Openberring
Åshild Tveit skriv personlege og nære dikt om sjukdom.
Åshild Tveit debuterer som lyrikar.
Foto: Rune Hammerstad
Dikt
Åshild Tveit:
Stråle 3
Lyrikkforlaget
Åshild Tveit (f. 1971) debuterer som lyrikar med Stråle 3. Det er ein sein debut, som det heiter, men det er ikkje noko gale i det, særleg ikkje i eit land der debutantane berre vert yngre og yngre.
Som tittelen indikerer, krinsar boka om sjukdom og kreft, framført i enkle og upretensiøse vers, men likevel verknadsfullt og gripande. Opningsdiktet er eit av dei beste i samlinga, og det slår an eit velkjent motiv i kunst- og litteraturhistoria, dødsdansen eller danse macabre – særleg Hans Holbein nytta dette motivet i ei rekkje framifrå tresnitt og trykk: «Eg dansar tango/ med døden/ meg og han/ han held meg melankolsk i armane sine/ og let meg gråte.»
«Tveit nyttar mange metaforar i boka, ofte med god poetisk verknad.»
Avstand
Alt er personleg og nært, men samstundes etablerer ho såpass stor avstand mellom forfattar og verk at sjukdomshistoria ikkje vert for påtrengjande. Det er flott at Tveit er så open og ærleg om den alvorlege sjukdomen.
I boka Illness as Metaphor (1978) går den amerikanske forfattaren Susan Sontag, som sjølv var kreftpasient, til åtak på myteskapinga kring sjukdom. Det er metaforane som opphavleg vart nytta til å forklåra sjukdomane, som er fyrste årsaka til mytologiseringa.
For det latinske ordet cancer tyder eigenleg kreps. Og då er ikkje vegen lang til oppfatningar om straff og skuld, som sjølvsagt legg ytterlegare stein til børa for den sjuke.
Som Sontag seier: «Sykdom er livets nattside, et mer byrdefullt statsborgerskap. Enhver som fødes, er borger av to riker, de friskes rike og de sykes.» Ifølgje Sontag er det tuberkulose og kreft som er mest nedtyngd av biletleg maskering, og difor mest råka av mystifisering og tabu.
Metaforar
Tveit nyttar jo mange metaforar i boka, ofte med god poetisk verknad, til dømes i «Kreftavdelinga»: «Tru ikkje/ at det er fred i dette landet!/ her finst ei slagmark/ ikkje ulik den i Afghanistan/ der ein krig vert kjempa/ strategiar lagt opp.»
No er ikkje avstanden til Sontag så stor som ein skulle tru, for det Sontag vil, er å gjera oss merksame på rolla metaforar og språkbruk speler i måten vi tenkjer om sjukdom på. Og med Åshild Tveit tenkjer vi kanskje til slutt annleis: «På den andre sida har me ikkje ord/ me snakkar med eit anna språk/ viss det er noko me vil seie/ då seier me det/ med rein kjærleik.»
Openberring, ikkje fortrenging, er sjølve prinsippet bak skrifta til Tveit, og det tykkjer eg er noko av det mest sympatiske med debutboka.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.