JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om kjeldene til religionsfridom

Robert Louis Wilken skriv ikkje heilt overtydande om påstått kristen toleranse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Locke grunngav religionsfridom naturrettsleg, men umedvite inspirert av Tertullian.

Portrett måla av Godfrey Kneller i 1697 / Wikipedia

5827
20190719
5827
20190719

Sakprosa

Robert Louis
Wilken:

Liberty in the Things of God. The Christian Origins of Religious Freedom

Yale University Press, 2019

Dette er utfordrande tider for vår nasjonale (evangelisk-lutherske) kyrkje. Ifølgje grunnlovsendringane i 2012 er ho avskaffa som statskyrkje, men skal rett nok halda fram med å vera «Noregs folkekyrkje», direkte finansiert av staten, men på lik line med andre religions- og livssynssamfunn. Dessutan fekk Harald, ved eit konstitusjonelt kupp, igjennom at kongen framleis skal vera medlem av denne folkekyrkja. Kristendom, i heilt uspesifisert forstand, saman med ein like uspesifisert humanisme, skal dessutan vera Noregs verdigrunnlag, som gjennom Grunnlova skal sikra demokrati, rettsstat og menneskerettar.

Difor gjeld det å visa at denne kristendomen ikkje er i strid med humanismen, slik mange sekulære humanistar med kjennskap til religionskrigar trur. Ja, nokre kristendomsforsvararar er meir offensive, slike som trus- og livssynsminister Ropstad og biskopar som Nordhaug og Fiske, som går langt i å påstå at kristendomen, snarare enn sekularisme, er den opphavlege kjelda til demokrati og menneskerettar.

Tertullian

No er det nettopp publisert ei bok som kan brukast til støtte for eit slikt syn. Robert Louis Wilken er professor i kristendomshistorie ved University of Virginia, og har forska særleg på tidleg kristendom. I Liberty in the Things of God. The Christian Origins of Religious Freedom prøver han å bruka funn frå antikken i dagens debatt for å argumentera for at religionsfridom, og toleranse for andre religionar, ikkje har opphav i ei rasjonalistisk opplysningstid, men hos tidlege kyrkjefedrar, vidareført av einskilde kloke nyare teologar etter reformasjonen. Desse skal så igjen ha inspirert slike moderne forsvararar av religionsfridom som John Locke og Thomas Jefferson, som sjølv argumenterte ut frå naturrett, utan referanse til ein religiøs tradisjon. Med andre ord: ei gåvepakke til hardt pressa kristne i kampen mot dei sekulære humanistane.

Det er særleg to kyrkjefedrar Wilken byggjer på: Tertullian (160–220) og Lactantius (250–320). Båe understrekar at religion er eit spørsmål om fritt val, basert på eit indre samvits overtyding, noko som ikkje kan tvingast. Tekstene deira vert så brukte, etter reformasjonen, av (nokre få) kristne forkjemparar for religionsfridom. Tertullian seier: «Alle menneske bør ha rett til å tilbeda ut frå sine overtydingar; den religiøse praksisen til eitt menneske korkje skader eller hjelper eit anna. Religionen må ikkje tvinga på nokon ein praksis, for det er ved val og ikkje tvang vi bør leiast til religionen.» Ei god oppsummering som òg sekulære humanistar er samde i.

Gud skal døma

Men desse siste vil sjølvsagt kunne innvenda at dette vart skrive før Konstantin gjorde kristendom til statsreligion, altså medan Roma nettopp ville tvinga dei kristne til å underkasta seg den offisielle romerske religionen. Tertullian kunne difor mistenkjast for å skriva ut frå eigeninteresse og ikkje som universalist. Og slik toleranse vart ikkje brukt som prinsipp etter at kristendomen sjølv vart statsreligion, med forfølging av arianarar og donatistar.

Dette forklårar, og orsakar, Wilken med at dei kristne både vert freista og tvinga til ikkje å praktisera pålegg om religionsfridom som ein finn i sjølve Det nye testamentet, Matt 13,36–40, likninga om kveiten og ugraset, der Jesus ikkje vil luka ut ugras før åkeren skal haustast. Det er Gud som skal døma falske religionar, ikkje menneska. Dette koplar Wilken til Luk 22,35–38, der Jesus seier at «to sverd er nok», som Wilken ser i ljos av det kjende ordet om å gje keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til. Altså krav om eit tydeleg skilje mellom det verdslege sverdet, som berre kan tvinga verdsleg orden, og det åndelege sverdet. Mangel på religionsfridom kjem altså av samanblanding av desse to sverda: Religionen vert eit sverd for å halda på verdsleg einskap, og får til gjengjeld hjelp av det verdslege sverdet til å forsvara sitt monopol.

Etter reformasjonen

Vi veit jo korleis det vart i Noreg: Luther lét viljug religionen verta underordna verdslege prinsar. I 1774 innførte Kristian VI forbod mot at pietistiske sekter fekk halda religiøse møte. Og Grunnlova av 1814 nekta jødar og katolikkar opphald i landet. Først i 2012 vart det Kyrkjerådet, og ikkje Kongen i statsråd, som fekk utnemna bispar.

Wilken påstår likevel at det var etter reformasjonen Tertullians og Lactantius’ tankar om religionsfridom vart tekne opp. Særleg av di protestantismen vart fremja av kristne humanistar som Erasmus, Melanchthon og More, og av di protestantar gjenopplivar religion som noko personleg, knytt til samvitet: «Her står eg, og kan ikkje anna.» Altså kan ein til dømes ikkje tvinga anabaptistar til å verta kalvinistar.

Men sekulære humanistar kan igjen peika på at kristen humanisme kom frå renessansen, og at ønska om religionsfridom no vart like mykje tvinga av ytre omstende som i Romarriket på Tertullians tid.

På 1500- og 1600-talet hadde det kome så mange ulike religiøse sekter at forsøk på å undertrykkja dei til fordel for ein samfunnseinande religion vart sjølvmotseiande. Det førte til borgarkrig, slik som under Oliver Cromwell. Medan framvoksteren av ein vellukka handelskapitalisme, slik som i Nederlanda på slutten av 1600-talet, tydeleggjorde vinsten av religiøs toleranse og fred.

Boka inneheld likevel mykje spanande stoff og er godt skriven. Om biskopar og ministrar finn meir overtydande argument enn eg klarte å få auga på, er det ikkje meg imot.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka inneheld mykje spanande stoff og er godt skriven.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis