Om ytring, men mest om å ikkje ytra seg
Boka Hva er ytringsfrihet gjev god innføring i juridisk praksis kring paragraf 100, for studentar og lekfolk.
Anine Kierulf er førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er konstitusjonelle spørsmål, menneskerettar og ytringsfridom.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Sakprosa
Anine Kierulf:
Hva er ytringsfrihet
Universitetsforlaget
Anine Kierulf er ein jurist og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo som er mykje sett pris på. Ho fekk i 2015 Noregs forskingsråds formidlingspris «for å vere ei viktig og truverdig stemme i ålmenta i spørsmål som gjeld menneskerettar og ytringsfridom». Og ho dukkar stadig opp i Dagsnytt 18, der ho med tilsynelatande overtydande (for oss ikkje-juristar) juridisk språk fjernar forvirring (hos oss ikkje-juristar).
Ikkje rart at ho nyleg vart oppnemnd av Kunnskaps-
departementet til leiar av ei ekspertgruppe for akademisk ytringsfridom. Heller ikkje rart at ho no har kome med ei bok i «Hva er»-serien om nettopp ytringsfridom.
Der skal ho greia ut «Hva går den ut på? Hvorfor og hvordan er den beskyttet? Hvordan forholder den seg til andre verdier, og hva begrenser den? Målet med boken er å forklare hvorfor ytringsfriheten i Norge er som den er». Men berre så det er sagt med ein gong: Ytringsfridom, som Kierulf sjølv gjer merksam på, er ikkje eit tema berre for juristar: Det kan studerast «historisk – når og hvordan oppstod ytringsfriheten? Eller idéhistorisk og filosofisk – hvorfor oppstod tanken om denne rettigheten? Og hvordan har ytringsfriheten endret seg, hva har påvirket dens begrunnelser og begrensninger?». Dessutan politisk og religiøst.
Fasitsvar
Kierulf held seg for det meste til sin nasjonale juridiske lest. Dette er jo eit fag som har den føremonen, i motsetnad til andre fag, at det har fasitsvar, nemleg gjennom prejudikat og domsavgjerder i høgste rettsinstans. Det gjer at boka særleg har karakter av å vera ei god lærebok for jusstudentar, sjølv om vi leke òg treng slik opplysing.
Men rett skal vera rett, særleg for ein jurist: Kierulf har eit innleiande kapittel som heiter «Hva er egentlig ytringsfrihet?», der ho går ut over jusen, og drøftar seg til dømes fram til at tankefridom er meir grunnleggande enn ytingsfridom: Den første er absolutt, i motsetnad til den siste, som har avgrensingar, både juridisk og moralsk.
Men til det kan ein innvenda at tankefridom utan ytringsfridom vert sjølv avgrensa. Sjå berre i Orwells 1984. Og Spinoza seier, noko ironisk: «For ikkje eingong dei dyktigaste statsmenn, og endå mindre vanlege menneske, har evne til tagnad. Det er ein universell feil med folk at dei kommuniser tankane sine til andre, uavhengig av kor mykje dei burde (av og til) halda munn.»
Jau, Kierulf trekkjer fram opplysingstida som opphav til ytringsfridom, men skriv ikkje særleg mykje om kva som den gong, men også i dag, var ytringsfridomens fiende: religion og einevelde. Og no supplert med woke-fanatisme.
Tolking
Dinest kjem eit kapittel der ho også meir generelt enn berre juridisk drøftar tolkingsproblematikk. Jus er eit tolkingsfag, og det er sjølvsagt relevant når ein skal studera ytringar, som er ulike slag uttrykk for intensjonar. Undervegs ser ho på mange ulike ytringar som kan vera vanskelege å tolka, til dømes humoristiske ytringar.
Så følgjer eit kapittel om grunngjevingar for ytringsfridom, som ligg innebygd i paragraf 100, ytringsfridomsparagrafen i Grunnlova. Der gjer ho greie for tre slike: at ytringsfridom er ein føresetnad for demokrati, for leiting etter sanning i politikk og vitskap, og for varetaking av sjølvstendet til den einskilde. I tillegg forsvarar ho det ho kallar skepsisargumentet, som er eit forsvar mot førehandssensur: Ingen kan vita på førehand at ei ytring er usann eller farleg.
Eit fjerde kapittel handlar om korleis ytringsfridom kan vernast gjennom til dømes kjeldevern, demonstrasjonsvern og kunnskapsbasert ålmente. Dessutan er det altså rettsleg vern i paragraf 100, og ikkje minst i den europeiske menneskerettsdomstolen. Undervegs får Kierulf òg med problema knytte til slikt vern. Kor store ressursar skal samfunnet bruka på å forsvara kontroversielle demonstrasjonar?
Avgrensing
Så langt er alt vel. Her vert ytringsfridomen godt forsvara. Men så kjem tre kapittel som til saman utgjer om lag halve boka, og som for meg er deprimerande lesnad. Nei, det er ikkje Kierulfs skuld. Det kjem av norsk kultur og lovgjeving.
I desse kapitla får vi nemleg grundig gjennomgått korleis ytringsfridomen skal avgrensast. Her kan vi i bakgrunnen ana ei typisk norsk utsegn: «Eg er sjølvsagt for ytringsfridom, men…» Omtrent som når kristne fråhaldsfolk seier: «Vi veit at Jesus laga vin, men vi likar det ikkje.» Er ein tilstrekkeleg illiberal, kan ein finna mange gode grunnar til slik avgrensing.
I denne bolken har Kierulf først eit kapittel som tek for seg ikkje-juridiske avgrensingar, slike som manglande evne til å uttrykkja seg, folkeskikk, etiske reglar og saklegdom, før ho endeleg kan bruka to kapittel på å gå gjennom dei rettslege avgrensingane, som vel er mest interessant for juristar og lovande mat for advokatar.
Problemet er at vi i dag har eit utvida, men uklart skadeprinsipp: «Vi begrenser ikke bare ytringer som kan gjøre skade på noens kropp, men også på deres psyke eller følelsesmessige integritet.» Til dømes gjennom den omdiskuterte paragraf 185 i straffelova, den såkalla hatparagrafen. Vi er jo ulikt kjenslevare. Nordlendingar, som eg, noko retten har slege fast, toler til dømes å verta karakteriserte ved hjelp av hingstens kjønnsorgan. Slik ikkje med austlendingar.
Her skal det seiast at Kierulf heile vegen drøftar pro og kontra, med mykje bruk av konkretiserande eksempel, og på eit vis som ikkje legg opp til dei fasitsvara domstolar gjev. Slik kan boka gje grunnlag for innspel også frå dei (nordlendingar) som framleis vil utvida ytringsfridomen.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kierulf held seg for det meste til sin nasjonale juridiske lest.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.