JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om å stilla metafysiske ­spørsmål med lita von om svar

Ei ny bok viser at ein kan stilla spørsmål med utbyte og ha undringa i behald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Einar Duenger Bøhn viser på same vis som Aristoteles til ei barnsleg undring. Målarstykket syner Aristoteles og Platon (i midten) måla av Rafael.

5540
20210618
5540
20210618

Sakprosa

Einar Duenger Bøhn:

Hva er metafysikk

Universitetsforlaget

Universitetsforlaget har fortenestefullt gåande ein folkeopplysingsserie som heiter «Hva er…», korte og enkle introduksjonsbøker som rettar seg mot studentar og alle andre som har spørsmål rundt et aktuelt tema.

Så langt er det kome 75 slike bøker, der den siste altså handlar om metafysikk, eit 3000 år gamalt emne, noko som ikkje er til hinder for at det er aktuelt i dag. Etikk, ein annan filosofisk disiplin, som det òg er kome ei slik bok om, og som er like gamal, har dei siste åra vore særs aktuelt. Ja, etikkstudentar kan til og med ha von om gode jobbar i ulike etiske komitear.

Derimot er etterspurnaden etter metafysikarar lik null. Til gjengjeld kan ingen i dag plaga andre med metafysikk, slik ein kan med moraliserande etikk. Jau, Descartes hadde i si tid ein metafysikk som gjorde det mogeleg å dissekera dyr medan dei enno var i live. Men i dag er metafysikk heilt utan praktiske konsekvensar. Så denne innføringsboka kan ein lesa berre for si eiga skuld.

Og då kunne ein ikkje fått betre innførar enn Einar Duenger Bøhn, som ikkje berre er ein dyktig professoral akademisk filosof, men òg ein – i positiv forstand – «agora»-filosof, altså ein som formidlar faget sitt på «torget», til dømes gjennom ein podkast saman med pønkaren Kristopher Schau. Sjølv brukar han motorsykkel både til transport og som metafysisk eksempel.

Barnsleg undring

Kva metafysikk er? Innleiingsvis rettferdiggjer Bøhn interessa for dette på same vis som Aristoteles, ved å visa til ei barnsleg undring som gjer at ein «er ute etter å forstå og forklare grunnlaget for virkeligheten, både her og nå og bakover i tid, samt hvordan det grunnlaget forholder seg til resten av virkeligheten. Metafysikken er slik sett ute etter et grunnleggende, generelt og ikke minst tidløst verdensbilde».

Spesielt for metafysikk er at det første spørsmålet i faget er om det i det heile er mogeleg å finna svar på fagets spørsmål, noko Bøhn drøftar i eit første kapittel. Sjølv har han eit ambivalent-optimistisk syn: Ein kan forbetra sjølve spørsmåla og gje dei djupne og dessutan avsløra dårlege svar. Men kan vi gje endelege svar?

Den norske metafysikaren Hermann Cappelen meiner ja, og trur slike alt finst, berre at vi enno ikkje har funne dei. Ikkje ulikt Oxford-metafysikaren Timothy Williamson, som meiner han har bevist at det er eit bestemt augeblikk når fjerning av eit sandkorn gjer at ein sandhaug ikkje lenger er ein haug. Berre at det er umogeleg å få kjennskap til det.

Historisk er det derimot eit faktum at metafysikk har hatt den positive funksjonen å vera ein kritisk utdrivar av religion, gjennom kravet om fornuftige grunngjevingar, og ved å gje eit alternativt «tidløst verdensbilde». Dinest ein pådrivar for vitskap. Men i dag er det berre islam som slåst mot sekularisering, medan vitskapen er sjølvgåande.

Og metafysikarane, bortsett frå dei med motorsykkel, lever innestengde liv på universitet og seminar, der dei byggjer karrierar ved å laga særeigne metafysiske fagtermar og tankeeksperiment som vert siterte av andre metafysikarar.

Fanga i språket

Det er òg eit faktum at ingen av desse metafysiske teoriane nokon gong har vore i nærleiken av å få oppslutnad, slik vitskapelege teoriar får. Dei heng i lause lufta og kan ikkje testast. Aristoteles vart ikkje overtydd av Platon. Spinoza ikkje av Descartes, Leibniz ikkje av Spinoza, Kant ikkje av Leibniz, Hegel ikkje av Kant, og så bortetter.

Wittgenstein meinte at metafysikarar var fanga inne i ei flaske, det vil seia språket, utan å finna vegen ut. Noko Francis Bacon alt hadde peika på: Dei var fanga av «torgets» – denne gongen i negativ forstand – illusjon: at ein fagterm gjev illusjonen av å måtte visa til noko verkeleg. Dagens metafysikarar er eit slag nyskolastikarar av same slag som dei Holberg gjorde narr av.

Dette vert ufriviljug demonstrert i dei påfølgjande kapitla i boka, der Bøhn ser på spørsmål om røyndomens opphav, kva han er laga av, og korleis han er samansett. Dessutan eit kapittel om identitet der han brukar motorsykkelen sin: Om han etter kvart byter ut alle delane, er det då den same sykkelen? Heldigvis kan biltilsynet svara på dette: Så lenge dei ikkje krev kostbar nyregistrering, er det vel same sykkelen?

Forfriskande

Likevel er Bøhn sjølv ingen nyskolastikar. Det er noko forfriskande over måten han utdjupar dei ulike metafysiske spørsmåla på, utan å kvela dei. Sjølv eg merkar at eg får vekt til live sovande delar av den rasjonelle kapasiteten min. Så denne boka gjev god tanketrening, slik sjakk gjer det.

I tillegg, og ulikt andre av dagens metafysikarar, som trur metafysikk kan gje like gode svar som vitskap, klarer Bøhn å halda ved like den friske undringa over det rare i metafysiske spørsmål. Eit siste kapittel heiter då også «Det rareste av alt», der han spør om kva slike rare ting som medvit, fri vilje og verdiar er. Men utan å finna svar.

Ikkje rart at han til slutt er noko frustrert: «men når de metafysiske spørsmålene først er stilt, så er katta sluppet ut av sekken. Da har vi ikke annet valg enn å starte jakten».

Tja. Men min rett nok no avlidne katt var aldri i ein sekk og fekk vera frittgåande utan å verta jakta på. Og det gjorde oss båe glade.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Denne boka gjev god tanketrening, slik sjakk gjer det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis