og berg og gjennom landskap og gjennom historie og kultur og menneskeliv. Ei bok om fossar må òg handla om alt dette. Undertittelen understrekar dessutan at boka like mykje handlar om opplevingar av fossar.

Men her må eg koma med ei lita innvending: Er fossar vakre? Nokre, sjølvsagt. Men for det meste er fossar storfelte. Vinje fortel: «Rjukanfossen er soleis fælt stygg, segjer Tindølen.» Frå estetikken vil eg heller bruka kategorien «sublim»: at dei på overveldande vis er skremmande, men at vi kan stå og sjå fascinerte på dei, særleg ned i dei djupe juva dei har grave ut, medan vi likevel er trygge. Om vi ikkje fell utfor, slik ein del turistar gjer kvart år. Eller kastar oss utfor, slik som i Rosmersholm.

Vasskraft

Passande nok er forfattar Nystad samfunnsgeograf, altså ein som studerer tilhøvet mellom menneske, sosiale system og fysiske strukturar, og med rett kompetanse for oppgåva. Som han har løyst ved å dela boka inn i tre delar, men eigentleg i to delar: Først eit kapittel som handlar historisk om fossane i norsk kultur og samfunnsliv. Dinest eit kapittel som ser på fossar frå eit geologisk perspektiv. Dette meir vitskaplege stoffet utgjer om lag ein fjerdedel av boka.

Etter det går boka over til å verta ei kaffibordbok der dei neste 150 sidene inneheld bilete og faktaopplysingar om einskildfossar, ordna etter landsdel: frå Nord-Noreg 17, frå Trøndelag 6, frå Vestlandet 106, frå Austlandet 10 og frå Sørlandet 2. Urettvis fordeling i eit land sterkt oppteke av likskap? Nei, det er no slik landet vårt er laga.

Det første kapittelet byrjar med innslag av fossar i folkeminne. Dinest kjem historia om korleis fossane vart «oppdaga» av byfolk med overskot til å vera turist, etter kvart av rike utlendingar, til dømes engelske laksefiskarar.

Men det er ein slange i dette paradiset. I form av ei røyrgate. Fossar har i uminnelege tider vorte brukte til drift av møller og oppgangssager, utan å skada naturen. Men så kjem oppdaginga av at ein kan laga straum av vasskraft, og med det ein konflikt som held fram til i dag. Her går Nystad i velkjende spor og fortel om dei første kraftverka, om oppkjøp og fossespekulantar, konsesjonslover, heimfallsrett, statleg eigarskap og utbygging fram til jarnverket i Mo i Rana på 50-talet. Ei forteljing som toppar seg med opprøret mot Mardøla og Alta, for så å få ei tilsynelatande lukkeleg avslutning med statsminister Stoltenbergs nyårstale 2001 der han avlyser fleire vasskraftsutbyggingar.

Men så kjem klimakrisa. Kan hende er det viktigare å redda jorda enn ein foss? Kan henda er vasskraftverk eit mindre vonde enn monstervindmøller? Og ny teknologi har kome, som gjer det lønsamt å byggja ut småkraftverk, under konsesjonsgrensa, men som tørrlegg mangt eit vassfall. Nystad er ikkje nøytral i desse spørsmåla, og kva kunne ein venta av ein som gjev ut ei slik bok?

Geologi

Det andre kapittelet er altså om dei geologiske prosessane som lagar fossar. Korleis vi har fått desse fossane? Gjennom landheving dei siste 50 millionar åra og isbrear dei siste 2 millionar åra som har laga såkalla hengande sidedalar der elvane kan kasta seg utfor ned i hovuddalen.

Også her blandar likevel menneskelege opplevingar seg inn: Til dømes drøftar Nystad kva det er som definerer ein foss, og kva som skil han frå eit stryk. Men elvane sjølve bryr seg ikkje om slike skilje. Nystad gjev klokleg opp: «Hva som regnes som en foss varierer fra sted til sted og fra land til land.» Og brukar heller energi på å laga ein fosstypologi, med åtte former frå stupfoss, som alle skjønar kva er, til katarakt, som nærast er eit stryk. Stakkars danskane, som Nystad ikkje kan fri seg frå å sjå ned på, bokstavleg talt: Dei har ingenting av dette. Berre «vandfall», som knapt gjeld som stryk.

Eit relatert problem, særleg for ein geograf, er korleis ein skal få målt høgda på ein foss. Kan hende viktig mest av prestisjegrunnar og for å lokka til seg turistar. Eller: «Det skyldes et grunnleggende behov vi har for å rangere og kategorisere naturen.» Her gjev Nystad instruksar om korleis ein kan finna ut av dette ved hjelp av digitale kart.

Men tre fjerdedelar av boka inneheld altså bilete og faktaopplysingar om einskildfossar: kart, høgd, vassdrag, vernestatus, fossetype, kommune, koordinatar og tilgjenge. 150 seier Nystad, men eg kom berre til 135. Utvalet er subjektivt, vedgår han, det finst jo tusenvis av fossar å ta av. Mange vil sakna sin foss. Bileta er flotte, berre at ein må vera medviten om at slike bilete saknar ein dimensjon som ikkje krevst av eit fjellbilete: fosseduren.

Kva kan boka brukast til? Vi må visst halda oss til noregsferie i år òg: Kvifor ikkje vitja desse fossane? Men då må ein bruka bil. Elektrisk, sjølvsagt, for å spara klimaet. Men han krev meir vasskraft. Eller vindkraft?

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mange vil sakna sin foss.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis