Om å skape forståing på tvers av grenser
Spørsmålet er om bokideen om å reise og oppsøke stader i Noreg knytte til Nansenstraße, Framstraße, Stalheimstraße og så vidare er god nok.
Sakprosa
Jørgen Norheim og Alexander Haüsser:
Norwegerstraße. Frå Berlin til Stalheim via Nordkapp
Samlaget 2019
Det er ikkje lett å skrive reiseskildring. For det første skal sjangeren makte å kombinere sjølve reiseskildringa med essayistiske refleksjonar og funderingar. For det andre er lista for sjangeren lagd høgt om ein tenkjer på for eksempel Aasmund Olavsson Vinje eller John Steinbeck. Begge desse forfattarane fungerer som referansepunkt i boka Norwegerstraße av Jørgen Norheim og Alexander Häusser, og tidvis greier dei to forfattarane å skrive på ein måte som minner om førebileta. Grunnideen i reiseboka deira er å ta utgangspunkt i dei «norske» gatenamna i Berlin, for så på meir eller mindre tilfeldig og essayistisk vis å la reisa i Noreg svinse innom stader som er knytte til desse namna. Namnet Bjørnsonstraße frå Pankow i Berlin, for eksempel, kan såleis føre dei to kompisane til Bjørnsons gard Aulestad.
Tanken om å undersøke dei historiske røtene til gatenamn er i og for seg ikkje dum: Gatenamn heng saman med si tid, og det er knapt tilfeldig at dei «norske» gatenamna i Berlin i hovudsak oppstår i tida til keisar Vilhelm 2., som sverma for Noreg som knapt nokon før eller sidan. Det er lovande når boka opnar med ein intensjon om å avdekke slike lag av historie som nedfeller seg i tilsynelatande uviktige detaljar. Spørsmålet er om bokideen om å reise og oppsøke stader i Noreg knytte til Nansenstraße, Framstraße, Stalheimstraße og så vidare er like god. Mistanken melder seg raskt om at det blir vel myke kompistur, kaffi og vaflar og mindre av dei kvalitetane som utgjer god essayistisk reiselitteratur. Dialogen mellom dei to reisande når sjeldan store høgder.
Kulturell dialog
Likevel manglar det ikkje på oppløftande tendensar. Kanskje er det til sist eit velfundert grep at dialogen i bilen er knapp.
Det er nemleg ikkje her dei kulturhistoriske refleksjonane får utspele seg, men i innmonterte tekstar skrivne av dei to forfattarane. Slik oppstår ei spenning mellom det Norheim og Häusser snakkar om i bilen, det dei ser og opplever der, og det dei eigentleg tenkjer og skriv. Dei to har rett nok ein jovial og hyggeleg tone, men tekstane deira avslører to svært forskjellige drivkrefter.
Häussers prosjekt er personleg, han er på jakt etter å forstå far sin, som var stasjonert på Herdla utanfor Bergen under den andre verdskrigen, og som sidan i løynd la seg opp pengar for å kunne reise tilbake til sitt elska Noreg. Norheim har eit meir kulturfilosofisk prosjekt: Han vil bryte gjennom det etablerte biletet av Noreg som ei projeksjonsflate for tysk-romantiske draumar og lengslar og heller vise fram det trivielle, men verkelege Noreg.
Den største kvaliteten i boka ligg etter mi meining nettopp i at ho viser fram kommunikasjonen mellom dei to venene som noko som tidvis lukkast, men like ofte ikkje lukkast. Slik set teksten i scene ein kulturell dialog mellom det norske og det tyske som syner kor tett samanvovne dei to kulturane er, samstundes som han synleggjer barrierar som hindrar forståing. Boka og prosjektet står slik fram som relevant i ei tid då Europa er i ferd med å definere seg sjølv på nytt, og behovet for slike dialogar på tvers av grenser er aukande.
Lyspunkt
Forfattarane lukkast likevel best når dei tek steget vekk frå kjendisar i historia som Ibsen, Grieg og Nansen og introduserer personar som er gløymde eller oppheld seg i periferien. For eksempel stiller forteljinga om polarheltane Hjalmar Johansen og Eivind Astrup på interessant vis den nasjonale forteljinga om Nansen og Amundsen i nytt lys og gjer i alle fall meg nysgjerrig på å finne ut meir: Kvifor vart Johansen og Astrup drivne til å ta sitt eige liv? Kva skjuler seg bak glansbiletet av Nansen og Amundsen som symbol på særeigne norske kvalitetar som uthald, mot og eventyrtrong? Var det norske polareventyret fjernstyrt frå Tyskland med Nansen og Amundsen som marionettar i ei tysk-romantisk eventyrforteljing?
Trass i slike lyspunkt er det ei bok som haltar. Det er ein lang veg som skal tilbakeleggast, med mange stoppestader frå Oslo via Nordkapp til Stalheim, og det skal ein del til for å halde på interessa til lesaren så lenge. For ofte blir forteljarstemma til Norheim lærarprega samstundes som han litt for sjeldan trenger så djupt ned i kulturhistoria til at det blir verkeleg spanande. For eit tysk publikum er nok mange av refleksjonane og informasjonane interessante, men for ein norsk lesar blir det heile som å gå på leiting etter perler i noko som synest å vere ei litt for lang reise.
Birger Solheim
Birger Solheim er førsteamanuensis i tysk ved Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dialogen mellom dei to reisande når sjeldan store høgder.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.