OL av og for nerdar
Historien om Vinter-OL er for det meste ei lite kritisk krønike med detaljerte fakta om dei siste vinterleikane.
Marit Bjørgen då ho gjekk inn til siger på 30 km i vinter-OL i Pyeongchang i 2018.
Foto: Lise Åserud / NTB
Sakprosa
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad:
Historien om Vinter-OL. Frå Thorleif Haug til Marit Bjørgen
Bind 2 1992–2018
Cappelen Damm
Denne meldaren er prinsipielt ikkje glad i OL. Ikkje likar han det korrupte IOC. Og ikkje likar han at OL vert arrangert av totalitære regime til sjølvherleggjering, slik som i Sotsji, med statleg organisert doping. Og no for andre gong i Beijing, ein stad der deltakarane eksplisitt har fått åtvaring om at dei ikkje lenger har ytringsfridom. Noko idrettspresidenten tykkjer er «krevjande».
Førestillinga om at OL skal skapa vennskap på tvers av alle skiljeliner, trur han heller ikkje på. Snarare gjeld Carl von Clausewitz’ tese om krigen, med «idrett» innsett i staden for «krig» i det kjende sitatet: «Idrett er ikkje berre ei politisk handling, men eit verkeleg politisk instrument, eit framhald av den politiske verksemda, ei iverksetjing av ho med andre middel.»
På den andre sida er det ikkje til å koma frå at mange, ikkje minst i Noreg, ikkje berre har ei genuin interesse for idrett og OL, men meiner at det må vera lov å gje seg over til ei slik trass alt avgrensa interesse, like mykje som alle desse rare folka rundt i Noreg som samlar på serviettar.
På Facebook er det eigne grupper for idrettsnerdar som utvekslar kunnskap om skeiselauparar og skihopparar frå gamle dagar. Og no er det kome ei bok for dei reindyrka OL-nerdane. Det vil seia band 2 i Historien om Vinter-OL, som dekkjer perioden 1992–2018. Første bandet kom i fjor og dekte perioden 1924–1992, litt merkeleg med like mange sider (ca. 600) for desse 68 åra som for dei siste 18 åra i band 2.
Krønike
At forfattarane sjølve er nerdar (eg brukar ordet i nøytral deskriptiv tyding), er uomtvisteleg. Nettet fortel om Øyvind Tronstad (f. 1947) at «han har fulgt alle Vinter-OL siden 1956 med argusøyne og notatbøker. Han vant på 1980- og 1990-tallet tre ganger den svært populære TV-konkurransen Kvitt eller dobbelt i emnet Vinter-OL».
Og den meir kjende Hans Olav Lahlum er ein jo supernerd, det vil seia nerd på mange felt – sjakk, amerikanske presidentar, britiske statsministarar etc. – med utruleg omfattande og detaljerte kunnskapar i historie. Forresten er han ikkje så nerdete at han ikkje også er interessert i politikk.
Så korleis vert ei bok laga av nerdar om vinter-OL? Slik som denne boka, som ikkje er ei historiebok, men ei krønike. Vel, for det meste. Ei historiebok vel ut hendingar som gjev meining, og hoppar over mindre meiningsfulle hendingar, medan ei krønike tek med alt, anten det er viktig eller ikkje, berre det er ordna kronologisk, til dømes Hvem Hva Hvor.
Ein skil mellom daude og levande krøniker. Dei første er avslutta når dei er skrivne, dei siste er opne og kan få tilføyingar frå framtida. Så er planen å laga ei levande krønike om vinter-OL? Vil det koma eit band 3 om komande vinter-OL?
Åtte OL
Dette bandet er altså krønika om dei åtte siste OL, som likevel til saman, frå norsk perspektiv, også utgjer ei meiningsfull historieforteljing: Det var frå og med Albertville og Lillehammer den norske oljeøkonomien gjorde at Noreg for andre gong «viste verda vintervegen»: ei triumfhistorie frå og med Bjørn Dæhlie og Kjetil André Aamodt via Ole Einar Bjørndalen til Marit Bjørgen.
Dessutan vert krønikesjangeren broten ved at kvart OL-kapittel er innleidd med ei kartlegging av det særmerkte ved kvart OL og ei drøfting av nye OL-trendar, særleg denne pandemien av nye OL-øvingar: 57 i Albertville, som veks til 102 i Pyeongchang. Snart kjem vel snøballkasting med? Og sparkstytting?
Men for det meste er det krønikesjangeren som rår grunnen. Alle øvingane vert gjennomgåtte detaljert og oppramsande, slik at vi får vita om alle medaljevinnarane og korleis dei vann eller ikkje vann. Men ikkje mykje om kvar einskild, og nokså overflatisk for at alle skal koma med.
I tillegg vert dette overflødiggjort ved at kvart OL-kapittel avsluttar med eit medaljeoversyn. Slik at ein til dømes kan få greie på at i 1998 var medaljevinnarane i aking, single menn: 1. Georg Hackl, Tyskland 2. Armin Zöggeler, Italia 3. Jens Müller, Tyskland. Medan heile boka vert avslutta med meir utfyllande resultatlister.
Historiske epos
Kvart OL-kapittel inneheld òg to heroiske epos der vi får lengre karrierebiografiar for utvalde idrettsheltar, med balansert nasjonalisme: kvar gong ein utlending og ein frå Noreg. Der lærer vi mykje om Bonnie Blair og Vegard Ulvang (Albertville), Johann Olav Koss og Myriam Bédard (Lillehammer), Bjørn Dæhlie og Katja Seizinger (Nagano), Janica Kostelic og Pål Trulsen (Salt Lake City), Maya Pedersen og Kjetil André Aamodt (Torino), Charlotte Kalla og Simon Ammann (Vancouver), Ole Einar Bjørndalen og Ireen Wüst (Sotsji) og Martin Fourcade og sjølvsagt Marit Bjørgen (Pyeongchang).
Desse heltebiografiane har vanleg form: Dei skildrar ei utvikling gjennom motgang («den mørke tida») til rettferdig triumf. Slik heile OL-historia frå 1992 til 2018 handla om det same for Noregs vedkomande.
No veit lesarane kven denne boka er laga for.
Det ein kan spørja seg, er om ikkje slike bøker no er gjorde overflødige av internettet. Alle desse faktaopplysningane kan ein finna der. I 1986 hadde Hvem Hva Hvor eit opplag 115.000. I dag er det berre 6000.
Arild Pedersen
Arild Pedersener professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ein kan spørja seg, er om ikkje slike bøker no er gjorde overflødige av internettet.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.